{"id":3241397,"date":"2007-11-03T20:36:46","date_gmt":"2007-11-03T20:36:46","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/11\/hans_ross_sin_larar3241397\/"},"modified":"2007-11-03T20:36:46","modified_gmt":"2007-11-03T20:36:46","slug":"hans_ross_sin_larar3241397","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hans_ross_sin_larar3241397\/","title":{"rendered":"Hans Ross sin l\u00e6rar"},"content":{"rendered":"<p>I minneordet over Hans Ross som Torleiv Hannaas skreiv, refererer han noko om l\u00e6raren som Ross hadde d\u00e5 han gjekk p\u00e5 Kristiansand Katedralskule. Det var lektor Ole Christian Thistedal. Om han skriv Hannaas:<\/p>\n<p>Daa Hans fekk alderen til det, vart han sett paa latinskulen i Kristiansand. Ein av l\u00e6rarane der var adjunkt Thistedahl, som vel er eit av dei st\u00f8rste maal-n\u00e6me Noreg hev havt. Han var av bonde\u00e6tt fraa Teistedalen i Kvin, hadde teke artium, andre-eksamen og teologisk emb\u00e6ttseksamen og aldri fenge andre karakterar enn blank ein. Han vart boden professoremb\u00e6tte daa han var 22 aar gamall, og mange gonger sidan. Men alltid sa han nei. Han vilde, heller vera adjunkt i f\u00f8debyen sin.<\/p>\n<p>Det var han som sette dei tyske professorane i slik undring. Paa ei ferd i Tyskland h\u00f8vde han ein gong til aa sitja i same vogn som nokre l\u00e6rde professorar. Dei kom i r\u00f8de med utlendingen, men visste inkje kven han var. Sidan tok dei til aa dryfta eit vitskaplegt spursmaal seg imillom, og daa tala dei latin. Men Thistedahl la sitt ord med i laget &#8211; paa rein ciceroniansk latin. Daa slo dei yver i gr\u00e6sk. Aa ja, han fylgde med der \u00f2g. Endeleg tok dei til aa tala hebraisk. Og daa kom Thistedahl fyrst i sitt rette element. Men daa vart professorane forst\u00f8kte. Den eine av dei spratt upp, b\u00f8ygde seg for framandkaren og sa: \u0094Mitt namn er Franz Delitzch. Torer eg spyrja kven me hev den \u00e6ra aa tala med?\u0094 Og endaa meir forst\u00f8kte vart dei, daa dei fekk vita at denne h\u00f8gl\u00e6rde mannen var ein skulemeister fraa Noreg.<\/p>\n<p>Hans Ross hadde Thistedahl til l\u00e6rar paa skulen. Og han gjekk heim til honom og l\u00e6rde meir, helst hebraisk. Ein dag hadde Thistedahl fenge ei ny bok, som han sat og las i daa Ross kom inn. \u0094Du Hans,\u0094 sa han, \u0094her er ei merkeleg bok av ein som heiter Ivar Aasen. Han syner oss at det gamle norske maalet liver i landet den dag i dag.\u0094 &#8211; Det var \u0094Det norske Folkesprogs Grammatik.\u0094<br \/>\nSj\u00e5 http:\/\/www.aasentunet.no\/default.asp?menu=1158&#038;id=2966 for heile minneordet.<\/p>\n<p>Leksikonstoff om Thistedal fann eg i Nordisk Familiebok, sj\u00e5 http:\/\/runeberg.org\/nfch\/0589.html Eg tek med artikkelen i originalt spr\u00e5k.<\/p>\n<p>Thistedahl, Ole Kristian, norsk bibel\u00f6fver-s\u00e4ttare, f. 15 aug. 1813 i Kristiansand, d. 2 juli 1876, teol. kandidat 1834, var sedan 1842 adjunkt vid katedralskolan i sin f\u00f6delsestad, uppeh\u00f6ll sig dock 1849-55 i Kristiania, upptagen af studier f\u00f6r en bibel\u00f6fvers\u00e4ttning och som handledare f\u00f6r teologer. Hans \u00f6fv. af gamla testamentets kanoniska b\u00f6cker (1869) och apokryfiska b\u00f6cker (1873) upp-togos i bibels\u00e4llskapets bibel 1888. T:s \u00f6fv. af nya testamentet \u00e4r deponerad i universitetsbiblioteket. Se 0. Kolerud, &#8220;Bibeloverssetteren C. T.&#8221; (1913).<\/p>\n<p>Ein finn s\u00e5 mangt, sa Askeladden. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I minneordet over Hans Ross som Torleiv Hannaas skreiv, refererer han noko om l\u00e6raren som Ross hadde d\u00e5 han gjekk p\u00e5 Kristiansand Katedralskule. Det var lektor Ole Christian Thistedal. Om han skriv Hannaas: Daa Hans fekk alderen til det, vart han sett paa latinskulen i Kristiansand. Ein av l\u00e6rarane der var adjunkt Thistedahl, som vel &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hans_ross_sin_larar3241397\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hans Ross sin l\u00e6rar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3241397","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3241397"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3241397"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3241397\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3241397"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3241397"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3241397"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}