{"id":3132073,"date":"2007-10-14T00:08:05","date_gmt":"2007-10-14T00:08:05","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/10\/still_meg_ei_storvengja_sorg_overskygde3132073\/"},"modified":"2007-10-14T00:08:05","modified_gmt":"2007-10-14T00:08:05","slug":"still_meg_ei_storvengja_sorg_overskygde3132073","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/still_meg_ei_storvengja_sorg_overskygde3132073\/","title":{"rendered":"Still meg ei storvengja sorg overskygde"},"content":{"rendered":"<p>Fleire har etterlyst dikt i Valle Radio. Onsdag hadde eg nokre kj\u00e6rleiksdikt med og utan tonar. Ikkje alle var s\u00e5 gode, men det kunne vere eit h\u00f8ve til \u00e5 minne meg sj\u00f8lv om at dikt formidlar tankar som det ikkje er s\u00e5 lett \u00e5 setje ord p\u00e5. Kj\u00e6rleik er eit vanskeleg tema, og mange har skrive dikt om dette. Etter mi meining er det ikkje det lettaste prosjektet ein kan gje seg ut p\u00e5.<\/p>\n<p>Ein av dei songane er spelte var fr\u00e5 den nye plata til Valkyrien Allstars: \u00c5 gjev du batt meg. Der kombinerer dei to vers, eit av Arne Garborg og eit av Jon Bj\u00f8rgulvsson Rysstad:<br \/>\n1: Arne Garborg<br \/>\n2: Jon Bj\u00f8rgulvsson Rysstad<\/p>\n<p>1:<br \/>\n\u00c5 gjev du batt meg med bast og bende<br \/>\n\u00c5 gjev du batt meg s\u00e5 bande brende<br \/>\n\u00c5 gjev du drog meg s\u00e5 fast til deg<br \/>\nAt heile verdi kom bort for meg<\/p>\n<p>2:<br \/>\n\u00c5 va de venleikjen va de m\u00e5le<br \/>\nHell augnedjupi hell vilje st\u00e5le<br \/>\nDe e dult for meg ko de va som drog<br \/>\n\u00c5 men noko va de og de va nog<\/p>\n<p>Sj\u00e5 http:\/\/www.valkyrienallstars.com\/<\/p>\n<p>\u00c5 skrive om sorg er heller ikkje lett. Men Olav Aukrust gjorde det p\u00e5 ein m\u00e5te som har levd i meg i over 40 \u00e5r, heilt fr\u00e5 eg las det p\u00e5 gymnaset. Diktet kom ut i 1930, sj\u00f8lv d\u00f8ydde han hausten 1929. Det vert sagt at det byggjer p\u00e5 ei ekstatisk oppleving han hadde i ungdommen.  Sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Olav_Aukrust<\/p>\n<p>Her er diktet **Still meg ei storvengja sorg overskygde**<br \/>\nLenke finn du her: http:\/\/www.aasentunet.no\/default.asp?menu=1125&#038;id=2786<\/p>\n<p>Av Olav Aukrust<\/p>\n<p>Still meg ei storvengja sorg<br \/>\noverskygde.<br \/>\nEinsleg i mismods borg<br \/>\nstur eg drygde.<br \/>\nL\u00f8ynlege gledurs tindrande<br \/>\ntusundfrygd<br \/>\nvisna d\u00e5 voni den lindrande<br \/>\nburt var stygd.<\/p>\n<p>D\u00e5, medan alt av ilt<br \/>\nleit seg, truddest \u00ad<br \/>\nvar det noko som stilt fyrebuddest.<br \/>\nKva skal eg mimre, m\u00e6le<br \/>\num stundi den<br \/>\nsom fyllt av ei namnlaus s\u00e6le<br \/>\neig meg enn!<\/p>\n<p>Djupt i den h\u00f8gste natt<br \/>\nfjetra l\u00e5g eg.<br \/>\nMang ein ugripeleg skatt<br \/>\nfor meg s\u00e5g eg.<br \/>\nUsegjeleg s\u00e6lt var \u00e5 leva<br \/>\nmed alt i famn,<br \/>\nder tidl\u00f8ysa tottest meg gjeva<br \/>\ndet namnlause namn.<\/p>\n<p>Ljuvt i ein tonande storm<br \/>\nalt som stivna<br \/>\nfram steig i str\u00e5lande form,<br \/>\nlo og livna.<br \/>\nSkiropne himlar hjala<br \/>\nog song for meg.<br \/>\nAlle ting liksom tala<br \/>\nfr\u00e5 sj\u00f8lve seg:<\/p>\n<p>\u00abL\u00e6re, i heilag eld,<br \/>\nseg sj\u00f8lv \u00e5 kjenne:<br \/>\neinsleg, forr\u00e5dd og seId \u00ad<br \/>\ni Gud brenne!<br \/>\nVera sitt eige salt \u00ad<br \/>\ndet er hiven!<br \/>\nVera seg sj\u00f8lv i alt!<br \/>\nDet er kniven.\u00bb<\/p>\n<p>Evne som ned var lagd<br \/>\ndjupt og l\u00f8ynlegt,<br \/>\nn\u00e5dde si h\u00f8gste bragd \u00ad<br \/>\nbl\u00f8rnde r\u00f8ynlegt.