{"id":2590220,"date":"2007-07-07T12:16:18","date_gmt":"2007-07-07T12:16:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/07\/haydoms_venner2590220\/"},"modified":"2007-07-07T12:16:18","modified_gmt":"2007-07-07T12:16:18","slug":"haydoms_venner2590220","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/haydoms_venner2590220\/","title":{"rendered":"Haydoms venner"},"content":{"rendered":"<p>I dag sat eg ved datamaskinen og surfa. Det er i grunnen ein grei aktivitet i alt dette regnet. Eg snur ryggen til vindauga og slepp \u00e5 sj\u00e5 regnet som silar ned og dei vasstrukne teigane utanfor huset. D\u00e5 kom eg til ei side om **Haydom Developement Company Ltd**. Sj\u00e5 http:\/\/www.haydom.no\/news\/192.htm<\/p>\n<p>I vinter hadde eg eit timelangt program i Valle Radio med Olav Holen, som hadde vore p\u00e5 bes\u00f8k p\u00e5 Haydom sjukehus i Tanzania. Han fortalde mykje fr\u00e5 sjukehuset, men lite om prosjektet som sjukehuset driv fem mil unna. Der har Haydoms venner kj\u00f8pt Mulbadaw Farm og CMSC Galangal, ein storgard og ein maskinverkstad. Halvdan Jakobsen fr\u00e5 Mandal er dagleg leiar (Managing Director) og medlem av styret.<\/p>\n<p>Sida fortel at dei kan f\u00e5 kj\u00f8pe end\u00e5 ein gard, som arronderingsmessig vil h\u00f8ve godt saman med resten. Kor langt dei er komne med det prosjektet, veit eg ikkje. Den sida eg fann, var fr\u00e5 sommaren 2006.<\/p>\n<p>Overskotet fr\u00e5 drift av garden skal g\u00e5 til sjukehuset i Haydom. M\u00e5let er \u00e5 skaffe ei sikker inntekstkjelde for sjukehuset. Samstundes vert eigedomane nytta i arbeidet for \u00e5 gje betre k\u00e5r til folk i omr\u00e5det. D\u00e5 maisen svikta, kunne folk leve av kveite som dei dyrka p\u00e5 garden, den eine garden dyrkar meir korn enn heile Vest-Agder, skriv Jakobsen, som er fylkesgartner i Vest-Agder i ein del av tida si og dermed sikkert veit det meste om kva som kan dyrkast b\u00e5de i nord og s\u00f8r.<\/p>\n<p>Planen er \u00e5 utvikle omr\u00e5det vidare og f\u00e5 tilbake vilt, intensivt jordbruk har f\u00f8rt til sterk erosjon og tilbakegang av skog som gav ly til dyra. Om ein f\u00e5r det tilbake, vil trivsel i for folk i omr\u00e5det auke.<\/p>\n<p>Vi er mange som har blitt imponert over arbeidet som vert gjort p\u00e5 Haydom. Olav Holen vi som pensjonist bruke noko av tida si som lege der og har planar om \u00e5 dra nedover utp\u00e5 hausten. Truleg vil vi f\u00e5 fleire rapportar og innslag i radioen om Haydom n\u00e5r han er p\u00e5 plass der p\u00e5 h\u00f8gsletta i Tanzania, 1750 meter over havet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag sat eg ved datamaskinen og surfa. Det er i grunnen ein grei aktivitet i alt dette regnet. Eg snur ryggen til vindauga og slepp \u00e5 sj\u00e5 regnet som silar ned og dei vasstrukne teigane utanfor huset. D\u00e5 kom eg til ei side om **Haydom Developement Company Ltd**. Sj\u00e5 http:\/\/www.haydom.no\/news\/192.htm I vinter hadde eg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/haydoms_venner2590220\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Haydoms venner<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2590220","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2590220"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2590220"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2590220\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2590220"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2590220"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2590220"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}