{"id":3236668,"date":"2007-11-02T20:20:13","date_gmt":"2007-11-02T20:20:13","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/11\/hans_ross3236668\/"},"modified":"2007-11-02T20:20:13","modified_gmt":"2007-11-02T20:20:13","slug":"hans_ross3236668","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hans_ross3236668\/","title":{"rendered":"Hans Ross"},"content":{"rendered":"<p>I dag vil eg skrive om ein spesiell mann. Sj\u00e5 http:\/\/nn.wikipedia.org\/wiki\/Hans_Ross<\/p>\n<p>Hans Ross var fr\u00e5 Holum, men far hans hadde vore prest i Valle. Sj\u00e5 http:\/\/www.eskeland.net\/node\/4  Han var her fr\u00e5 1821 til 1827, sonen vart f\u00f8dd i Holum i 1833, der faren var prest fr\u00e5 1827 til 1847.<\/p>\n<p>I g\u00e5r kveld sat eg saman med Knut K. Homme og skreiv artikkelen om han p\u00e5 nynorsk wikipedia. Knut fortalde levande og interessant om boka som han nyttar i arbeidet med Vallem\u00e5l-prosjektet. D\u00e5 vart mannen ikkje lenger bare ein person i leksikon, men kom n\u00e6r og opplevdest kjend. N\u00e5r han i tillegg var oppvaksen i Holum, vart det mest litt n\u00e6rt, som oftast k\u00f8yrer eg forbi Holum kvar veke. Sj\u00f8lv om eg er glad i nynorsk, hadde eg ikkje hatt noko tilh\u00f8ve til denne nynorskforkjemparen, som han vert kalla i kategorien nederst p\u00e5 nynorsk wikipedia sin artikkel. Det fekk eg alts\u00e5 torsdag 1. november.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg klikka p\u00e5 lenka til minneordet Torleiv Hann\u00e5s skreiv d\u00e5 Hans Ross gjekk bort, vart han end\u00e5 meir levande. http:\/\/www.aasentunet.no\/default.asp?menu=1158&#038;id=2966  Fr\u00e5 den artikkelen vil eg sitere litt her p\u00e5 bloggen:<\/p>\n<p>Det var i 1873 \u0094Norsk Ordbok\u0094 kom ut. Etter den dag samla inkje Aasen noko st\u00f8rre. Inkje so at han meinte bygdemaali var utgranska. Nei. Endaa han hadde skrive upp ikring 50 000 ord, so segjer han sj\u00f8lv at \u0094der er vel ogsaa meget, som endnu ikke er samlet, og som altsaa f\u00f8rst kan komme for lyset ved en senere leilighed.\u0094 Men Aasen var no ein aldrande mann, og han var tr\u00f8ytt av aa rakla fraa bygd til bygd.<\/p>\n<p>Daa var det at Hans Ross tok paa for aalvor. I 1877 fekk han ei aarviss l\u00f8n av stortinget, so han kunde slutta med skulen og berre ofra seg for maalgransking. Han tok no ut paa lange ferder, og hev etter hand reist heile landet yver. Det er vel snaudt um det finst den mann som hev ferdast so mykje ikring i landet vaart som Ross. Yngvar Nielsen kjem vel inkje langt undan. Og avlidne vegdirekt\u00f8r Krag, han var no yver alle til aa vera kjend i kvar kroken.<br \/>\nRoss hadde eit framifraa lag til aa koma seg inn med folk. Han var ein stor og staut kar, og av dei venaste ein kunde sjaa, kvik og maalug, og sprakande full av vit og l\u00f8gje. Det fylgde honom ein godhjelm, so alle fekk tiltru til honom og r\u00f8da fall som av sj\u00f8lve-seg. Og h\u00f8vde det so at folk inkje hadde stunder til aa setja seg til r\u00f8da, so gjekk han med dei til skogs eller paa anna arbeid. Paa Sveindal i Grindum hugsar dei enno at Ross var med kvinnfolki paa aakren og tok jordeple ein gong for mange aar sidan.<\/p>\n<p>Han var so gl\u00f8gg og gaaig at noko fann han kvar han so ferdast, paa veg eller str\u00e6te, paa eimbaat eller jarnveg, i bondestovor eller by-salar. Ofte s\u00f8kte han til skular der han kunde finna folk fraa mange bygdelag, som l\u00e6rarskular og underoffiserskular. Og daa dei tok til med maalskeid um sumrarne, daa var Hans Ross ein viss og v\u00e6lsedd gjest. Paa slike stader grov han inkje berre i sin eigen pose, men han gav \u00f2g lika for det han fekk, i innhaldsrike fyrelesingar og i morosame sogor og hermor.<\/p>\n<p>I hovudstaden hadde Ross alle dagar ei stor arbeidsmark. Der er det samla folk fraa alle landsluter, og han hadde ei mengd med kjeldor som han visste aa gaa til naar det galdt um aa faa greide paa eit eller anna fraa den eller den staden. Inkje minst nytta han stortingsmennerne. Han gjekk ofte i stortinget, og dei sa han dreiv \u0094korridorpolitikk\u0094.<\/p>\n<p>Ta deg tid til \u00e5 lese artikkelen om han, du finn mykje interessant der. Eg skal kome tilbake til noko av dette seinare. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag vil eg skrive om ein spesiell mann. Sj\u00e5 http:\/\/nn.wikipedia.org\/wiki\/Hans_Ross Hans Ross var fr\u00e5 Holum, men far hans hadde vore prest i Valle. Sj\u00e5 http:\/\/www.eskeland.net\/node\/4 Han var her fr\u00e5 1821 til 1827, sonen vart f\u00f8dd i Holum i 1833, der faren var prest fr\u00e5 1827 til 1847. I g\u00e5r kveld sat eg saman med &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hans_ross3236668\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hans Ross<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3236668","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3236668"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3236668"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3236668\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3236668"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3236668"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3236668"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}