{"id":279534,"date":"2005-11-02T23:29:04","date_gmt":"2005-11-02T23:29:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2005\/11\/krypsiv_i_otra279534\/"},"modified":"2005-11-02T23:29:04","modified_gmt":"2005-11-02T23:29:04","slug":"krypsiv_i_otra279534","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/krypsiv_i_otra279534\/","title":{"rendered":"Krypsiv i Otra"},"content":{"rendered":"<p>Dette er eit stort problem, og det er aukande. I mine sendingar har eg fleire gonger hatt bes\u00f8k av Torjus Uppstad, VAFA, og Tom Arild Homme, som no er engasjert som prosjektleiar for innfrysingsprosjektet som er planlagt til vinteren.<\/p>\n<p>I kveld, onsdag 2. november 2005, hadde eg ein samtale med kraftverksdirekt\u00f8r <strong>Reidar Ove Mork <\/strong>p\u00e5 telefon og dagleg leiar i VAFA, <strong>Torjus Uppstad,<\/strong> i studio. Bakgrunnen var to lesarinnlegg i Setesd\u00f8len, det eine fr\u00e5 tysdag 1. november av Uppstad, det andre fr\u00e5 fredag 28. oktober fr\u00e5 ei rekkje naturorganisasjonar under paraplyen Forum for Natur og Friluftsliv i Agder. Dei krev at ansvaret for krypsiv i elva blir plassert hos regulanten og at myndigheitene m\u00e5 ta ansvar og nytte dei verkemiddel som er naudsynte for \u00e5 stoppe prosessen med tilgroing i elvane.<\/p>\n<p>Mork gjorde greie for at det er etablert eit fond p\u00e5 21 millionar kroner. Avkastninga av dette fondet skal nyttast til kampen mot krypsiv. Han meinte at det ikkje bare er reguleringa som er skuld i tilgroing, men at sur nedb\u00f8r og har medverka til den negative utviklinga. Problemet er ikkje s\u00e5 stort i Bykle kommune, med unntak av eit omr\u00e5de ved Bj\u00f8rnar\u00e5, kanskje p\u00e5 grunn av mykje steinbotn i elva der. Men lenger nede, der det er sandbotn, er det stader med mykje krypsiv og fl\u00f4tgras. Innfrysingsprosjektet nedstr\u00f8ms Brokke og eit prosjekt i Vennesla er tiltak som st\u00e5r p\u00e5 planen i \u00e5r og neste \u00e5r.<\/p>\n<p>Torjus Uppstad bad om orsaking for at han i 2001 melde regulanten for milj\u00f8kriminalitet, noko som han ikkje skulle ha gjort. Det var ikkje grunnlag for dette, og saka vart lagt bort av politiet. Torjus fortalde om bakgrunnen for at han gjorde det i sendinga i kveld og seier han l\u00e6rte mykje av denne saka.<\/p>\n<p>Han meiner vidare at kommunen m\u00e5 p\u00e5 banen i positivt samarbeid med regulanten om vi skal f\u00e5 resultat i denne saka, og at kommunen m\u00e5 erkjenne delansvar, noko dei ikkje har gjort til no.<\/p>\n<p>I sendinga h\u00f8yrde vi <strong>Bj\u00f8rgulv Straume <\/strong>lese sitt eige dikt om temaet:<\/p>\n<p>H\u00f8yr, no er det stille og daudt<br \/>\ninnmed fossen,<br \/>\nsom sevja s\u00e5 stille den renn<br \/>\nunder borkjen.<\/p>\n<p>Dei kvirvlande stryka<br \/>\ner burte i dalen,<br \/>\nno liver vel alle<br \/>\nsom rikaste tsaren.<\/p>\n<p>Men Otra renn ikkje<br \/>\ns\u00e5 fager og rik,<br \/>\nom enno eg minnest deg<br \/>\nfossande stri.<\/p>\n<p>Sj\u00e5, krypsivet svingar seg<br \/>\nvilt i dansen.<br \/>\nVert dette for Otra<br \/>\nden seiste kransen?<\/p>\n<p>Deretter spela han <strong>Munnharpesl\u00e5tten<\/strong> og meir skulle det ikkje til for \u00e5 skape ei magisk innleiing til samtalen mellom dei to om emnet.<\/p>\n<p>Har du synspunkt p\u00e5 dette? Skriv eit innlegg p\u00e5 bloggen til Valle radio.<\/p>\n<p>Harald<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette er eit stort problem, og det er aukande. I mine sendingar har eg fleire gonger hatt bes\u00f8k av Torjus Uppstad, VAFA, og Tom Arild Homme, som no er engasjert som prosjektleiar for innfrysingsprosjektet som er planlagt til vinteren. I kveld, onsdag 2. november 2005, hadde eg ein samtale med kraftverksdirekt\u00f8r Reidar Ove Mork p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/krypsiv_i_otra279534\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Krypsiv i Otra<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-279534","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/279534"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=279534"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/279534\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=279534"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=279534"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=279534"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}