{"id":2561109,"date":"2007-07-02T19:26:19","date_gmt":"2007-07-02T19:26:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/07\/eit_museumsbesok_a_minnast2561109\/"},"modified":"2007-07-02T19:26:19","modified_gmt":"2007-07-02T19:26:19","slug":"eit_museumsbesok_a_minnast2561109","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eit_museumsbesok_a_minnast2561109\/","title":{"rendered":"Eit museumsbes\u00f8k \u00e5 minnast"},"content":{"rendered":"<p>Midt i sentrum av Vigeland ligg Lindesnes Bygdemuseum og Turistinformasjon, sj\u00e5<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Lindesnes_Bygdemuseum<br \/>\nD\u00e5 vi i g\u00e5r reiste for \u00e5 sj\u00e5 Spangereidkanalen, stoppa vi der for \u00e5 leike turistar. I grunnen burde vi gjere det oftare, \u00e5 vere turistar i eige n\u00e6romr\u00e5de. N\u00e5r vi kjem til Danmark, g\u00e5r vi p\u00e5 museum, men vi m\u00e5tte med skam seie til kvarandre at Mandal Bymuseum hadde ikkje f\u00e5tt gleda av \u00e5 helse p\u00e5 oss enno.<\/p>\n<p>Eit museum er ein institusjon som skal formidle kunnskap om historie i fjern og n\u00e6r fortid, sj\u00e5  http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Museum  Ho som tok i mot oss, gjorde det p\u00e5 ein framifr\u00e5 m\u00e5te ved \u00e5 fortelje oss litt om den kunstutstillinga dei hadde med det same vi kom inn i museet. Det var tresnitt av Gustav Vigeland. Ho fortalde at han sat i sommarhuset sitt p\u00e5 Tj\u00f8m og skar tresnitta inn i br\u00f8dfj\u00f8ler av bj\u00f8rk som han kj\u00f8pte p\u00e5 Husfliden i Mandal. Bj\u00f8rk var hard ved, og br\u00f8dfj\u00f8lene var billige. Difor er bileta i utstillinga noks\u00e5 like store.<\/p>\n<p>End\u00e5 meir interessant for meg var utstillinga museet hadde i tilknytning til Asbj\u00f8rn Aavik, Kina-misjon\u00e6ren fr\u00e5 den vesle bygda \u00c5vik i Lindesnes. Grunnen til det er at eg har samla p\u00e5 b\u00f8ker av han. Eg har neppe alle, men ganske mange av dei 40 b\u00f8kene han gav ut. Her m\u00f8tte eg han og familien og livet deira p\u00e5 ein ny m\u00e5te. Utstillinga burde vore st\u00f8rre, kan hende burde det vore laga ei utstilling i bedehuset i \u00c5vik som var open sommarstid og som formidla noko av det Asbj\u00f8rn Aavik brann for.<\/p>\n<p>Vi tok turen nedom heimstaden hans og s\u00e5g st\u00f8tta som er reist der til minne om han, st\u00f8tta der det st\u00e5r: Av godtfolk er jeg f\u00f8dt, av storfolk s\u00e5 avgjort ikke. Sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/\u00c5vik, der det og er lenke til misjon\u00e6ren. I \u00c5vik snudde vi heilt nede p\u00e5 kaien der ein stoppar n\u00e5r ein skal til Svin\u00f8r. S\u00e5 vidt eg hugsar, kom ein av foreldra til Marit Salvesen fr\u00e5 denne staden, og eg trur Theis og Marit ofte er i huset der. Og dermed enda bloggen i relasjon til Valle Radio ogs\u00e5 denne gongen. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Midt i sentrum av Vigeland ligg Lindesnes Bygdemuseum og Turistinformasjon, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Lindesnes_Bygdemuseum D\u00e5 vi i g\u00e5r reiste for \u00e5 sj\u00e5 Spangereidkanalen, stoppa vi der for \u00e5 leike turistar. I grunnen burde vi gjere det oftare, \u00e5 vere turistar i eige n\u00e6romr\u00e5de. N\u00e5r vi kjem til Danmark, g\u00e5r vi p\u00e5 museum, men vi m\u00e5tte med skam &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eit_museumsbesok_a_minnast2561109\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Eit museumsbes\u00f8k \u00e5 minnast<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[42],"class_list":["post-2561109","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-lindesnes"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2561109"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2561109"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2561109\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2561109"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2561109"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2561109"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}