{"id":3232472,"date":"2007-11-01T22:58:31","date_gmt":"2007-11-01T22:58:31","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/11\/to_ar_pa_blogg3232472\/"},"modified":"2007-11-01T22:58:31","modified_gmt":"2007-11-01T22:58:31","slug":"to_ar_pa_blogg3232472","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/to_ar_pa_blogg3232472\/","title":{"rendered":"To \u00e5r p\u00e5 blogg"},"content":{"rendered":"<p>I dag er bloggen min to \u00e5r. Eg hadde eit innlegg 31. oktober, men det var fr\u00e5 1. november eg starta \u00e5 skrive bloggen. I l\u00f8pet av desse to \u00e5ra har eg skrive 745 innlegg, det vert meir enn eitt til dagen. Ikkje alle har vore lange, mange av dei gjeld bare programmet for veka. Men til saman gjev dei eit bilete av eit mangfoldig programtilbod og mange medhjelparar for \u00e5 f\u00e5 til dette tilbodet til folk i \u00d8vre Setesdal.<\/p>\n<p>Er det nokon som les det eg skriv?<\/p>\n<p>Statistikken tyder p\u00e5 det. Det har vore 154.631 sidevisningar sidan starten. I oktober har det vore 5032 bes\u00f8k og dei har sett p\u00e5 16139 sider, seier statistikken. Det betyr eit snitt p\u00e5 162 pr. dag, og kvar ser p\u00e5 3,2 sider i snitt.<\/p>\n<p>Ideen med bloggen er \u00e5 skrive stoff som er relevant i h\u00f8ve til programma v\u00e5re i Valle Radio. Men det blir jo noko anna og. Det er ein personleg blogg, og dermed kjem det og anna stoff som eg er interessert i.<\/p>\n<p>I l\u00f8pet av denne tida er det ikkje kome mange kommentarar. Eg trur det er eit trettital. Nokre har eg sletta etter kvart, men dei fleste kan du finne i lista over kommentarar. Sett over tid har eg kunna dekka ein del av det som er i eit offentleg rom i \u00d8vre Setesdal og som ikkje er publisert andre stader. Difor vonar eg at det kan fungere som eit supplement til andre kjelder n\u00e5r soga om \u00d8vre Setesdal i 2006 og 2007 skal skrivast.<\/p>\n<p>For tida les eg biografien om Per Sivle (Eit halvt liv). Sj\u00e5 http:\/\/www.samlaget.no\/item.cfm?id=14254&#038;read=lang_omtale  og<br \/>\nhttp:\/\/nn.wikipedia.org\/wiki\/Per_Sivle<\/p>\n<p>Det er rart \u00e5 tenkje p\u00e5 kor ulik situasjonen n\u00e5r det gjeld publisering er for meg og han, no og d\u00e5. Han m\u00e5tte g\u00e5 vegen om aviser og forlag for \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 trykk det han ville fortelje. Eg kan publisere det p\u00e5 bloggen, og du f\u00e5r det i eposten din bare minuttar etterp\u00e5. Etter kvart fekk han gode opplag p\u00e5 det han skreiv, slik sett skil han seg fr\u00e5 meg, han kunne leve av det, for meg er det ein hobby.<\/p>\n<p>I v\u00e5re dagar er det mykje meir som kjem p\u00e5 trykk enn det var den gongen. I tillegg er det lettare \u00e5 publisere utanom dei tradisjonelle kanalane, ettersom vi har f\u00e5tt Internett.<\/p>\n<p>Takk til deg som les bloggen min. Utan deg hadde det vore lita meining i \u00e5 skrive her. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag er bloggen min to \u00e5r. Eg hadde eit innlegg 31. oktober, men det var fr\u00e5 1. november eg starta \u00e5 skrive bloggen. I l\u00f8pet av desse to \u00e5ra har eg skrive 745 innlegg, det vert meir enn eitt til dagen. Ikkje alle har vore lange, mange av dei gjeld bare programmet for veka. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/to_ar_pa_blogg3232472\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">To \u00e5r p\u00e5 blogg<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3232472","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3232472"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3232472"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3232472\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3232472"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3232472"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3232472"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}