{"id":3356946,"date":"2007-11-26T21:43:05","date_gmt":"2007-11-26T21:43:05","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/11\/heile_dalen_7_desember_fra_evje_radio3356946\/"},"modified":"2007-11-26T21:43:05","modified_gmt":"2007-11-26T21:43:05","slug":"heile_dalen_7_desember_fra_evje_radio3356946","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/heile_dalen_7_desember_fra_evje_radio3356946\/","title":{"rendered":"Heile dalen 7. desember fr\u00e5 Evje Radio"},"content":{"rendered":"<p>I kveld fekk eg ein epost fr\u00e5 Kjell Omland i Evje Radio. Dei har eit f\u00f8rjolslotteri som skal starte fredag 7. desember, s\u00e5 dei lurte p\u00e5 om vi kunne finne ei ordning med deling av kvelden eller om dei kunne f\u00e5 ha heile kvelden. Eg sa at eg m\u00e5tte kontakte Helge Dahle, som er sett opp til \u00e5 ha ansvaret for denne kvelden.<\/p>\n<p>S\u00e5 fann eg mobilnummeret hans, og plutseleg var eg i Amerika.<\/p>\n<p>-Vi er utanfor Kansas City, vi har med opptakar og lagar nokre opptak n\u00e5r vi er her, det er eg og Edvin Brottveit, sa han p\u00e5 ei linje som var like kl\u00e5r som om han skulle ha vore i Valle.<\/p>\n<p>Eg la fram ynskjet fr\u00e5 Evje Radio, og han var samd med meg om at det var greitt at dei fekk heile kvelden. Opptaka skulle han nok finne plass til.<\/p>\n<p>-Men vi m\u00e5 snakke saman om n\u00e5r tid eg kan ha sending, for eg jobbar i Korea no, sa han.<\/p>\n<p>D\u00e5 tenkte eg at verda er blitt lita no og at ein finn setesd\u00f8lar alle stader, men det sa eg ikkje i telefonen. Eg helsa han ein god dag i USA og la p\u00e5.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 er situasjonen den at fredag 7. desember &#8211; handledagen &#8211; g\u00e5r sendinga fr\u00e5 Evje Radio. Inga var sett opp som teknikar og Ingebj\u00f8rg Ellinor som telefonvakt, dei f\u00e5r og fri den kvelden. Men sendinga onsdagskvelden 5. desember g\u00e5r etter oppsett plan om ikkje dei som er sette opp har bytta noko innbyrdes. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld fekk eg ein epost fr\u00e5 Kjell Omland i Evje Radio. Dei har eit f\u00f8rjolslotteri som skal starte fredag 7. desember, s\u00e5 dei lurte p\u00e5 om vi kunne finne ei ordning med deling av kvelden eller om dei kunne f\u00e5 ha heile kvelden. Eg sa at eg m\u00e5tte kontakte Helge Dahle, som er sett &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/heile_dalen_7_desember_fra_evje_radio3356946\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Heile dalen 7. desember fr\u00e5 Evje Radio<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3356946","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3356946"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3356946"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3356946\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3356946"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3356946"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3356946"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}