{"id":3439810,"date":"2007-12-13T19:59:20","date_gmt":"2007-12-13T19:59:20","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/12\/sang_til_forjolsfest3439810\/"},"modified":"2007-12-13T19:59:20","modified_gmt":"2007-12-13T19:59:20","slug":"sang_til_forjolsfest3439810","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sang_til_forjolsfest3439810\/","title":{"rendered":"Sang til f\u00f8rjolsfest"},"content":{"rendered":"<p>Sundag kveld fekk eg sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 \u00c5nund K. om eg hadde h\u00f8ve til \u00e5 vere med p\u00e5 jolem\u00f8te i Valle pensjonistforening torsdagskvelden. Det svara eg ja til, og fr\u00e5 halv fem til \u00e5tte i kveld var eg der. H\u00e5vard Viki hadde andakt og eg las fr\u00e5 Ajax. Han har mange fine sm\u00e5 stykke relatert til jol.<\/p>\n<p>Ein fest treng ein song for h\u00f8vet, s\u00e5 eg valde \u00e5 skrive ein f\u00f8rjolssong vi kunne syngje i lag. Den vart vel motteken, og om lag 25 personar song den saman i kveld. Eg legg han ut p\u00e5 bloggen, s\u00e5 kan han kanskje verte til glede for deg som les bloggen ogs\u00e5.<\/p>\n<p>**Sang til f\u00f8rjolsfest**<br \/>\n**Valle pensjonistforening**<\/p>\n<p>Melodi: Gj\u00f8r d\u00f8ren h\u00f8y<\/p>\n<p>No stundar det mot jol igjen,<br \/>\nsnart sola snur og stig om senn.<br \/>\nI Valle vakker adventstid<br \/>\nsnart m\u00f8ter joleh\u00f8gtid blid.<\/p>\n<p>Me jol har feira mange \u00e5r,<br \/>\nfor oss ho fast i minnet st\u00e5r<br \/>\nei tid s\u00e5 kj\u00e6r, til denne dag<br \/>\nmed jolebakst av mange slag.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 barne\u00e5r d\u00e5 g\u00e5ver sm\u00e5<br \/>\nme gav og fekk, og heilt til n\u00e5<br \/>\nei h\u00f8gtid kj\u00e6r det vore har<br \/>\nog best det var hj\u00e5 mor og far.<\/p>\n<p>I jola \u00e5t me nepespa,<br \/>\nsong jolesong, var hjartegla\u0092.<br \/>\nDen same mat er viktig enn,<br \/>\nmen jolesongen, kva med den?<\/p>\n<p>Lat oss den finne att p\u00e5 ny<br \/>\nog saman syngje h\u00f8gt i sky<br \/>\nein jolesong om fred p\u00e5 jord,<br \/>\nja, lat oss syngje den i kor!<\/p>\n<p>\t13. desember 2007\tHarald Haugland<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sundag kveld fekk eg sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 \u00c5nund K. om eg hadde h\u00f8ve til \u00e5 vere med p\u00e5 jolem\u00f8te i Valle pensjonistforening torsdagskvelden. Det svara eg ja til, og fr\u00e5 halv fem til \u00e5tte i kveld var eg der. H\u00e5vard Viki hadde andakt og eg las fr\u00e5 Ajax. Han har mange fine sm\u00e5 stykke relatert til &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sang_til_forjolsfest3439810\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sang til f\u00f8rjolsfest<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3439810","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3439810"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3439810"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3439810\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3439810"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3439810"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3439810"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}