{"id":2575357,"date":"2007-07-04T22:43:02","date_gmt":"2007-07-04T22:43:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/07\/dronninga_sin_fodselsdag2575357\/"},"modified":"2007-07-04T22:43:02","modified_gmt":"2007-07-04T22:43:02","slug":"dronninga_sin_fodselsdag2575357","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/dronninga_sin_fodselsdag2575357\/","title":{"rendered":"Dronninga sin f\u00f8dselsdag"},"content":{"rendered":"<p>4. juli har ein spesiell d\u00e5m hos meg. Det er USA sin store dag, det er flaggdag i Norge fordi det er Dronning Sonja sin f\u00f8dselsdag og det er f\u00f8dselsdag for ei av systrene mine. Difor har det gjerne vore litt festivitas rundt denne dagen.<\/p>\n<p>I \u00e5r var det nasjonal festivitas. Det var 70-\u00e5rsdagen til Dronning Sonja, og som seg h\u00f8ver skal den offisielle feiringa g\u00e5 over fleire dagar. Det er jo ei sjeldan sprek dame som rundar \u00e5r, det verkar som om fjellturar i nord og s\u00f8r st\u00e5r h\u00f8gt p\u00e5 lista hennar over aktivitetar ho set pris p\u00e5. Det er ikkje s\u00e5 lenge sidan ho var i Setesdal, 11. august 2006 rapporterte F\u00e6drelandsvennen om at ho hadde vore p\u00e5 tur med Bjoren. Sj\u00e5 http:\/\/www.fvn.no\/nyheter\/setesdal\/article388767.ece<\/p>\n<p>Men det er ikkje bare fjellet ho set pris p\u00e5. Etter markeringa av dagen i Stavanger drog ho med Kongeskipet Norge til Lindesnes for \u00e5 opne Spangereidkanalen. Det skjer i morgon. Sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Spangereidkanalen<\/p>\n<p>Artikkelen fortel om eit stort spleiselag. Summen for kanalen er 35 til 40 millionar kroner, og stat, fylke, kommune og nabokommunar har lagt i for \u00e5 f\u00e5 til prosjektet. Eg hadde omtale av dette tidlegare, d\u00e5 var artikkelen mykje mindre, s\u00e5 det er meir informasjon \u00e5 hente om du g\u00e5r inn der no. Grunnen til det er at Philip Gabrielsen vil skrive om Spangereidkanalen til artikkelkonkurransen p\u00e5 Wikipedia. F\u00f8r festen har han alt lagt inn fleire bilete fr\u00e5 kanalen. Under festen vil han fotografere for \u00e5 f\u00e5 med mest mogleg med tanke p\u00e5 \u00e5 utvikle artikkelen p\u00e5 wikipedia vidare.<\/p>\n<p>Eg hadde gleda av \u00e5 vere til stades d\u00e5 Dronning Sonja opna Setesdalsmuseet i 1993. Det var ei stor oppleving, b\u00e5de festen rundt sj\u00f8lve opninga og middagen i Soknehuset om kvelden. Eg er sikker p\u00e5 at det vert ei stor oppleving for dei som var med p\u00e5 markeringa i Stavanger s\u00e5 vel som for dei som er med p\u00e5 festen i Lindesnes.<\/p>\n<p>Valle Radio var ikkje skipa d\u00e5 Setesdalsmuseet vart opna. D\u00e5 Dronning Sonja var i Setesdal i fjor sommar, hadde radioen sommarferie og dekka ikkje det som skjedde. Heller ikkje i \u00e5r har vi noko stoff relatert til det at ho igjen vitja Agder. Det f\u00e5r halde med dette innlegget p\u00e5 bloggen.<\/p>\n<p>Gratulerer med dagen til alle som har 4. juli som \u00e5rem\u00e5lsdag.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>4. juli har ein spesiell d\u00e5m hos meg. Det er USA sin store dag, det er flaggdag i Norge fordi det er Dronning Sonja sin f\u00f8dselsdag og det er f\u00f8dselsdag for ei av systrene mine. Difor har det gjerne vore litt festivitas rundt denne dagen. I \u00e5r var det nasjonal festivitas. Det var 70-\u00e5rsdagen til &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/dronninga_sin_fodselsdag2575357\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Dronninga sin f\u00f8dselsdag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2575357","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2575357"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2575357"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2575357\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2575357"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2575357"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2575357"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}