{"id":2347310,"date":"2007-05-28T10:33:54","date_gmt":"2007-05-28T10:33:54","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/05\/avskjedsfesten_i_storstoga2347310\/"},"modified":"2007-05-28T10:33:54","modified_gmt":"2007-05-28T10:33:54","slug":"avskjedsfesten_i_storstoga2347310","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/avskjedsfesten_i_storstoga2347310\/","title":{"rendered":"Avskjedsfesten i Storstoga"},"content":{"rendered":"<p>I Storstoga var det dekka langbord til alle som ville kome. Valle og Hylestad bygdekvinnelag stod for servering av suppe, lefser, eplekaker (potetkaker) og rundstykke. Etter kvart fyltest salen opp, men folk sette seg nederst ved borda. Festleiar Bj\u00f8rgulv T. Berg oppmoda folk om \u00e5 kome lenger fram mot scenen, men det var fyrst d\u00e5 Astrid Nomeland gjekk rundt og ikkje gav folk valet \u00e5 sitje bak, at det vart flytting og folk fann saman i tettare lag.<\/p>\n<p>Dei tilsette i sokner\u00e5da hadde ein song til Theis d\u00e5 han hadde vore 12 \u00e5r i Valle. Dei tok ei reprise p\u00e5 den p\u00e5 festen saman med heile festlyden etter at Helene Horverak fr\u00e5 Bykle sokn hadde sagt nokre velvalde ord:<\/p>\n<p>Vi salutterer og applauderer<br \/>\nfor kj\u00e6re Theis n\u00e5 har du satt en ny rekord.<br \/>\nDu h\u00f8rte kallet. Et rop fra Valle<br \/>\nog vi er glad for at vi er din lille hjord.<\/p>\n<p>Du hilser alle de som du m\u00f8ter &#8220;SIGNE DAGEN&#8221;<br \/>\nog i det siste har du begynt \u00e5 dyrke hagen.<br \/>\nDu har&#8217;ke mye tid \u00e5 sitte ned p\u00e5 baken.<br \/>\nHar du sett maken<br \/>\ntil v\u00e5r sokneprest?<\/p>\n<p>Ref.<\/p>\n<p>Med soknepresten v\u00e5r g\u00e5r det fort i gjennom svinger.<br \/>\nEr du beskyttet av et par ekstra englevinger?<br \/>\nP\u00e5 rattet er det ofte du ikke har en finger.<br \/>\nS\u00e5 la det svinge,<br \/>\nhu hei hvor det g\u00e5r.<\/p>\n<p>Ref.<\/p>\n<p>Du deler med deg av de blomstene du finner<br \/>\nog komplimenter har du til alle dalens kvinner.<br \/>\nVi tor nok absolutt at det er en sikker vinner<br \/>\nog at du finner<br \/>\nde riktige ord.<\/p>\n<p>Ref.<\/p>\n<p>I dag s\u00e5 mener vi det er rett av oss \u00e5 takke<br \/>\nog vi har ordna slik at du f\u00e5r en liten pakke.<br \/>\nJa, noen av oss kommer nok ogs\u00e5 til \u00e5 snakke,<br \/>\n\u00e5 holde tale<br \/>\nfor deg, kj\u00e6re Theis.<\/p>\n<p>Ref.<\/p>\n<p>Andre som heldt tale, var sokner\u00e5dsleiar Gro Haatveit Hovet, som og overrekte eit maleri av Harald Lund av koret i Valle kyrkje. Biletet, som var eit ungdomsverk av Lund, hadde i si tid vore g\u00e5ve til sokneprest Amlie d\u00e5 han reiste fr\u00e5 Valle.<\/p>\n<p>Tidlegare banksjef Olav Knutson Rike hadde ei personleg helsing og gav Theis eit reiseaskebeger som han meinte Theis nok kunne f\u00e5 bruk for.<\/p>\n<p>Prost Ole Gunnar S\u00e6b\u00f8 heldt tale og overrekte ei Poco loco-tr\u00f8ye, symbolsk, ettersom poco loco p\u00e5 italiensk betyr passe gal.<\/p>\n<p>Prostidiakon Per Emmanuelsen tala og, hans tale var til Marit Salvesen, som har vore diakonal medarbeider p\u00e5 mange m\u00e5tar. G\u00e5va var ei bok om englar.  Marit kvitterte med ein fin tale der ho sa noko om kva Valle har betydd for henne og familien.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 Valle kommune helsa r\u00e5dmann Arne Tronsen og overrekte eit \u00e5kle vove av Karin B\u00f8e, ei rugge, seier dei i Valle, ei brosse i Hylestad. \u00c5ttebladrosa var motivet p\u00e5 \u00e5kleet.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 soknepresten i Bygland hadde kome for \u00e5 helse denne dagen, b\u00e5de fr\u00e5 Bygland kyrkjelege fellesr\u00e5d og fr\u00e5 Otredal prostilag av Presteforeningen, der han hadde vore formann og hatt Theis som sekret\u00e6r dei fleste \u00e5ra.<\/p>\n<p>Til slutt stilte Bygdekvinnelaget opp og fekk velfortent applaus. Dei kvitterte med songen Flaumen g\u00e5r, og d\u00e5 kom Marit opp og var med, ho har og vore med i og sett pris p\u00e5 Valle Bygdekvinnelag.<\/p>\n<p>Kakebordet var overd\u00e5dig, men litt tidsnaud gjorde at dei fleste fekk bare ein tur for \u00e5 smake p\u00e5 godsakene. Det var kanskje like godt&#8230;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I Storstoga var det dekka langbord til alle som ville kome. Valle og Hylestad bygdekvinnelag stod for servering av suppe, lefser, eplekaker (potetkaker) og rundstykke. Etter kvart fyltest salen opp, men folk sette seg nederst ved borda. Festleiar Bj\u00f8rgulv T. Berg oppmoda folk om \u00e5 kome lenger fram mot scenen, men det var fyrst d\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/avskjedsfesten_i_storstoga2347310\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Avskjedsfesten i Storstoga<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2347310","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2347310"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2347310"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2347310\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2347310"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2347310"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2347310"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}