{"id":3086414,"date":"2007-10-04T21:51:45","date_gmt":"2007-10-04T21:51:45","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/10\/eldres3086414\/"},"modified":"2007-10-04T21:51:45","modified_gmt":"2007-10-04T21:51:45","slug":"eldres3086414","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eldres3086414\/","title":{"rendered":"Eldres"},"content":{"rendered":"<p>I dag var eg p\u00e5 Eldres i Mandal. Det er ei samling som ein held p\u00e5 Bedehuset om f\u00f8rmiddagen den fyrste torsdagen i kvar m\u00e5nad. Ettersom det er haustferie, hadde eg h\u00f8ve til \u00e5 g\u00e5 der for \u00e5 sj\u00e5 kva som skjedde. Det var heller ikkje unaturleg, ettersom Reidun hadde lova \u00e5 vere med og stelle til. Dermed kunne vi f\u00e5 ei felles oppleving denne torsdagen.<\/p>\n<p>Det fekk vi og. Vakker sang, gode vaflar og ein interessant tale av Ivar Krossen fr\u00e5 Kristiansand, pensjonist han og. Til vanleg kan det vere om lag 60 p\u00e5 eit slikt arrangement, men pensjonistar har og haustferie, s\u00e5 det var bare vel halvparten denne dagen.<\/p>\n<p>Det sl\u00e5r meg at pensjonistar er ikkje det dei var. Mange av dei eg kjenner som er komne i denne gruppa, reiser til Kreta og Kypros og Kanari\u00f8yane og andre stader som ikkje startar p\u00e5 K. Dei er ikkje bundne til \u00e5 m\u00f8te p\u00e5 jobb, og d\u00e5 kan dei ta b\u00e5de ein og fleire turar i semesteret. F\u00f8r var pensjonisttida nok meir bunden enn no.<\/p>\n<p>Her finn du noko om pensjon p\u00e5 wikipedia: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Pensjon<br \/>\nOg her er lenker til feriem\u00e5l p\u00e5 K:<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Kreta<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Kypros<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Kanari%C3%B8yene<\/p>\n<p>For eit par veker sidan var eg p\u00e5 ein basar i Mandal. Knut Svein Dale tala og fekk alle med seg d\u00e5 han teikna bilete av Kypros og Barnabas, Paulus sin medhjelpar som var fr\u00e5 denne \u00f8ya. http:\/\/da.wikipedia.org\/wiki\/Barnabas er ei lenke til dansk wikipedia sin artikkel, d\u00e5 norsk ikkje har f\u00e5tt nokon enn\u00e5.<\/p>\n<p>Knut Svein Dale la inn i talen geografiske opplysningar om Kypros og Israel og det verka som om sv\u00e6rt mange av tilh\u00f8yrarane hadde vore der. Eg har ikkje, og eg har ikkje vore interessert i \u00e5 dra heller.<\/p>\n<p>Men interesser kan endrast, eg ser ikkje bort fr\u00e5 det. N\u00e5r eg ser tilbake p\u00e5 siste halvanna \u00e5ret, s\u00e5 har interessene endra seg mykje. No bloggar eg og skriv p\u00e5 wikipedia b\u00e5de tidleg og seint, ei ny verd opna seg d\u00e5 eg tok til med det. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag var eg p\u00e5 Eldres i Mandal. Det er ei samling som ein held p\u00e5 Bedehuset om f\u00f8rmiddagen den fyrste torsdagen i kvar m\u00e5nad. Ettersom det er haustferie, hadde eg h\u00f8ve til \u00e5 g\u00e5 der for \u00e5 sj\u00e5 kva som skjedde. Det var heller ikkje unaturleg, ettersom Reidun hadde lova \u00e5 vere med og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eldres3086414\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Eldres<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3086414","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3086414"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3086414"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3086414\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3086414"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3086414"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3086414"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}