{"id":2482963,"date":"2007-06-19T19:24:14","date_gmt":"2007-06-19T19:24:14","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/06\/skuleavslutning_og_sommarsesong2482963\/"},"modified":"2007-06-19T19:24:14","modified_gmt":"2007-06-19T19:24:14","slug":"skuleavslutning_og_sommarsesong2482963","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/skuleavslutning_og_sommarsesong2482963\/","title":{"rendered":"Skuleavslutning og sommarsesong"},"content":{"rendered":"<p>I kveld er det skuleavslutning for elevane i 10. klasse p\u00e5 Valle skule. No skal dei vidare p\u00e5 skule, mange vil til Hornnes fr\u00e5 hausten av. Fleire av desse elevane har vore med p\u00e5 ulike oppg\u00e5ver i Valle Radio. Eg vil difor ynskje dei lukke til i det vidare og vone at dei finn det gama \u00e5 tenkje tilbake p\u00e5 tida dei brukte i radioen.<\/p>\n<p>Tankane g\u00e5r s\u00e6rleg til Gunvor Kjelleberg og Thor Salvesen som var sv\u00e6rt aktive med \u00e5 ha barneprogram tidlegare. Etter kvart som det synte seg at talet gjekk ned p\u00e5 ungar som ringde inn p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5la, slutta vi med slike program. Om vi trong hjelp til telefonvakter, stilte dei gjerne opp, seinast i v\u00e5r har b\u00e5de Gunvor og Thor vore med i kulissane til Open sending.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 hausten av endrar det seg. N\u00e5r dei er p\u00e5 Hornnes blir det for langt \u00e5 f\u00e5 dei heim for \u00e5 hjelpe oss midt i veka.<\/p>\n<p>Dei som sluttar i 10. klasse, g\u00e5r no til ulike sommarjobbar. Mange av dei har nok pr\u00f8vd seg p\u00e5 ulike jobbar tidlegare, men n\u00e5r dei er ferdige med 10. klasse er det nok meir naturleg \u00e5 leite etter sommarjobbar. Kommunen engasjerer ein del av dei unge til \u00e5 stelle gr\u00f8ntanlegg og anna arbeid som det er naturleg \u00e5 f\u00e5 gjort om sommaren. Ei av dei nederlandske ungdommane som kom til Valle i vinter, har blitt engasjert til \u00e5 vere med i turistinformasjonen, ho snakkar jo nederlandsk flytande og med s\u00e5 mange nederlandske turistar her er det ein viktig kompetanse \u00e5 ha.<\/p>\n<p>Med skuleferie opnar Valleutstillinga. Eg har skrive om den f\u00f8r her p\u00e5 bloggen. Det ser ut til \u00e5 vere rekordmange utstillarar, og Karin B\u00f8e, som er leiar av prosjektet med \u00e5 f\u00e5 alt til \u00e5 fungere p\u00e5 Tveitetunet, seier seg godt n\u00f8gd med oppslag i fleire aviser. Her er lenke til heimesida for utstillinga:<br \/>\nhttp:\/\/setesdal.com\/index.php?m=produkt&#038;m_action=vis_prod&#038;id=73&#038;parent=10&#038;spraakSet=no&#038;type=3<\/p>\n<p>Skuleavslutning er det for alle andre og denne veka. Vaksenoppl\u00e6ringa tek ferie til 20. august p\u00e5 same m\u00e5te som andre skular. N\u00e5 vil vi nytte h\u00f8vet til \u00e5 lade batteria og gjere klart til neste skule\u00e5r.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld er det skuleavslutning for elevane i 10. klasse p\u00e5 Valle skule. No skal dei vidare p\u00e5 skule, mange vil til Hornnes fr\u00e5 hausten av. Fleire av desse elevane har vore med p\u00e5 ulike oppg\u00e5ver i Valle Radio. Eg vil difor ynskje dei lukke til i det vidare og vone at dei finn det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/skuleavslutning_og_sommarsesong2482963\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Skuleavslutning og sommarsesong<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2482963","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2482963"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2482963"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2482963\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2482963"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2482963"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2482963"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}