{"id":2366230,"date":"2007-05-31T10:03:14","date_gmt":"2007-05-31T10:03:14","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/05\/holskrone2366230\/"},"modified":"2007-05-31T10:03:14","modified_gmt":"2007-05-31T10:03:14","slug":"holskrone2366230","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/holskrone2366230\/","title":{"rendered":"Holskrone"},"content":{"rendered":"<p>Onsdag 23. mai var Olav M. Holen og Bj\u00f8rgulv T. Berg gjester i studio hos Harald Haugland fr\u00e5 klokka 20 til klokka 21. Det vart ein interessant time, for Olav fortalde om eit opplegg han arbeider med for \u00e5 f\u00e5 til retreat i Holskrone til sommaren.<\/p>\n<p>Holskrone ligg i St\u00f8yledalen i Bykle. 750 moh. Ein tek av fr\u00e5 Riksveg 9 like ovanfor Byklebrua, i svingen der dei no har f\u00e5tt ny veg. Ved Bossvassmagasinet k\u00f8yrer ein anleggsvegen innover St\u00f8yledalen ca. 6 km. Fr\u00e5 bilvegen er det 10-15 minutt \u00e5 g\u00e5 til Holskrone. D\u00e5 Olav Holen sin gard vart sett under vatn i 1976, flytta han dei gamle stovehusa til Holskrone, som ligg ein halv kilometer fr\u00e5 st\u00f8ylen R\u00e5si. St\u00f8yledalen h\u00f8yrer til Holen og Tveiten, og med anlegget kom det ein veg som no g\u00e5r heilt inn til Urevatn, n\u00e6r grensa til Suldal.<\/p>\n<p>Holskrone er lun og solrik og plassen har eit storsl\u00e5tt utsyn. Ein ser langt inn i Valleheiane, fr\u00e5 stoveglaset kan ein sj\u00e5 Dravleskarven i Rjuven. Det er ein stille plass, nesten ingen hytter utanom dei gamle st\u00f8ylane. Her har Olav M. Holen sett opp fleire gamle hus i tillegg til husa fr\u00e5 heimegarden: Ei l\u00f8e fr\u00e5 Sandnes i Valle, eit lopt fr\u00e5 Krone i Bykle kyrkjebygd og ei gammal badstoge fr\u00e5 Bykilsmoen i Bykle. Husa har han fylt med innbu og reiskap fr\u00e5 barndomsheimen, det blir mest som ein museumsgard. Han har hatt Tojus Uppstad til \u00e5 arbeide med desse husa, i 2007 st\u00e5r det heile ferdig som ein naturleg heilskap.<\/p>\n<p>Det er dette anlegget han vil nytte til \u00e5 halde retreat med basis i natur og kultur i omr\u00e5det. No inviterer han folk til \u00e5 kome og vere fem dagar i denne flotte naturen. Han har plass til opp til 15 personar og opplegg for fem dagar til \u00e5 verte kjent med natur og kultur. Kristin Haugeland er den ein vender seg til om ein vil vere med p\u00e5 dette opplegget. Ho har haugeland.kristin (at) hotmail.com s\u00e5 send ein mail for \u00e5 f\u00e5 meir informasjon fr\u00e5 henne.<\/p>\n<p>Eg vil og skrive litt meir om dette seinare.<\/p>\n<p>Her er eit bilete av huset i Holskrone hos vafa:<br \/>\nhttp:\/\/vafa.no\/index.php?option=com_easygallery&#038;act=photos&#038;cid=29&#038;Itemid=40<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdag 23. mai var Olav M. Holen og Bj\u00f8rgulv T. Berg gjester i studio hos Harald Haugland fr\u00e5 klokka 20 til klokka 21. Det vart ein interessant time, for Olav fortalde om eit opplegg han arbeider med for \u00e5 f\u00e5 til retreat i Holskrone til sommaren. Holskrone ligg i St\u00f8yledalen i Bykle. 750 moh. Ein &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/holskrone2366230\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Holskrone<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2366230","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2366230"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2366230"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2366230\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2366230"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2366230"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2366230"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}