{"id":3226486,"date":"2007-10-31T20:21:23","date_gmt":"2007-10-31T20:21:23","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/10\/for_mykje_kristendom3226486\/"},"modified":"2007-10-31T20:21:23","modified_gmt":"2007-10-31T20:21:23","slug":"for_mykje_kristendom3226486","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/for_mykje_kristendom3226486\/","title":{"rendered":"For mykje kristendom?"},"content":{"rendered":"<p>Eg f\u00e5r kommentere \u00d8yvind Jacob sitt innlegg p\u00e5 bloggen i dag tidleg. Han les i programmet og synest at tysdagssendinga har for mykje kristendom i programoppsettet. Det gjev meg h\u00f8ve til \u00e5 gjere greie for noko her p\u00e5 bloggen som me som har vore med i Valle Radio fr\u00e5 starten av, kjenner til, men mange av dykk som les bloggen, ikkje utan vidare vil kjenne til.<\/p>\n<p>Ei stund etter at Valle Radio starta, kom det eit sp\u00f8rsm\u00e5l til meg om ikkje kyrkja ville engasjere seg i radioen. Det kunne vere ulike m\u00e5tar \u00e5 gjere det p\u00e5, til d\u00f8mes ved \u00e5 overf\u00f8re m\u00f8ter og gudstenester eller ved \u00e5 ha andaktar fr\u00e5 studio. Dette vart diskutert, og ein valde \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 kome ynsket i m\u00f8te.<\/p>\n<p>**Tankar fr\u00e5 Bibelen**<br \/>\nP\u00e5 den eine sida starta vi opp programserien Tankar fr\u00e5 Bibelen, som har g\u00e5tt i alle \u00e5ra sidan. Til \u00e5 begynne med hadde eg ansvaret for desse andaktane, gjerne med ein gjest saman med meg. Sidan kom H\u00e5vard Viki, Torleif B. Harstad og Bj\u00f8rgulv T. Berg med i arbeidet med dette. D\u00e5 kunne eg trekkje meg ut og overlate opplegget til dei. Det er H\u00e5vard som organiserer det heile og set opp liste, og det g\u00e5r sin faste gang utan at me som elles har programansvar, treng \u00e5 tenkje p\u00e5 det. For den einskilde programleiar, som har hatt sending halvannan time n\u00e5r Tankar fr\u00e5 Bibelen startar, er det godt med ein pause og h\u00f8ve til \u00e5 gjere klart for det som skal skje seinare om kvelden.<\/p>\n<p>Men dette opplegget gav ikkje h\u00f8ve til \u00e5 sende overf\u00f8ring av gudstenester eller m\u00f8teopplegg. Framleis var det eit ynskje om \u00e5 kunne gjere det. Difor kom det opp forslag om \u00e5 f\u00e5 ein annan dag til noko slikt. Dermed kunne ein sende opptak fr\u00e5 gudstenester og m\u00f8ter. Desse kunne ofte ta ein time, noko som vart for langt til \u00e5 ha med i onsdagssendinga.<\/p>\n<p>**Tysdagssending**<br \/>\nVi valde \u00e5 leggje dette til tysdagane. F\u00f8r vi gjekk i gang, tok vi kontakt med Norea Radio og fekk vite at dei hadde eit tilbod til lokalradioar som vi kunne verte ein del av. Det ville gje oss stoff kvar veke som kunne bere ein del av programmet. Slik vart det og. Fr\u00e5 starten v\u00e5ren 1998 hadde tysdagssendinga eit mykje sterkare kristeleg preg enn den har no, for etter Over ein open Bibel og Noreamagasinet hadde vi gjerne misjonsinformasjon som vi fekk tilsendt fr\u00e5 Norea Mediemisjon. D\u00e5 var eg ofte i kyrkja p\u00e5 sundagane og tok opp gudstenestene, opptaket vart s\u00e5 sendt tysdagskveldane.<\/p>\n<p>I 1997 hadde vi hatt ein periode med stor aktivitet med orgelmusikk i kyrkjene, s\u00e6rleg var konsertane i Hylestad kyrkje i tilknytning til vegkyrkja om sommaren viktige. I samband med desse kom eg i kontakt med Niklos K. Besteland og oppdaga etter kvart kor stor ressurs han kunne vere med omsyn til kyrkjemusikk og orgelmusikk. Difor vart han med p\u00e5 laget, og vi la opp til programmet Postludium, som skulle formidle dette. Dette held vi framleis p\u00e5 med, sj\u00f8lv om mangt har endra seg i bygda v\u00e5r i s\u00e5 m\u00e5te og vegkyrkja og konsertarbeidet no ligg nede.<\/p>\n<p>**Fr\u00e5 kyrkjeradio til opnare profil**<br \/>\nGjennom \u00e5ra har opplegget endra seg fr\u00e5 \u00e5 vere nesten utelukkande kristen radio til \u00e5 verte meir allment. Eg likar \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 det som eit alternativ til onsdagens bygderadio, men likevel med ein trongare profil. \u00d8yvind har heilt rett i det. D\u00e5 Hallvard Kjelleberg var leiar i Valle Radio, var det klar beskjed fr\u00e5 han: Tysdagskveldane skulle ikkje ha program som det kunne vere naturleg \u00e5 ha med p\u00e5 onsdagskveldane. Det la sj\u00f8lvsagt rammer for det ein kunne ha med tysdagskveldane.<\/p>\n<p>Difor har tysdagane f\u00e5tt ein profil med kristendom, mest klassisk musikk, men og noko folkemusikk, jfr. munnharpeprogramma som eg har hatt saman med Jon Melhus. Ein lang periode hadde eg og bokprogram saman med Lisbeth D. Homme. Etter at Bykle Radio tok til med m\u00f8teoverf\u00f8ringar p\u00e5 m\u00e5ndagskveldane, droppa eg m\u00f8teoverf\u00f8ring p\u00e5 tysdagskveldane. Sj\u00f8lv om dei no har slutta med det, har ikkje eg teke opp att dette, mellom anna fordi eg ikkje lenger er i Valle i helgene, og difor ikkje s\u00e5 lett kan lage slike opptak.<\/p>\n<p>Dette vart eit av dei lengste innlegga eg har hatt p\u00e5 bloggen. Men det var jo eit godt h\u00f8ve til \u00e5 g\u00e5 gjennom historia til Valle Radio, det har eg vel ikkje gjort p\u00e5 bloggen f\u00f8r. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg f\u00e5r kommentere \u00d8yvind Jacob sitt innlegg p\u00e5 bloggen i dag tidleg. Han les i programmet og synest at tysdagssendinga har for mykje kristendom i programoppsettet. Det gjev meg h\u00f8ve til \u00e5 gjere greie for noko her p\u00e5 bloggen som me som har vore med i Valle Radio fr\u00e5 starten av, kjenner til, men mange &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/for_mykje_kristendom3226486\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">For mykje kristendom?<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3226486","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3226486"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3226486"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3226486\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3226486"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3226486"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3226486"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}