{"id":2986183,"date":"2007-09-15T21:42:53","date_gmt":"2007-09-15T21:42:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/09\/norske_attraksjonar2986183\/"},"modified":"2007-09-15T21:42:53","modified_gmt":"2007-09-15T21:42:53","slug":"norske_attraksjonar2986183","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/norske_attraksjonar2986183\/","title":{"rendered":"Norske attraksjonar"},"content":{"rendered":"<p>I kveld starta programserien om norske attraksjonar som Linda Eide st\u00e5r bak. Ho var i Valle i vinter eller var det i fjor haust og gjorde opptak til programmet. Eg hadde eit intervju med henne i Valle Radio den gongen. Difor sette eg meg til rette framfor TV-en i kveld klokka 2230 for \u00e5 sj\u00e5 kva ho hadde funne til attraksjonar. Her er lenke til programmet hos NRK http:\/\/www.nrk.no\/programmer\/tv\/norsk_attraksjon\/1.3399900<\/p>\n<p>Attraksjonane var<br \/>\n*Ofredalstunnelen &#8211; Noregs brattaste tunnel &#8211; http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Ofredalstunnelen<br \/>\n*Fridtjof den Fr\u00f8kne &#8211; statuen p\u00e5 Vangsnes &#8211; http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Vangsnes<br \/>\n*Gollis &#8211; jolenissen p\u00e5 Lyngseidet &#8211; http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Lyngseidet<br \/>\n*Pl\u00f8yekunst i Odal<\/p>\n<p>Det var eit interessant program utanom allfarveg. Linda Eide er ein attraksjon i seg sj\u00f8lv, ein fascinerande reporter med eit velklingande vossam\u00e5l.<\/p>\n<p>Av desse attraksjonane opplevde eg Fridtjof den Fr\u00f8kne i haust d\u00e5 vi var p\u00e5 tur til \u00c5lesund. Vi hadde overnatta i Vik i Sogn etter ein fin tur fr\u00e5 Valle. I staden for \u00e5 sove p\u00e5 Voss, k\u00f8yrde vi over Vikafjellet om kvelden, noko som i ettertid synte seg \u00e5 vere sv\u00e6rt lurt, for det kom sn\u00f8 p\u00e5 fjellet om natta. D\u00e5 vi neste morgon la i veg nordover, h\u00f8vde det slik at vi slapp \u00e5 vente p\u00e5 ferja, men kunne k\u00f8yre rett ombord. Dermed vart det ingen tur opp til Fridtjof denne gongen, elles har han gjerne f\u00e5tt eit bes\u00f8k n\u00e5r vi er den vegen. Det var artig \u00e5 sj\u00e5 Linda st\u00e5 der mellom f\u00f8tene p\u00e5 den 22 meter h\u00f8ge skulpturen, ho vart lita der. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld starta programserien om norske attraksjonar som Linda Eide st\u00e5r bak. Ho var i Valle i vinter eller var det i fjor haust og gjorde opptak til programmet. Eg hadde eit intervju med henne i Valle Radio den gongen. Difor sette eg meg til rette framfor TV-en i kveld klokka 2230 for \u00e5 sj\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/norske_attraksjonar2986183\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Norske attraksjonar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2986183","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2986183"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2986183"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2986183\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2986183"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2986183"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2986183"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}