{"id":3099337,"date":"2007-10-07T18:26:08","date_gmt":"2007-10-07T18:26:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/10\/motorferdsle_i_utmark3099337\/"},"modified":"2007-10-07T18:26:08","modified_gmt":"2007-10-07T18:26:08","slug":"motorferdsle_i_utmark3099337","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/motorferdsle_i_utmark3099337\/","title":{"rendered":"Motorferdsle i utmark"},"content":{"rendered":"<p>I avisa Setesd\u00f8len fredag 5. oktober var det eit oppslag om at Valle m\u00e5llag refsar Valle kommune for spr\u00e5ket i uttalen til Ny lov om motorferdsle i utmark. Mange veit ikkje at dei kan g\u00e5 inn p\u00e5 sidene til Valle kommune og finne informasjon om uttalen der. P\u00e5 nyhetssidene ligg uttalen som formannskapet vedtok midt i september, og den er nesten lik det som kommunestyret vedtok sist i september, det er bare hengt p\u00e5 litt til etter forslag fr\u00e5 ordf\u00f8raren.<\/p>\n<p>Eg gjekk inn og klipte det ut fr\u00e5 kommunen si side, slik at du som les bloggen skal f\u00e5 h\u00f8ve til gjere deg opp di eiga meining. Er dette d\u00e5rleg nynorsk?<\/p>\n<p>**Nytt regelverk for motorferdsle i utmark &#8211; h\u00f8yringsuttale**<br \/>\nForslag til nytt regelverk for motorferdsle i utmark vart handsama i formannskapet 12.9. Forslaget vart samr\u00f8ystes vedteke, og kommunestyret handsamar saka i neste kommunestyrem\u00f8te. Les h\u00f8yringsuttalen nedanfor<br \/>\nSn\u00f8scooter<\/p>\n<p>1. Bakgrunn for h\u00f8ringsuttala:<\/p>\n<p>Valle kommune har 1333 innbyggarar og om lag like mange kvadratkilometer utmark. Av dette framgjeng at utmarka, og utnytting av denne, har hatt og har stor betyding for busetnad og innbyggarar i Valle Kommune. Dette h\u00f8ve seg som del av prim\u00e6rn\u00e6ring, ut\u00f8ving av jakt og fiske, ressurs for reiselivsn\u00e6ringa etc. Utmarka og bruk av denne er p\u00e5 slik m\u00e5te ein av dei viktige pilarane for eksisterande busetnad og for det kontinuerlige arbeidet med \u00e5 auke tilflyttinga til kommunen.<\/p>\n<p>I seinare tid har kommunen vidare gjort ei strategisk satsing p\u00e5 \u00e5 nytte utbygging av fritidsbustader som eit av satsingsomr\u00e5da innanfor n\u00e6ringsutvikling, og det byggast i dag om lag 100 nye einingar i \u00e5ret. Det er ei m\u00e5lsetting at dette talet skal aukast, og innaf\u00f8re strategiske arealplanar (juridisk bindande og ikkje juridisk bindande planar) er det lagt opp til ei ekstensiv utbygging med eit potensiale for 4 \u0096 5 000 einingar. Langt dei fleste av desse ligg med direkte kontakt med veg, men ein del har ikkje bilveg og ein andel av desse igjen ligg meir enn 2,5 km fr\u00e5 br\u00f8yta veg. I tillegg ligg eit forholdsvis stort tal av eksisterande fritidsbustader med lik eller st\u00f8rre avstand som det overnemnde.<\/p>\n<p>I ljos av det overnemnde er det heilt klart at Valle Kommune sine interesser for bruk og vern av naturverdiane i utmarka, omfattar sv\u00e6rt krevjande interesseavkl\u00e5ringar og krevjande faglege vurderingar. Ein ser i slik samanheng viktigheit av gode og tydelege styringsverkt\u00f8y gjennom eit sterkt lovverk og nasjonale interessedefinisjonar. Likeeins er det viktig at forvaltning og avgjerslemynde leggast til eit lokalt plan.<\/p>\n<p>Motorferdsle i Valle kommune handlar i stor grad om bruk av sn\u00f8skuter. I tillegg har det i seinare tid blitt meir aktuelt \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 tilh\u00f8va rundt bruk av firehjuling. Utanom i samband med skogsdrift, er anna motorisert ferdsle nesten fr\u00e5verande.<\/p>\n<p>Bruk av motoriserte framkomstmiddel i Valle kommune har slik ein ser det fire aspekt, beroande p\u00e5 brukergrupper og areala som blir nytta.<\/p>\n<p>1. Lokale brukarinteresser.