{"id":3303643,"date":"2007-11-15T23:21:56","date_gmt":"2007-11-15T23:21:56","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/11\/passar_best_pa_radio3303643\/"},"modified":"2007-11-15T23:21:56","modified_gmt":"2007-11-15T23:21:56","slug":"passar_best_pa_radio3303643","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/passar_best_pa_radio3303643\/","title":{"rendered":"Passar best p\u00e5 radio"},"content":{"rendered":"<p>I dag var det eit innslag p\u00e5 S\u00f8rNytt fr\u00e5 S\u00f8rlandet Sykehus Mandal om rehabiliteringsprosjektet som dei har der. Innslaget varte eit par minutt (eg s\u00e5g det ikkje sj\u00f8lv, men kona hadde sett det og meinte det varte s\u00e5 lenge). For \u00e5 lage innslaget var ein journalist fr\u00e5 NRK S\u00f8rlandet til stades p\u00e5 sjukehuset fr\u00e5 klokka 0915 til klokka 12. Ho filma fr\u00e5 ein undervisningstime som Vegard Nilsen hadde for gruppa, og deretter fr\u00e5 ein treningstime gruppa hadde.<\/p>\n<p>To minutt p\u00e5 TV og eit innslag i S\u00f8rlandssendinga p\u00e5 radio set litt i perspektiv alt arbeidet som ligg bak det vi h\u00f8yrer og ser i massemedia. Sj\u00f8lv har eg for lenge sidan funne ut at eg ut at eg passar best p\u00e5 radio, s\u00e5 eg gjorde mitt beste for ikkje \u00e5 verte med p\u00e5 opptaket, sj\u00f8lv om eg var til stades d\u00e5 det skjedde.<\/p>\n<p>Takk til Knut Olav Uppstad for lenke til den nye foreninga Kostreform ved overvekt og sukkersykdommer. Eg sperra opp augo d\u00e5 det i dag kom ein ny artikkel p\u00e5 wikipedia om det same temaet: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Foreningen_Kostreform_ved_overvekt_og_sukkersykdommer  I den artikkelen kjem det fram at foreninga arbeider for endring av kosten som ei motsetning til Norges Diabetesforbund, som er meir oppteken av at pasientar skal f\u00e5 insulin og medisinar p\u00e5 bl\u00e5 resept. Den mest profilerte i den nye foreninga er nok Fedon Lindberg http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Fedon_Lindberg<\/p>\n<p>S\u00e5 langt eg kan finne ut, er dette mykje av det same som dei meiner p\u00e5 S\u00f8rlandet Sykehus Mandal, der ein fokuserer p\u00e5 sunt kosthald og fysisk aktivitet for \u00e5 ta kontroll over eigen diabetes, eiga overvekt og eige liv. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag var det eit innslag p\u00e5 S\u00f8rNytt fr\u00e5 S\u00f8rlandet Sykehus Mandal om rehabiliteringsprosjektet som dei har der. Innslaget varte eit par minutt (eg s\u00e5g det ikkje sj\u00f8lv, men kona hadde sett det og meinte det varte s\u00e5 lenge). For \u00e5 lage innslaget var ein journalist fr\u00e5 NRK S\u00f8rlandet til stades p\u00e5 sjukehuset fr\u00e5 klokka &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/passar_best_pa_radio3303643\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Passar best p\u00e5 radio<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3303643","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3303643"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3303643"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3303643\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3303643"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3303643"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3303643"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}