{"id":3201287,"date":"2007-10-26T22:59:35","date_gmt":"2007-10-26T22:59:35","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/10\/draumar3201287\/"},"modified":"2007-10-26T22:59:35","modified_gmt":"2007-10-26T22:59:35","slug":"draumar3201287","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/draumar3201287\/","title":{"rendered":"Draumar"},"content":{"rendered":"<p>Eg fekk ein f\u00f8respurnad for ei tid tilbake: Kva er draumane dine, Harald?<\/p>\n<p>Eg m\u00e5tte tenkje p\u00e5 den d\u00e5 eg i kveld h\u00f8yrde Robert H. Schuller http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Robert_H._Schuller  fr\u00e5 Crystal Cathedral tale p\u00e5 Gospel Channel. http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Crystal_Cathedral Den har ikkje artikkel p\u00e5 norsk wikipedia enno, s\u00e5 du f\u00e5r klare deg med den engelske.<\/p>\n<p>Han fortalde om draumen sin om \u00e5 starte ein kyrkjelyd med positiv kristendom som fokus og korleis det har g\u00e5tt. Samstundes fortalde han om ein student fr\u00e5 S\u00f8r-Korea som han hadde studert saman med og som hadde ein draum om \u00e5 f\u00e5 til ein skule i heimlandet og korleis kyrkjelyden Crystal Cathedral hadde hjelpt med prosjektet.<\/p>\n<p>Mange draumar har vore dr\u00f8ymt rundt mange prosjekt. At Valle Radio er i drift, skuldast ein draum om \u00e5 f\u00e5 til ein lokalradio for Valle. Det er mange \u00e5r sidan den vart dr\u00f8ymt fyrste gongen, men for ti \u00e5r sidan lukkast det \u00e5 f\u00e5 det til. V\u00e5ren 1997 hadde vi pr\u00f8vesending, fr\u00e5 hausten var vi i gong.<\/p>\n<p>-Eg har ein draum, sa Martin Luther King. Alle unge les om han og draumen hans om \u00e5 f\u00e5 eit land fritt for rasisme og slaveri. Men det er ikkje nok med draumen, arbeid m\u00e5 og til. Ein byggjer ikkje katedralar utan draumar, og kampen mot rasisme m\u00e5 kjempast kvar einaste dag.<\/p>\n<p>Eg likar \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 Hour of Power fredagskveldane. Songen og visjonane gjev ein fin inngang til helga. http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Hour_of_Power Det er humor og forkynning i programmet. Positiv kristendom, det gjer meg glad.<\/p>\n<p>I neste veke er det diakonivisitas i Valle. D\u00e5 kan vi f\u00e5 dele draumar med kvarandre. Tysdagskvelden er sett av til eit slikt opplegg. Diverre f\u00e5r eg ikkje vere med den kvelden, for d\u00e5 har eg mi diakonale teneste i Valle Radio. Men draumar kan vi dele i s\u00e5 mange samanhengar. Send meg gjerne draumen din p\u00e5 ein epost til harhaugl@gmail.com<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg fekk ein f\u00f8respurnad for ei tid tilbake: Kva er draumane dine, Harald? Eg m\u00e5tte tenkje p\u00e5 den d\u00e5 eg i kveld h\u00f8yrde Robert H. Schuller http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Robert_H._Schuller fr\u00e5 Crystal Cathedral tale p\u00e5 Gospel Channel. http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Crystal_Cathedral Den har ikkje artikkel p\u00e5 norsk wikipedia enno, s\u00e5 du f\u00e5r klare deg med den engelske. Han fortalde om draumen &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/draumar3201287\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Draumar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3201287","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3201287"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3201287"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3201287\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3201287"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3201287"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3201287"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}