{"id":2623709,"date":"2007-07-12T18:46:37","date_gmt":"2007-07-12T18:46:37","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/07\/sommarkonsert_i_egersund_kyrkje_ei_opple2623709\/"},"modified":"2007-07-12T18:46:37","modified_gmt":"2007-07-12T18:46:37","slug":"sommarkonsert_i_egersund_kyrkje_ei_opple2623709","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sommarkonsert_i_egersund_kyrkje_ei_opple2623709\/","title":{"rendered":"Sommarkonsert i Egersund kyrkje &#8211; ei oppleving rikare"},"content":{"rendered":"<p>Eigersund Musikkr\u00e5d i samarbeid med Eigersund kulturskole og Egersund kirkes kulturutvalg arrangerer lunsjkonsertar med tittelen **Musikkstund i kirken** i kyrkja kvar m\u00e5ndag, onsdag og fredag i juli. Eg hadde gleda av \u00e5 oppleve ein slik konsert i g\u00e5r, onsdag 11. juli. Det vart ei stor oppleving.<\/p>\n<p>Musikarane var Henning R\u00f8d Haugland p\u00e5 piano og Magnus R\u00f8d Haugland p\u00e5 kontrabass. Om du n\u00e5r du ser etternamnet tenkjer at det er familien min, har du rett, eg er onkel til dei to flotte musikarane. Onsdagen f\u00f8r denne konserten spelte Magnus d\u00e5 Dronning Sonja hadde lunsj i Stavanger, s\u00e5 ein kan kanskje seie at det var kongeleg.<\/p>\n<p>Henning og Magnus spelar jazzinspirert musikk, og dei starta med ein Ballade som Henning hadde skrive. Deretter var det religi\u00f8se folketonar, mellom andre <em>Swing low, sweet chariot og Kven kan seia ut den gleda<\/em>. Ein rik halvtime var det i alle fall, og opp mot 100 personar fann vegen til arrangementet. Ikkje d\u00e5rleg ein onsdag midt i juli.<\/p>\n<p>Egersund har ein gjestevennleg parkeringspolitikk. Du kan st\u00e5 ein time midt i sentrum, like utanfor kyrkja, utan parkometer. Det heldt godt for min del. Etter konserten flytta eg bilen til ein annan stad, og s\u00e5 spaserte vi gjennom g\u00e5gata til Eikunda, der vi fekk oss litt mat. P\u00e5 menyen stod det at dei hadde steikt kveite, men d\u00e5 vi skulle bestille, var den utseld, s\u00e5 vi m\u00e5tte finne noko anna. Eg og dei som var med meg brukte nok minst 1000 kroner i Egersund denne dagen, alt fordi det var ein liten konsert vi ville oppleve. Truleg var det slik for mange andre og, noko som tyder p\u00e5 at om det vert arrangert noko ein stad, vil det ofte f\u00f8re til omsetning i n\u00e6ringslivet.<\/p>\n<p>I morgon spelar Viggo Fagerjord orgel i denne konsertserien.<\/p>\n<p>M\u00e5ndag i neste veke er det Margun Risa, sang og Solvor Kv\u00e5le Konstali, klaver, som skal halde konserten.<\/p>\n<p>Onsdag 18. juli er det Line Haukland, cello og Gundhild Kristoffersen, sang\/klaver.<\/p>\n<p>Fredag 20. juli er det Knut Magnus B\u00f8en, fl\u00f8yte og Bodil Fagerheim, orgel.<\/p>\n<p>Alle konsertane er st\u00f8tta av ulike firma i Egersund. Det er 17. \u00e5ret p\u00e5 rad at Eigersund Musikkr\u00e5d st\u00e5r for denne serien med konsertar. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eigersund Musikkr\u00e5d i samarbeid med Eigersund kulturskole og Egersund kirkes kulturutvalg arrangerer lunsjkonsertar med tittelen **Musikkstund i kirken** i kyrkja kvar m\u00e5ndag, onsdag og fredag i juli. Eg hadde gleda av \u00e5 oppleve ein slik konsert i g\u00e5r, onsdag 11. juli. Det vart ei stor oppleving. Musikarane var Henning R\u00f8d Haugland p\u00e5 piano og Magnus &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sommarkonsert_i_egersund_kyrkje_ei_opple2623709\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sommarkonsert i Egersund kyrkje &#8211; ei oppleving rikare<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2623709","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2623709"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2623709"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2623709\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2623709"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2623709"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2623709"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}