<\/p>\n<p>2. Transport til eksisterande og nye fritidsbustader i felt.<\/p>\n<p>3. Reiseliv og n\u00e6ringsf\u00f8rem\u00e5l.<\/p>\n<p>4. Ferdsel i verna omr\u00e5de.<\/p>\n<p>Utdyping av desse fire punkta samt dr\u00f8fting av forvaltningsniv\u00e5 og forvaltningsprinsipp, dannar grunnlag for denne h\u00f8ringsuttala.<\/p>\n<p>2. Utdyping av tema:<\/p>\n<p>2.1 Forvaltningsprinsipp og niv\u00e5.<\/p>\n<p>Langt den st\u00f8rste delen av Valle Kommune best\u00e5r av utmark og nytt regelverk vil d\u00e5 gj\u00f8rast gjeldande for store delar av dei areala innbyggarar og tilreisande i Valle disponerer. Dette forsterkast ytterlegare dersom ein oppfattar sn\u00f8dekt innmark som utmark. Regulering av motorferdsle m\u00e5 av dette sj\u00e5ast som ein del av den heilskapelege arealforvaltninga i kommunen, p\u00e5 lik line med anna arealbruk. Kommunens reiskap i slik samanheng kan v\u00e6re overordna arealplanar, og ulike temaplanar som vedtakast av kommunestyret. Etter slik metode vil ein kunne fange opp verdiar og ulemper, sett i ljos av og opp mot all anna arealbruk i kommunen. Slik vil ein kunne gjere ei god og heilskapeleg vurdering av krevjande interesseaveiningar og eventuelle faglege konfliktar.<\/p>\n<p>Valle kommune understrekar vidare at avgjersler etter lova m\u00e5 forankrast n\u00e6r brukarane. Dette for \u00e5 underbygge det lokale sj\u00f8lvstyret, og for \u00e5 oppn\u00e5 forst\u00e5ing og dempe potensiale for konflikt med innbyggarane i dei einskilde kommunane.<\/p>\n<p>Slik tanke ligg til grunn for dei forvaltningsmessig prinsippa ein ut\u00f8ver ved arealforvaltning etter Plan- og bygningslova (Plb). Valle kommune meiner regelverk for motorferdsle b\u00f8r leggast opp etter dei same prinsippa, der forutsigbar planlegging, konsekvensutredningar og medverkad fr\u00e5 lokale interesser og overordna organ st\u00e5r sterkt. P\u00e5 lik linje med planprosess i Plb b\u00f8r overordna mynde kunne gripe inn (med motsegn) i dei tilfelle nasjonale eller regionale interesser er skadelidande. Dette kan t.d. omhandle omsyn til nasjonalt viktig viltbestandar, s\u00e5rbar\/sjeldan flora og nasjonalt viktige landskapsrom\/lansdskapsomr\u00e5de. Ei slik vurdering m\u00e5 da knyttast til konsekvensane av spesifiserte tiltak vurdert mot definerte naturverdiar. Til d\u00f8mes vil barmarkskj\u00f8ring d\u00e5 kunne vurderast med anna utfall enn kj\u00f8ring p\u00e5 sn\u00f8dekt mark.<\/p>\n<p>Ved ei lokal vurdering vil det v\u00e6re lettare \u00e5 vurdere konsekvensar (positive og negative) for ulike interesser, som t.d. ulike former for satsing p\u00e5 turisme og reiseliv. Motorferdsle kan i s\u00e5 h\u00f8ve verke veldig forstyrrande for ein del av n\u00e6ringa, samstundes som det kan v\u00e6re ein viktig del av andre greiner av slik n\u00e6ring. Til saman m\u00e5 dette foreinast i l\u00f8ysingar som er til gode for utvikling av bygda Valle, og som tek omsyn til dei naturverdiane kommunen skal forvalte.<\/p>\n<p>Valle kommune vil presisere at heilskapeleg og lokalt forankra forvaltning er s\u00e6rs viktig i kommunar med sterke brukarinteresser.<\/p>\n<p>2.2. Lokale brukarinteresser.<\/p>\n<p>&#8211; Innbyggarane i Valle sin bruk av motorisert framkomstmiddel (i hovudsak sn\u00f8skuter) p\u00e5 eigen eigedom, ved transport til eigne driftsbygningar og fritidsbustader og som verdifult rekreasjonselement.<\/p>\n<p>Brorparten av innbyggarane i Valle er grunneigarar med st\u00f8rre eller mindre eigedommar p\u00e5 heia. Desse har ein sterkt forankra bruk av utmarka, med grunnlag i tidlegare tiders driftsformer og utnytting av ressursane. Dette er etter Valle Kommune si oppfatning ut\u00f8ving av lokalt friluftsliv, som ved rett gjennomf\u00f8ring ikkje treng \u00e5 skape konflikter med andre brukarinteresser eller konflikt med verdifullt dyreliv og naturressursar.