{"id":2350884,"date":"2007-05-28T20:13:42","date_gmt":"2007-05-28T20:13:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/05\/torvald_moseid2350884\/"},"modified":"2007-05-28T20:13:42","modified_gmt":"2007-05-28T20:13:42","slug":"torvald_moseid2350884","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/torvald_moseid2350884\/","title":{"rendered":"Torvald Moseid"},"content":{"rendered":"<p>I dag var museumsstafetten komen til Setesdalsmuseet p\u00e5 Rysstad, og denne gongen h\u00f8vde det slik at vi tok turen ut dit klokka 13 for \u00e5 vere med p\u00e5 dette spesielle opplegget.<\/p>\n<p>I h\u00f8ve at Setesdalsmuseet stiller ut den broderte frisa **De fire \u00e5rstider** av Torvald Moseid, hadde dei henta inn Eldbj\u00f8rg Giske, som arbeider med mastergradsoppg\u00e5ve om kunstnaren, til \u00e5 fortelje. Ho synte bilete samstundes med foredraget sitt, som gav eit inspirerande bilete av ein s\u00e6rmerkt kunstnar. Etter henne kom Annemor Sundb\u00f8 og fortalde om tr\u00e5den han brukte, det gjorde ho med \u00e5 syne ulla og spinne av den ulla som han brukte, som var den beste ulla fr\u00e5 spelsauen. Ho heldt og eit engasjert innlegg for spelsauen og hausta varm applaus fr\u00e5 eit publikum p\u00e5 hundre menneske som fylte foredragssalen p\u00e5 museet.<\/p>\n<p>Eg m\u00f8tte \u00c5nund K. Homme p\u00e5 arrangementet. Han er leiar i Bykle og Valle kunstlag og fortalde at kunstlaget hadde teke initiativ til \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 denne frisa til utstilling p\u00e5 museet. Det er Aschehoug forlag i Oslo som eig kunstverket, og dei har problem med \u00e5 finne ein stad til det. No er det deponert p\u00e5 Setesdalsmuseet for fem \u00e5r med opsjon p\u00e5 fem \u00e5r til. \u00c5nund K. hadde likt godt om det i materialet p\u00e5 Setesdalsmuseet hadde kome fram at Bykle og Valle kunstlag var medverkande til at teppekunsten kom til Setesdal, men det har dei s\u00e5 langt eg har kunna finne ut, ikkje f\u00e5tt plass til. Kunstlaget har og kj\u00f8pt inn fleire skisser av Moseid som dei med tid og stunder kanskje kan lage ei utstilling av. Desse skissene er deponerte p\u00e5 museet inntil vidare, og han hadde vona at dei kanskje hadde blitt med p\u00e5 utstillinga, men s\u00e5 er ikkje skjedd, og \u00c5nund K. var nok litt skuffa over det ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Men utstillinga er blitt ein vakker dokumentar over eit kunstnarleg sinn, og medan vi gjekk rundt i salane p\u00e5 loftet p\u00e5 Setesdalsmuseet, kvod Kirsten Br\u00e5ten Berg ei rekke \u00e5rstidsrelaterte stev. Det var s\u00e5 vent at folk stoppa opp midt i turen rundt langs veggene. Etter bes\u00f8ket p\u00e5 loftet, baud Setesdalsmuseet p\u00e5 suppe til alle gjestene. D\u00e5 takka me for oss og fann oss anna \u00e5 ha til middag, ettersom me hadde hatt suppe dagen f\u00f8r.<\/p>\n<p>Her er lenke til ein artikkel eg skreiv i dag om Torvald Moseid p\u00e5 Wikipedia<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Torvald_Moseid<\/p>\n<p>Og her er lenke til ein artikkel av Jon-Roar Bj\u00f8rkvold om Moseid<br \/>\nhttp:\/\/www.freidig.no\/20071.html#RUSSISK<\/p>\n<p>Eg har planar om \u00e5 skrive ein artikkel om teppet som st\u00e5r utstilt p\u00e5 museet p\u00e5 wikipedia. Men det vert ikkje i dag.<\/p>\n<p>Eg vil anbefale deg som ikkje var p\u00e5 museet i dag \u00e5 ta turen dit og l\u00e6re noko nytt om kulturen inspirert fr\u00e5 Setesdal og lyft til nasjonalt niv\u00e5.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag var museumsstafetten komen til Setesdalsmuseet p\u00e5 Rysstad, og denne gongen h\u00f8vde det slik at vi tok turen ut dit klokka 13 for \u00e5 vere med p\u00e5 dette spesielle opplegget. I h\u00f8ve at Setesdalsmuseet stiller ut den broderte frisa **De fire \u00e5rstider** av Torvald Moseid, hadde dei henta inn Eldbj\u00f8rg Giske, som arbeider med &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/torvald_moseid2350884\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Torvald Moseid<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2350884","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2350884"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2350884"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2350884\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2350884"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2350884"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2350884"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}