{"id":3476601,"date":"2007-12-21T22:05:56","date_gmt":"2007-12-21T22:05:56","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/12\/meir_om_per_sivle3476601\/"},"modified":"2007-12-21T22:05:56","modified_gmt":"2007-12-21T22:05:56","slug":"meir_om_per_sivle3476601","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir_om_per_sivle3476601\/","title":{"rendered":"Meir om Per Sivle"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r skreiv om teksten til \u00c5lg\u00e5rdssangen av Per Sivle. Boka **Eit halvt liv** av Alfred Fidjest\u00f8l l\u00e5nte eg p\u00e5 biblioteket i Valle i haust. P\u00e5 380 sider har han teikna biletet av denne skalden som skreiv **Den fyrste song**, **Berre ein hund** og mange andre av tekstane som var ein del av oppveksten min.<\/p>\n<p>Men korleis gjekk det for Sivle p\u00e5 denne festen i 1895, diktaren som heile livet sleit med alkoholen? Eg siterer fr\u00e5 boka side 307:<\/p>\n<p>&#8220;Sivle blei sj\u00f8lvsagt invitert til festen, diktet hans skulle syngjast under festmiddagen. Ola Stueland (fr\u00e5haldsleiaren som hadde skaffa hus Sivle kunne leige denne sommaren) \u00e5tvara Sivle p\u00e5 det sterkaste mot \u00e5 reise, han frykta for alkoholserveringa p\u00e5 festen. Sivle trudde nok han skulle st\u00e5 han av.<\/p>\n<p>Grunnleggjaren Ole Nielsen var sj\u00f8lv for sjuk til \u00e5 delta, men 400 gjester var m\u00f8tte fram for \u00e5 heidre livsverket hans. Heile Sandnes flagga, Stavanger musikkorps spelte taffel. Halv tre gjekk gjestene til bords, bordsetet varte i timevis. Det blei ei endelaus rekkje med talar. Sivles ven lensmann \u00d8verland var mellom festtalarane. Dei song Sivles kantate, og inspirert av stunda tok Sivle sj\u00f8lv ordet og heldt ein spontantale der han las diktet &#8220;Erling Skjalgson&#8221; og knytte, if\u00f8lgje referatet i Stavanger Avis, &#8220;en stemningsfuld Sammenligning mellom Ole Nielsen og Erling Skjalgson: Som Erling havde gjort frie \u00f8konomisk selvst\u00e6ndige Borgere af sine Tr\u00e6lle p\u00e5 Sola, s\u00e5ledes havde Aalgaardsgubben givet sine Arbeidere Livsvilkaar, som bringede Frihed og \u00f8konomisk Velv\u00e6re.<\/p>\n<p>Kontorsjefen ved fabrikken heldt hovudtalen og avslutta med \u00e5 &#8220;bede mine Damer og Herrer med mig l\u00f8fte Glasset&#8221;. Sivle gjorde som han blei beden om. Han l\u00f8fta glasset. Han sk\u00e5lte for fabrikken. Han drakk. Det gjekk som Stueland hadde frykta. Sivle gav alkoholen veslefingeren. Og alkoholen reiv heile mannen til seg. Sivle hamna p\u00e5 rangel igjen, han braut opp fr\u00e5 Hana og forsvann.<\/p>\n<p>Ola Stueland visste ikkje kvar Sivle hadde teke vegen. Inntil han trefte han tilfeldig p\u00e5 gata i Stavanger. D\u00e5 var Sivle s\u00f8rpe full. &#8221;<\/p>\n<p>Heile livet sleit han med alkoholisme.<\/p>\n<p>Du finn meir om Per Sivle p\u00e5 Wikipedia: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Per_Sivle<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r skreiv om teksten til \u00c5lg\u00e5rdssangen av Per Sivle. Boka **Eit halvt liv** av Alfred Fidjest\u00f8l l\u00e5nte eg p\u00e5 biblioteket i Valle i haust. P\u00e5 380 sider har han teikna biletet av denne skalden som skreiv **Den fyrste song**, **Berre ein hund** og mange andre av tekstane som var ein del av oppveksten min. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir_om_per_sivle3476601\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om Per Sivle<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3476601","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3476601"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3476601"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3476601\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3476601"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3476601"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3476601"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}