{"id":2376832,"date":"2007-06-01T22:02:27","date_gmt":"2007-06-01T22:02:27","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/06\/lasar_og_slikt2376832\/"},"modified":"2007-06-01T22:02:27","modified_gmt":"2007-06-01T22:02:27","slug":"lasar_og_slikt2376832","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/lasar_og_slikt2376832\/","title":{"rendered":"L\u00e5sar og slikt"},"content":{"rendered":"<p>N\u00e5r det er alarm i eit hus, b\u00f8r ein ta litt omsyn. I Valle Radio har vi alarm, og vi er nokre som har opplev hyla n\u00e5r vi ikkje har teke omsyn til alarmen, eller ikkje hugsa at han var p\u00e5. Hylet der er ikkje hyggeleg \u00e5 f\u00e5 over seg om ein har sv\u00e6rt s\u00e5 reint mj\u00f8l i posen.<\/p>\n<p>Ein medarbeidar i radioen fortalde at han var inne og heldt p\u00e5 med noko, men s\u00e5 m\u00e5tte han ein kort tur ut. D\u00e5 sette han ikkje p\u00e5 alarmen, han skulle jo kome inn att om ein augneblenk. Medan han var ute, kom teknisk sjef J\u00f8rund Georg Jore innom, og han tenkte ikkje at det var nokon der, d\u00f8ra var l\u00e5st og alt, s\u00e5 han slo koden av gammal vane. Men d\u00e5 sette han jo p\u00e5 alarmen, og d\u00e5 han sprang inn i teknikarromet, sette det i gang \u00e5 hyle.<\/p>\n<p>I g\u00e5r bytta vi alarm i radioen. Ein b\u00f8r gjere det med jamne mellomrom, men vi har nok slurva litt med det, s\u00e5 den gamle koden har vore gyldig ganske lenge. Men i g\u00e5r var det slutt. S\u00e5 skulle vi ha styrem\u00f8te, og Inga Flateland var den fyrste som kom. Ho hadde ikkje f\u00e5tt melding om at vi hadde f\u00e5tt ny kode, s\u00e5 ho pr\u00f8vde tre gonger utan \u00e5 f\u00e5 sl\u00e5tt av alarmen. D\u00e5 tenkte ho at ho fekk vente ute til nokre andre kom, og det gjorde ho lurt i, for koden var alts\u00e5 ny.<\/p>\n<p>Det gjekk bra denne gongen, vi kom oss inn og den nye koden fungerte slik vi hadde venta. No heng det ein lapp, vonleg l\u00f8yser den problema om du kjem inn og ikkje har f\u00e5tt med deg ny kode. D\u00e5 kan du ringe eit nummer, s\u00e5 f\u00e5r du informasjon.<\/p>\n<p>Styret vedtok i g\u00e5r \u00e5 endre noko p\u00e5 l\u00e5ssystemet, for vi har ikkje n\u00f8klar til nye medarbeidarar. Det vil kome i l\u00f8pet av sommaren, og d\u00e5 vil medarbeidarane f\u00e5 ny orientering. Det eg har skrive her, f\u00e5r gjelde inntil vidare.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r det er alarm i eit hus, b\u00f8r ein ta litt omsyn. I Valle Radio har vi alarm, og vi er nokre som har opplev hyla n\u00e5r vi ikkje har teke omsyn til alarmen, eller ikkje hugsa at han var p\u00e5. Hylet der er ikkje hyggeleg \u00e5 f\u00e5 over seg om ein har sv\u00e6rt s\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/lasar_og_slikt2376832\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">L\u00e5sar og slikt<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2376832","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2376832"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2376832"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2376832\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2376832"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2376832"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2376832"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}