{"id":2452628,"date":"2007-06-14T16:06:02","date_gmt":"2007-06-14T16:06:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/06\/kyrkjelydsturen_til_riskefjodd2452628\/"},"modified":"2007-06-14T16:06:02","modified_gmt":"2007-06-14T16:06:02","slug":"kyrkjelydsturen_til_riskefjodd2452628","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kyrkjelydsturen_til_riskefjodd2452628\/","title":{"rendered":"Kyrkjelydsturen til Riskefj\u00f8dd"},"content":{"rendered":"<p>Laurdag 9. juni var det endeleg klart for kyrkjelydstur til Riskefj\u00f8dd og onsdag 13. juni var Halvor \u00c5mlid i Valle Radio for \u00e5 fortelje. Han hadde f\u00e5tt sp\u00f8rsm\u00e5l av Theis om \u00e5 vere leiar for turen og hadde svara ja til det. D\u00e5 turen vart planlagd, hadde dei trudd at den skulle kunna arrangerast f\u00f8r, men sn\u00f8 i fjellet gjorde det umogleg.<\/p>\n<p>Riskefj\u00f8dd ligg mellom Bykle og Valle og n\u00e5r opp mot 1200 meter, men m\u00e5let for turen var ein st\u00f8yl litt l\u00e5gare. Etter tre timar og fleire pausar var dei framme ved st\u00f8ylen, som h\u00f8yrer til Sygard B\u00f8. Folk herifr\u00e5 var og med p\u00e5 turen, det gav ei ekstra glede, meinte Halvor.<\/p>\n<p>I veka f\u00f8r turen hadde han vore i terrenget tre gonger for \u00e5 vere sikker p\u00e5 at han fann rette vegen og for \u00e5 rydde der stien var tilgrodd. Tross alt var det mange \u00e5r sidan han sj\u00f8lv hadde vore der og. Med den tilgroinga det har vore, var ikkje landskapet slik som d\u00e5 han sprang i heia der som gutunge.<\/p>\n<p>18 deltakarar fekk ein tur i flott ver. Vel framme etter ei god mat\u00f8kt ville nokon fram p\u00e5 fjellet for \u00e5 sj\u00e5 til Hovet, andre fram ein litt annan stad for \u00e5 sj\u00e5 ned til Valle. Slik fekk dei pr\u00f8ve ulike ynskje. Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Laurdag 9. juni var det endeleg klart for kyrkjelydstur til Riskefj\u00f8dd og onsdag 13. juni var Halvor \u00c5mlid i Valle Radio for \u00e5 fortelje. Han hadde f\u00e5tt sp\u00f8rsm\u00e5l av Theis om \u00e5 vere leiar for turen og hadde svara ja til det. D\u00e5 turen vart planlagd, hadde dei trudd at den skulle kunna arrangerast f\u00f8r, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kyrkjelydsturen_til_riskefjodd2452628\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kyrkjelydsturen til Riskefj\u00f8dd<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2452628","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2452628"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2452628"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2452628\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2452628"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2452628"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2452628"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}