{"id":316065,"date":"2005-11-17T19:43:21","date_gmt":"2005-11-17T19:43:21","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2005\/11\/aktuell_time_og_kommunen_informerer_onsd316065\/"},"modified":"2005-11-17T19:43:21","modified_gmt":"2005-11-17T19:43:21","slug":"aktuell_time_og_kommunen_informerer_onsd316065","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aktuell_time_og_kommunen_informerer_onsd316065\/","title":{"rendered":"Aktuell time og Kommunen informerer onsdag 16.11.2005"},"content":{"rendered":"<p>Fyrste mann ut i kveldens sending var <strong>Tarald Trydal fr\u00e5 Setesdalslaget i Oslo<\/strong>, som no skal leggjast ned etter 60 \u00e5r. Unge folk kjem ikkje p\u00e5 m\u00f8tene, no var dei mellom 70 og 90 \u00e5r. Tinga som laget har hatt, mellom anna ei fane, skal dei levere til Setesdalsmuseet.<\/p>\n<p>S\u00e5 gjekk Hallvard Kjelleberg til fjells og fekk <strong>Tom Kvinlog i Hovden Skisenter<\/strong>p\u00e5 tr\u00e5den for \u00e5 snakke litt om f\u00f8rebuingane til vintersesongen p\u00e5 Hovden. Deretter hadde han ein prat med <strong>Jan Woitacek i Brokke Alpinanlegg<\/strong> om same temaet. Begge h\u00e5par at sesongen kan starte f\u00f8rste helga i desember, og ettersom det er kaldt no, kan dei produsere sn\u00f8 med sn\u00f8kanonar.<\/p>\n<p>Som tredje innslag hadde han ein prat med <strong>Geir Osmund Wehus  i Kreftforeningen region Agder <\/strong> om jobben. Wehus var pleie- og omsorgsjef i Valle i over \u00e5tte \u00e5r f\u00f8r han for halvanna \u00e5r sidan flytta tilbake til \u00d8vreb\u00f8, der han vaks opp.<\/p>\n<p>Til slutt fortalde <strong>Ragnar \u00c5s om Jolemessa p\u00e5 Rysstad,<\/strong> som skal vere 19. november, og der m\u00e5let er \u00e5 f\u00e5 inn 300.000 kroner til Norsk Luthersk Misjonssamband. I \u00e5r er det Gunnar Hamn\u00f8y som skal tale og S\u00f8gne Kristelege Song og Jaktlag som skal syngje, eit mannskor p\u00e5 30 medlemmer.<\/p>\n<p>Alle innslaga denne kvelden var p\u00e5 telefon.<\/p>\n<p>I forh\u00e5ndsannonsen av programmet her p\u00e5 bloggen stod det at ein skulle pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 med Jorunn Stiansen for fortelje om korleis det var \u00e5 f\u00e5 ein dialektpris. Korkje ho eller NK i Valle sparebank, Torleiv Hovet, vart med i sendinga.<\/p>\n<p><strong>Fagansvarleg \u00f8konomi Wenche E. Gundersen i Valle kommune<\/strong> kom klokka 19 og kunne fortelje at kommunens budsjett for 2006 no var vedteke av formannskapet og difor torsdag 18. november skulle leggjast ut p\u00e5 dei faste plassane i kommunen til gjennomsyn. Ho gjorde ogs\u00e5 greie for rammer og tiltak som ligg inne i framlegget, som kommunestyret skal vedta f\u00f8r jol.<\/p>\n<p>Desse 90 minutta fr\u00e5 1800 til 1930 var krydra med <strong>variert musikk<\/strong>. Wenche hadde som vanleg med seg tysk musikk, noko vi ikkje h\u00f8yrer s\u00e5 ofte i Valle radio.<\/p>\n<p>Harald<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fyrste mann ut i kveldens sending var Tarald Trydal fr\u00e5 Setesdalslaget i Oslo, som no skal leggjast ned etter 60 \u00e5r. Unge folk kjem ikkje p\u00e5 m\u00f8tene, no var dei mellom 70 og 90 \u00e5r. Tinga som laget har hatt, mellom anna ei fane, skal dei levere til Setesdalsmuseet. S\u00e5 gjekk Hallvard Kjelleberg til fjells &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aktuell_time_og_kommunen_informerer_onsd316065\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Aktuell time og Kommunen informerer onsdag 16.11.2005<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-316065","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/316065"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=316065"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/316065\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=316065"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=316065"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=316065"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}