{"id":3065121,"date":"2007-09-30T22:50:09","date_gmt":"2007-09-30T22:50:09","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/09\/ei_innhaldsrik_helg3065121\/"},"modified":"2007-09-30T22:50:09","modified_gmt":"2007-09-30T22:50:09","slug":"ei_innhaldsrik_helg3065121","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ei_innhaldsrik_helg3065121\/","title":{"rendered":"Ei innhaldsrik helg"},"content":{"rendered":"<p>I kveld skriv eg blogg som bare delvis er relatert til Valle Radio, mest handlar det om fyrste helga i haustferien. Men eg kan jo til innleiing nemne at eg ikkje har tysdagssending i haustferien. Det er heller ikkje onsdagssending, men me kjem sterkt att fredagskvelden. D\u00e5 skal Bj\u00f8rgulv T. Berg ha sauesj\u00e5sending for heile dalen, og open sending skal Rolf Erik Homme st\u00e5 for.<\/p>\n<p>**Suleskarvegen**<br \/>\nFredag ettermiddag la eg vegen over fjellet i det flottaste sommarveret ein kunne \u00f8nske seg. Sulskarvegen, alts\u00e5. Den er ikkje brei, og denne fredagen vart det ei noks\u00e5 hakkete kj\u00f8ring over vestover, for dei fleste bilane p\u00e5 vegen skulle austover, og dei var mange. Grupper p\u00e5 tre til seks bilar kom i lag mot meg, d\u00e5 var det i grunnen bare til \u00e5 stoppe og vente, og s\u00e5 heller ta ein liten bit til f\u00f8r neste gruppe kom. Ved gjetarbua ved Roskrepp stod det mang sauer i ei grind, og lenger vest kom ein stor dyretransport, s\u00e5 dei heldt vel p\u00e5 med ettersanking, men elles var det mange som skulle tilbringe helga i Setesdal.<\/p>\n<p>Vi har jo hatt vegen som tema i ganske mange sendingar, og fleire vil det nok bli. Eg tenkte d\u00e5 eg drog over heia at mange stader skulle det vore ganske lett \u00e5 utvide vegen litt og f\u00e5 to felts veg utan store kostnader. Det hadde vore betre nesten kor lite det var. Heldigvis berga eg meg over utan at nokon spegel vart knust.<\/p>\n<p>**90 \u00e5r**<br \/>\nGrunnen til at eg drog over fjellet fredag var at me skulle feire mor sin 90-\u00e5rsdag laurdag. 70 gjester var innbedne, vi starta med konsert i \u00c5lg\u00e5rd kyrkje klokka 14 med barn og barnebarn i elden. Dei hadde f\u00e5tt forsterkning med svigerbarn og svigerbarnebarn og, og ein full time var det song og spel til glede for kven som helst, det heitte lunsjkonsert og var ope for alle, men mest for mor og familie og vener.<\/p>\n<p>Deretter var det mat og prat p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd Bedehus, slik sett var det nesten symbolsk, for mor sitt liv har vore langs den aksen i stor grad. Far var kyrkjetenar i \u00c5lg\u00e5rd kyrkje http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/%C3%85lg%C3%A5rd_kirke i ei tid d\u00e5 det var heilt naturleg for kyrkjetenaren \u00e5 ta med lunka d\u00e5psvatn heimanfr\u00e5 heller enn \u00e5 varme det i kyrkja, og mor vaska og stelte d\u00e5pshanddukane i alle \u00e5r. Det andre store engasjementet til far og mor l\u00e5g p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd Bedehus. D\u00e5 eg vaks opp, heitte det Betel, sidan vart det bygd nytt bedehus utan at det fekk bibelsk namn. Her hadde dei sin faste gang, kyrkja om f\u00f8remiddagen, bedehuset om kvelden. S\u00e5 vi tykte det var heilt som det skulle vere \u00e5 leggje festen til Bedehuset. Mor heldt ut til siste bord var rydda, s\u00e5 var det heim til ein liten prat, f\u00f8r me la i veg mot Mandal om lag klokka 2230. Med ny veg forbi Kvinesdal g\u00e5r turen no p\u00e5 litt over to timar.<\/p>\n<p>**Kor og orgel**<br \/>\nI Lyngdal har dei ein konsertserie i \u00e5r som heiter Orgel i 100. Grunnen er at orgelet i kyrkja der er hundre \u00e5r gamalt. Siste sundag i kvar m\u00e5nad er det konsert med det gamle instrumentet i fokus, men gjerne med noko att\u00e5t. Denne sundagen var det Margaret Standal Volle Haugland som spela. Ho har vore spelt i Postludium ein gong for snart to \u00e5r sidan. I tillegg var det slagverk og saxofon, og s\u00e5 fekk eg gleda av \u00e5 vere med i eit kor som song litt p\u00e5 konserten. Det vart ei stor oppleving. Vi song <em>Som den gylne sol frembryter<\/em> p\u00e5 ein folketone arrangert av Henning Sommerro http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Henning_Sommerro, det var som taket l\u00f8fta seg. Margaret spelte Mozart, http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Mozart<br \/>\nCPE Bach http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Carl_Philipp_Emanuel_Bach og gamle Bach http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Johann_Sebastian_Bach i tillegg til samspel med dei andre i folketonearrangement og meir moderne stykke. St\u00e5ande applaus fr\u00e5 publikum gjorde at musikarane kvitterte med ekstranummer f\u00f8r alle fekk eit glas orgelbrus \u00e5 leske seg med innan vi tok kveld og drog heim att.<\/p>\n<p>Det vart ein innhaldsrik start p\u00e5 haustferien.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld skriv eg blogg som bare delvis er relatert til Valle Radio, mest handlar det om fyrste helga i haustferien. Men eg kan jo til innleiing nemne at eg ikkje har tysdagssending i haustferien. Det er heller ikkje onsdagssending, men me kjem sterkt att fredagskvelden. D\u00e5 skal Bj\u00f8rgulv T. Berg ha sauesj\u00e5sending for heile &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ei_innhaldsrik_helg3065121\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ei innhaldsrik helg<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-3065121","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3065121"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3065121"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3065121\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3065121"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3065121"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3065121"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}