{"id":2714822,"date":"2007-07-28T07:02:47","date_gmt":"2007-07-28T07:02:47","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/07\/pilegrimar2714822\/"},"modified":"2007-07-28T07:02:47","modified_gmt":"2007-07-28T07:02:47","slug":"pilegrimar2714822","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pilegrimar2714822\/","title":{"rendered":"Pilegrimar"},"content":{"rendered":"<p>Hovden Fjellstoge har funne seg ei nisje som har lagt grunn for mykje aktivitet siste \u00e5ret. Det starta med boka til Bjarne Tveiten om Underet i Breive. Deretter kom tilsetjing av Birte L\u00f8v\u00e5sen som pilegrimsprest i eit samarbeid mellom Hovden Fjellstoge, Agder Bisped\u00f8mmer\u00e5d og Bykle kommune. I Setesd\u00f8len for i g\u00e5r hadde Sigurd Haugsgjerd ei heilside med tittelen Over 100 gjekk pilegrimstur.<\/p>\n<p>Om pilegrimar finn du og p\u00e5 nynorsk wikipedia: http:\/\/nn.wikipedia.org\/wiki\/Pilegrim<br \/>\nFr\u00e5 denne sida kan du g\u00e5 til wikipedia p\u00e5 andre spr\u00e5k og sj\u00e5 kva dei har skrive. P\u00e5 bokm\u00e5l finst det liste over pilgrimsm\u00e5l. Der er R\u00f8ldal med, men det er enno ikkje nokon artikkel om pilgrimsturar til R\u00f8ldal. Ved \u00e5 leite med utgangspunkt i desse sidene p\u00e5 wikipedia, kan ein finne mykje om pilegrimstradisjonen i alle kulturar og religionar.<\/p>\n<p>N\u00e5r Bj\u00f8rnar M\u00f8renskog vurderer opplegget, seier han at det har vore over all forventning. \u00c5 f\u00e5 over 100 personar til \u00e5 melde seg p\u00e5 for \u00e5 g\u00e5 pilgrimstur fr\u00e5 Breive til R\u00f8ldal er langt meir enn han hadde v\u00e5ga \u00e5 h\u00e5pe p\u00e5 d\u00e5 dei bestemte seg for \u00e5 g\u00e5 i gang med dette, seier han til Setesd\u00f8len.<\/p>\n<p>Avisa kan fortelje at det ikkje bare er sj\u00f8lve turen. F\u00f8r turen startar er det ein kulturkveld p\u00e5 Hovden Fjellstoge. Morgonen etter er det gudsteneste i Fjellgardane kyrkje, s\u00e5 i sommar har det vore fire kulturkveldar og fire ekstra gudstenester i kyrkja p\u00e5 Hovden. I tillegg til lokale deltakarar har folk fr\u00e5 store deler av S\u00f8r-Noreg vore med p\u00e5 turane.<\/p>\n<p>Strekninga er 80 km i fjellet, siste dagen er etappen 23 km. D\u00e5 er det godt \u00e5 kome fram til stavkyrkja i R\u00f8ldal. http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/R%C3%B8ldal_stavkirke<\/p>\n<p>I fjellet har det vore mykje sn\u00f8, s\u00e5 det har ikkje vore lette turar. Det fortel prostidiakon Per Emanuelsen i eit innlegg i same avisa. Han fortel at dei fyrste dagen gjekk til Sloaroshytta. http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Sloaros<\/p>\n<p>Sidan overnatta dei p\u00e5 Holmevassbu og i oppsette lavvoar ved Kaldevassrustene f\u00f8r dei etter 23 km siste dagen kom fram til R\u00f8ldal. Der var det s\u00e5 avslutningsgudsteneste.<\/p>\n<p>Pilegrimane som gjekk i sommar var ikkje s\u00e5 opptekne av om krusifikset i stavkyrkja<br \/>\nsveitta, det var turen som var m\u00e5let, ikkje l\u00e6kjedom for sjukdom p\u00e5 underfull vis. Men naturen si kraft til \u00e5 skape fellesskap gjennom felles slit og arbeid, det fekk dei alle oppleve.<\/p>\n<p>Ved desse reportasjane fyller Setesd\u00f8len ut det vi har hatt fleire program om i Valle Radio i vinter. Det er hyggeleg at det lukkast for satsinga p\u00e5 dette for Hovden Fjellstoge.<\/p>\n<p>I ein forstand er vi alle pilegrimar. Det er kanskje grunnen til at songar med pilegrimsmotiv framleis vert sungne og skapar atterklang i sinna v\u00e5re. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hovden Fjellstoge har funne seg ei nisje som har lagt grunn for mykje aktivitet siste \u00e5ret. Det starta med boka til Bjarne Tveiten om Underet i Breive. Deretter kom tilsetjing av Birte L\u00f8v\u00e5sen som pilegrimsprest i eit samarbeid mellom Hovden Fjellstoge, Agder Bisped\u00f8mmer\u00e5d og Bykle kommune. I Setesd\u00f8len for i g\u00e5r hadde Sigurd Haugsgjerd ei &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pilegrimar2714822\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Pilegrimar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2714822","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2714822"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2714822"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2714822\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2714822"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2714822"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2714822"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}