{"id":2554341,"date":"2007-07-01T19:30:16","date_gmt":"2007-07-01T19:30:16","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/07\/spangereidkanalen2554341\/"},"modified":"2007-07-01T19:30:16","modified_gmt":"2007-07-01T19:30:16","slug":"spangereidkanalen2554341","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/spangereidkanalen2554341\/","title":{"rendered":"Spangereidkanalen"},"content":{"rendered":"<p>Vil du vere med p\u00e5 dronning Sonja si 70-\u00e5rsfeiring, kan det vere lurt \u00e5 ta turen til Spangereid torsdag 5. juli, for d\u00e5 skal ho opne Spangereidkanalen, sj\u00e5<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Spangereidkanalen<\/p>\n<p>Men eg trur du m\u00e5 dra dit tidleg, opninga skal vere klokka 11, og sj\u00f8lv om det er god plass ved kanalen, vert det nok ganske mykje folk der. Men er du der i \u00e5ttetida om morgonen, skulle du truleg f\u00e5 god plass. Om vermeldinga held stikk, vil du f\u00e5 nokre v\u00e5te timar, men kva gjer det, du er med p\u00e5 ei historisk hending.<\/p>\n<p>Vi tok turen dit i dag, det var ei oppleving, omtrent som \u00e5 sitje i Valle sentrum ein dag n\u00e5r bilar cruisar forbi med opne vindaugo og nyt sol og folkeliv. Eg sat p\u00e5 kanten til kanalen ein god time, eg angrar p\u00e5 at eg ikkje talde b\u00e5tane, for det var mange. Fr\u00e5 vestsida og fr\u00e5 austsida putra dei gjennom kanalen som gjer at b\u00e5tar ikkje treng \u00e5 g\u00e5 rundt Lindesnes for \u00e5 kome til andre sida.<\/p>\n<p>Eg var ikkje aleine. Ei rekke europeiske tungem\u00e5l kunne h\u00f8yrast i Spangereid denne dagen. D\u00e5 vi ville f\u00e5 oss middag p\u00e5 Spangereid gjestehus, m\u00e5tte vi nesten st\u00e5 i k\u00f8 for \u00e5 f\u00e5 bord, og bensinstasjon og Sparbutikk hadde stor omsetning.<\/p>\n<p>Ordf\u00f8rar Ivar Lindal, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Ivar_Lindal har st\u00e5tt p\u00e5 for \u00e5 f\u00e5 gjennomf\u00f8rt prosjektet for \u00e5 f\u00e5 auka aktivitet i kommunen. Om det held fram slik det har vore sidan gjennombrotet skjedde for eit par veker sidan, er det ikkje bare Lindesnes fyr som er trekkplaster for \u00e5 f\u00e5 folk til \u00e5 stoppe i kommunen. Som eg sa, eg sat ein time p\u00e5 kanalkanten, eg handla og \u00e5t og la att nokre kroner. Eg trur kanalen, som har kosta 25 millionar, ikkje vil bruke mange \u00e5r p\u00e5 inntening om ein reknar total\u00f8konomi, det vil seie at folk som elles ikkje ville kome til kommunen, kjem dit, stoppar og legg att pengar. Slik sett trur eg at ei dristig satsing har vore l\u00f8nsam for dei som st\u00e5r for dette.<\/p>\n<p>Torsdag 5. juli er alts\u00e5 dagen. D\u00e5 kjem 30 kongelege til Lindesnes kommune for \u00e5 vere med n\u00e5r Dronning Sonja opnar kanalen. Og etter det vert det fest heilt fram til helga. Fredag skal Ansgar Gabrielsen og eit par andre symje gjennom kanalen, han lova det det i ei overmodig stund at om det lukkast \u00e5 f\u00e5 etablert ein kanal her, skulle han symje gjennom den. 900 meter er det visst. Truleg ikkje like stort trekkplaster som 30 kongelege p\u00e5 70-\u00e5rsfeiring, men det manglar ikkje mykje. Har du b\u00e5t, kan du melde deg p\u00e5 kortesje som skal g\u00e5 gjennom kanalen like etter at Dronning Sonja har opna han. Eller du kan ta turen n\u00e5r festivitasen har stilna og nyte flott ingeni\u00f8rkunst og S\u00f8rlandet p\u00e5 sitt beste.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Vil du vere med p\u00e5 dronning Sonja si 70-\u00e5rsfeiring, kan det vere lurt \u00e5 ta turen til Spangereid torsdag 5. juli, for d\u00e5 skal ho opne Spangereidkanalen, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Spangereidkanalen Men eg trur du m\u00e5 dra dit tidleg, opninga skal vere klokka 11, og sj\u00f8lv om det er god plass ved kanalen, vert det nok ganske &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/spangereidkanalen2554341\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Spangereidkanalen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[42],"class_list":["post-2554341","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-lindesnes"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2554341"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2554341"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2554341\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2554341"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2554341"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2554341"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}