<br \/>\nDet som i tingen tr\u00e5dde<br \/>\nupphavs-heitt,<br \/>\nbr\u00e5forma, vann og n\u00e5dde<br \/>\nsitt m\u00e5l med eitt.<\/p>\n<p>Stein vart til bl\u00f8mande torv<br \/>\nfor augo mine.<br \/>\nJamvel svaberg og skorv<br \/>\ntok te skine.<br \/>\nDet str\u00e5la i kvar ei kvorve,<br \/>\ni glap og \u00f3p. Og allting tottest meg horve<br \/>\nso s\u00e6lt ihop.<\/p>\n<p>Av fagert og sant og godt<br \/>\ngjenomb\u00e5ra<br \/>\nkvar \u00e5syn og ham og h\u00e5tt<br \/>\nskein forkl\u00e5ra.<br \/>\nVarmt eg den elske m\u00e5tte<br \/>\nsom hata meg.<br \/>\nMed kj\u00e6rleiken alt eg \u00e5tte.<br \/>\nDet kjende eg.<\/p>\n<p>S\u00e6l s\u00e5 eg \u00e5nd og ord<br \/>\nsamanfalle.<br \/>\nHimmel og nyf\u00f8dd jord;<br \/>\nalt og alle.<br \/>\nLengslune bar ikkje lenger<br \/>\nei pinsle svar:<br \/>\nmotsetnad var ikkje lenger;<br \/>\nmen einskap var.<\/p>\n<p>Alle tings skurv og skam<br \/>\nbrast og br\u00e5na:<br \/>\nfrigjord steig guden fram, \u00ad<br \/>\n\u00e6va bl\u00e5na.<br \/>\nAlt i den eine s\u00e5g eg.<br \/>\nOg ein i alt.<br \/>\nSvimren av s\u00e6le l\u00e5g eg.<br \/>\nDet livet galdt.<\/p>\n<p>Alt stod i nattleg sol<br \/>\nn\u00e5delauga.<br \/>\nSamstundes liv og symbol<br \/>\ns\u00e5g mitt auga.<br \/>\nAndi slo upp ifr\u00e5 ordi<br \/>\nog lyste veg.<br \/>\n\u00abSom i himmelen, so \u00f3g p\u00e5 jordi.\u00bb<br \/>\nDet skyna eg.<\/p>\n<p>*<\/p>\n<p>No er min hugen glad<br \/>\ninn i dagen drivin.<br \/>\nMen du som i natti kvad \u00ad<br \/>\ndu er svivin.<br \/>\nMen end\u00e5 str\u00f8ymer det angar<br \/>\nor dulde spor, \u00ad<br \/>\nl\u00f8ynlege etterklangar<br \/>\nfr\u00e5 englekor.<\/p>\n<p>Natti er all i grav;<br \/>\nmen minni eig eg.<br \/>\nSom upp or eit djupt hav<br \/>\nmed perlur steig eg.<br \/>\nSom draup or ei ljoslaug reinar<br \/>\nenn her p\u00e5 jord:<br \/>\nlivande lysesteinar \u00ad<br \/>\nsanningsord.<\/p>\n<p>Ljuvt som i barns draum<br \/>\njolenatti<br \/>\nb\u00e5ra den tonestraum<br \/>\neg fann meg att i.<br \/>\nMjukt gjenom utesusen<br \/>\nall natti long<br \/>\nbar himmelharpune brusen<br \/>\nav stjernesong.<\/p>\n<p>Eg r\u00f8ynde det var ein ljom<br \/>\netter solarglad!<br \/>\nDet opnast ein heilagdom<br \/>\nutanfortid og stad.<br \/>\nDet fanst ikkje meir noko gruvlegt<br \/>\nog myrkt og kaldt.<br \/>\nDet var noko randfullt-ljuvlegt<br \/>\nav sol i alt.<\/p>\n<p>No veit eg det, kven du er,<br \/>\ndu som lyser<br \/>\ni myrkret som kvar i ser<br \/>\nog allting hyser.<br \/>\nNo v\u00e5gar eg namnet ditt skrive<br \/>\net veit det visst.<br \/>\nVegen, sanningi, livet.<br \/>\nJesus Krist.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fleire har etterlyst dikt i Valle Radio. Onsdag hadde eg nokre kj\u00e6rleiksdikt med og utan tonar. Ikkje alle var s\u00e5 gode, men det kunne vere eit h\u00f8ve til \u00e5 minne meg sj\u00f8lv om at dikt formidlar tankar som det ikkje er s\u00e5 lett \u00e5 setje ord p\u00e5. Kj\u00e6rleik er eit vanskeleg tema, og mange har &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/still_meg_ei_storvengja_sorg_overskygde3132073\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Still meg ei storvengja sorg overskygde<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3132073","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3132073"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3132073"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3132073\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3132073"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3132073"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3132073"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}