{"id":2526692,"date":"2007-06-26T22:37:07","date_gmt":"2007-06-26T22:37:07","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/06\/140_tonn_kalk_pa_eitt_ar2526692\/"},"modified":"2007-06-26T22:37:07","modified_gmt":"2007-06-26T22:37:07","slug":"140_tonn_kalk_pa_eitt_ar2526692","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/140_tonn_kalk_pa_eitt_ar2526692\/","title":{"rendered":"140 tonn kalk p\u00e5 eitt \u00e5r"},"content":{"rendered":"<p>I 2007 skal VAFA kalke med 140 tonn kalk i ei rekke vatn. Du kan lese meir om det p\u00e5<br \/>\nhttp:\/\/vafa.no\/index.php?option=com_content&#038;task=view&#038;id=76&#038;Itemid=2<\/p>\n<p>Grunnen til dette er sur nedb\u00f8r, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Sur_nedb\u00f8r. Medan du er p\u00e5 wikipedia, kan du og klikke deg inn p\u00e5 G\u00f8teborgprotokollen og sj\u00e5 korleis dette er eit sp\u00f8rsm\u00e5l om internasjonale avtalar. Slik vert situasjonen i Aust-Agder p\u00e5verka av internasjonale avtalar.<\/p>\n<p>N\u00e5r ein g\u00e5r p\u00e5 nokre av lenkene til andre spr\u00e5k, ser ein at det ikkje er eit lokalt fenomen, men at problem med sur nedb\u00f8r finst over heile verda. Det er utslepp fr\u00e5 industrien som gjer at vi f\u00e5r sur nedb\u00f8r, og i n\u00e6romr\u00e5da til fabrikkar vert ofte skog \u00f8ydelagd. Av den grunn har ein bygd h\u00f8ge skorsteinar, slik at utslepp til luft skal kome h\u00f8gast r\u00e5d, for s\u00e5 \u00e5 bli f\u00f8rt med vinden bort fr\u00e5 omr\u00e5det der utsleppet er. Likevel har ein i nokre omr\u00e5de funne verdi p\u00e5 under 2,4 ph i regn, det er p\u00e5 niv\u00e5 med eddik. Sj\u00e5 http:\/\/asd-www.larc.nasa.gov\/biomass_burn\/glossary.html Acid rain<\/p>\n<p>Det seier seg sj\u00f8lv at fisk ikkje kan leve under slike tilh\u00f8ve. Etter mi meining burde VAFA f\u00e5tt ein milj\u00f8pris av Valle kommune for 20 \u00e5r med kalking av vatn p\u00e5 Setesdal austhei og Setesdal vesthei. Kvar dag n\u00e5r vi gleder oss over at vatnet som renn gjennom bygda kan drikkast og at fisk lever der, burde vi sende ein tanke til eldsjelene som har st\u00e5tt for eit omfattande arbeid med \u00e5 f\u00e5 vatna tilbake til den status dei hadde f\u00f8r. At dei og har satsa p\u00e5 fagleg tyngde med ei rekke rapportar og solid informasjon om det dei held p\u00e5 med, er med p\u00e5 \u00e5 gjere oss medvitne om kva som m\u00e5 til.<\/p>\n<p>Eg er nok redd at det er f\u00e5 som har sett seg inn i dette stoffet. Kan hende skulle sommaren vere ei tid der ein ikkje bare nyt at det renn friskt vatn i bekkar og elver, men der ein og skaffar seg kunnskap om arbeidet som er gjort og som ligg framom.<\/p>\n<p>I dette perspektivet vel eg \u00e5 sj\u00e5 prosjektet Gratis fiske. Om det kjem p\u00e5 beina, vil vi f\u00e5 ei sterk utviding av innsatsen b\u00e5de n\u00e5r det gjeld arbeid og pengar. Difor meiner eg at kommunen b\u00f8r sikre seg at eldsjelene f\u00e5r h\u00f8ve til \u00e5 realisere draumane sine, til beste for oss alle i ei vakker bygd med turistar  og fastbuande i samspel med milj\u00f8et.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I 2007 skal VAFA kalke med 140 tonn kalk i ei rekke vatn. Du kan lese meir om det p\u00e5 http:\/\/vafa.no\/index.php?option=com_content&#038;task=view&#038;id=76&#038;Itemid=2 Grunnen til dette er sur nedb\u00f8r, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Sur_nedb\u00f8r. Medan du er p\u00e5 wikipedia, kan du og klikke deg inn p\u00e5 G\u00f8teborgprotokollen og sj\u00e5 korleis dette er eit sp\u00f8rsm\u00e5l om internasjonale avtalar. Slik vert situasjonen &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/140_tonn_kalk_pa_eitt_ar2526692\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">140 tonn kalk p\u00e5 eitt \u00e5r<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[70],"class_list":["post-2526692","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-vatn-i-valle"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2526692"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2526692"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2526692\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2526692"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2526692"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2526692"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}