<\/p>\n<p>Valle kommune forfektar sj\u00f8lvsagt ikkje at ogs\u00e5 slik k\u00f8yring m\u00e5 underleggast omhyggeleg vurdering f\u00f8r l\u00f8yve, men slik vurdering kan med fordel gjerast, som understreka tidlegare i uttala, i samanheng med l\u00f8ypeplanar og som del av ein heilskapeleg planmessig arealforvaltning.<\/p>\n<p>2.3 Transport til eksisterande og nye fritidsbustader i felt.<\/p>\n<p>Valle kommune har fritidsbusetnad i felt med st\u00f8rre avstand enn 2,5 km til n\u00e6rmaste br\u00f8yta veg, og ein ser her i dag ein utstrakt bruk av sn\u00f8skuter. Felta har i stor grad sumarvegar, og motorferdsle p\u00e5 barmark er derfor ikkje aktuelt \u00e5 problematisere i h\u00f8ve til desse. Leigekj\u00f8ring med skuter, slik DN skisserar, kan i noko omfang v\u00e6re h\u00f8veleg ved transport til desse felta. Ein ser likevel vanskar med \u00e5 gjennomf\u00f8re slik ordning, grunna dei store sesongmessige variasjonane. Ein ser det som lite sannsynleg at leigekj\u00f8rar kan klare \u00e5 dekke behova i periodane med stor belastning, typisk d\u00e5 vinterferiane og p\u00e5ska, og samstundes ha n\u00e6ringsgrunnlag for resterande deler av sesongen. I s\u00e5 fall m\u00e5 det innf\u00f8rast andre \u00f8konomiske incentiv for \u00e5 bygge opp under n\u00e6ringa.<\/p>\n<p>Valle kommune er klar over utfordringane som ligg i at mange hytteigarar disponerer eigen sn\u00f8skuter, og potensialet som d\u00e5 oppst\u00e5r for ulovleg kj\u00f8ring. Ein er likevel av den oppfatning av at ulovleg kj\u00f8ring med sn\u00f8skuter m\u00e5 motverkast med andre tiltak.<\/p>\n<p>2.4 Reiseliv og n\u00e6ringsf\u00f8rem\u00e5l<\/p>\n<p>Regelverket m\u00e5 differensierast slik at ein kan finne l\u00f8ysingar for naturbasert reiseliv og nye n\u00e6ringsvegar som supplement til tradisjonelt jordbruk. Sj\u00f8lvsagt med same grundige vurderingsgrad som nemnd sist i pkt. 2.2 og tidlegare i uttala.<\/p>\n<p>2.5 Ferdsle i verna omr\u00e5de.<\/p>\n<p>465,5 kvadratkilometer av Valle kommune er omfatta av Setesdal Vesthei &#8211; Ryfylkeheiane Landskapsverneomr\u00e5de. Valle kommune ser at det her er gjort grundige vurderingar av nasjonalt viktige omr\u00e5de, og stillar seg bak ein restrektiv og omhyggeleg praksis for forvaltning av desse og andre verna omr\u00e5de.<\/p>\n<p>2.6 H\u00f8ve til uttale fr\u00e5 USS<\/p>\n<p>Ein syner til sist til uttale fr\u00e5 USS. Valle kommune st\u00f8r denne uttala i si heilhet, og uttala gjeve ovanfor m\u00e5 oppfattast som ein utdyping av USS sin utale, i h\u00f8ve til lokale forhold i Valle.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I avisa Setesd\u00f8len fredag 5. oktober var det eit oppslag om at Valle m\u00e5llag refsar Valle kommune for spr\u00e5ket i uttalen til Ny lov om motorferdsle i utmark. Mange veit ikkje at dei kan g\u00e5 inn p\u00e5 sidene til Valle kommune og finne informasjon om uttalen der. P\u00e5 nyhetssidene ligg uttalen som formannskapet vedtok midt &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/motorferdsle_i_utmark3099337\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Motorferdsle i utmark<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[60],"class_list":["post-3099337","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-scooter"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3099337"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3099337"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3099337\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3099337"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3099337"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3099337"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}