{"id":2947807,"date":"2007-09-08T21:10:57","date_gmt":"2007-09-08T21:10:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/09\/valle_radio_i_sorlandssendinga2947807\/"},"modified":"2007-09-08T21:10:57","modified_gmt":"2007-09-08T21:10:57","slug":"valle_radio_i_sorlandssendinga2947807","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valle_radio_i_sorlandssendinga2947807\/","title":{"rendered":"Valle Radio i S\u00f8rlandssendinga"},"content":{"rendered":"<p>Siste valgstudio i S\u00f8rlandssendinga vart halde i g\u00e5r kveld i Valle Radio. Dei skulle vore utanfor Hasla i Valle sentrum, men det bles s\u00e5 mykje at dei flytta ned i radiostudioet v\u00e5rt. Der var atter ein gong \u00d8rnulf Hasla og Sigurd Haugsgjerd i elden, no saman med Signe Sollien Haugaa i Setesdal Regionr\u00e5d. Med Signe og Sigurd dekka dei heile dalen, medan \u00d8rnulf hadde ferske inntrykk etter maratonsendinga torsdagskvelden.<\/p>\n<p>Det vart ein heil times sending fr\u00e5 Valle der dei oppsummerte nokre av emna som har vore aktuelle i valkampen i Setesdal.<\/p>\n<p>Etter mi meining har vi f\u00e5tt mykje ut av \u00e5 ha Valle Radio i aktivitet i samband med valkampen. Vi har hatt mange lydarar som har f\u00e5tt med seg deler av programma v\u00e5re om valet i \u00e5r. I tillegg til maratonsendinga torsdagskvelden, hadde eg eit lengre intervju med fylkesordf\u00f8rar Oddvar Skaiaa veka f\u00f8r, og \u00d8rnulf let fire av kandidatane til fylkestingsvalet f\u00e5 tre minutt til ein appell torsdagskvelden, s\u00e5 vi har pr\u00f8vd \u00e5 dekke b\u00e5de kommune og fylke.<\/p>\n<p>**Forh\u00e5ndsstemming**<br \/>\nEg har og lyst til \u00e5 gje ein bukett roser i alle partifargar til Velkomstsenteret ved Jorunn Tveiten og dei andre som arbeider der. Dei har teke mot forh\u00e5ndsstemmer fr\u00e5 10% av dei r\u00f8ystef\u00f8re i Valle. Venleg og effektivt har dei hjelpt oss som ikkje kan vere heime p\u00e5 valdagen med \u00e5 sende r\u00f8ystene v\u00e5re til heimekommunen ogs\u00e5. Jorunn har og vore i radioen for \u00e5 informere om valet, s\u00e6rleg har ho lagt vekt p\u00e5 at ein gjerne kan kome \u00e5 stemme sj\u00f8lv om ein ikkje har legitimasjon. -I Valle kjenner me alle, seier ho, og \u00e5 vere kjend av folk som tek mot stemmer er nok for \u00e5 f\u00e5 stemme.<\/p>\n<p>**Stemme for f\u00f8rste gong**<br \/>\nSj\u00f8lv har eg hatt gleda av \u00e5 syne flyktningar som skal stemme for f\u00f8rste gong i \u00e5r korleis v\u00e5rt system for val til kommunestyret er. Ved kommunevalet kan ein som har budd i Noreg i tre \u00e5r, stemme, og fleire av flyktningane v\u00e5re har budd lenger enn det i Valle. For fyrste gong har dei f\u00e5tt valkort og er med i manntalet. V\u00e5rt system for demokrati er annleis enn i mange andre land, s\u00e5 vi har hatt nokre rundar for \u00e5 avklare sp\u00f8rsm\u00e5l dei har hatt og finne ut korleis forholdstalsval fungerer. Ettersom kommunevalet er eit val p\u00e5 folk ein kjenner, har vi ogs\u00e5 g\u00e5tt gjennom listene for \u00e5 sj\u00e5 kven dei kjenner, og det er ganske mange etter kvart. Det har og vore ein interessant prosess.<\/p>\n<p>D\u00e5 er det bare \u00e5 g\u00e5 til urnene i morgon og m\u00e5ndag i Valle og gjere borgarplikta si. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Siste valgstudio i S\u00f8rlandssendinga vart halde i g\u00e5r kveld i Valle Radio. Dei skulle vore utanfor Hasla i Valle sentrum, men det bles s\u00e5 mykje at dei flytta ned i radiostudioet v\u00e5rt. Der var atter ein gong \u00d8rnulf Hasla og Sigurd Haugsgjerd i elden, no saman med Signe Sollien Haugaa i Setesdal Regionr\u00e5d. Med Signe &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valle_radio_i_sorlandssendinga2947807\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Valle Radio i S\u00f8rlandssendinga<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[69],"class_list":["post-2947807","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-val-2007"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2947807"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2947807"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2947807\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2947807"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2947807"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2947807"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}