{"id":2345602,"date":"2007-05-27T22:36:14","date_gmt":"2007-05-27T22:36:14","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/05\/avskjedsgudstenesta2345602\/"},"modified":"2007-05-27T22:36:14","modified_gmt":"2007-05-27T22:36:14","slug":"avskjedsgudstenesta2345602","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/avskjedsgudstenesta2345602\/","title":{"rendered":"Avskjedsgudstenesta"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 var avskjedsfesten over. 1. pinsedag i \u00e5r vart heilt spesiell i Valle. Alt like etter at klokkene hadde teke til \u00e5 ringe, tok andre tonar over. Tore Lj\u00f8kjel, kjent som saksofonisten som spelar fr\u00e5 kyrkjet\u00e5rn, let tonar fr\u00e5 kjende kristne songar og salmer lyde ut over ei solskinsbada bygd. http:\/\/www.tore-ljokjel.com\/ Etter kvart fekk vi vite at dette var ei overraskingsg\u00e5ve til Theis og Marit, som hadde sagt at dei likte musikken hans sv\u00e6rt godt.<\/p>\n<p>Kyrkja vart etter kvart ganske full, folk kom i bunad denne fine v\u00e5rs\u00f8ndagen, som ikkje var s\u00e6rleg varm, difor h\u00f8vde varm bunad godt som plagg denne dagen. Gudstenesta hadde ikkje endra rituale, alle som kjenner Theis, veit at han set pris p\u00e5 h\u00f8gmesseliturgien og lever tett i den. NoS 537 Guds kirkes grunnvoll ene, var fyrste salma, ei tradisjonell pinsesalme. S\u00e5 helsa han velkommen og leidde oss i syndsvedkjenning, b\u00f8nerop og lovsang f\u00f8r kollektb\u00f8n. Deretter las klokkar Karin B\u00f8e teksten fr\u00e5 1. Mos. 11, 1-9 om T\u00e5rnet i Babel, sj\u00e5 http:\/\/bibelen.no\/chapter.aspx?parse=1 Mos 11,1-9#0 f\u00f8r vi song den tradisjonsrike pinsesalma NoS 209 Kom Ande med di skaparmakt.<\/p>\n<p>Etter andre lesning, som var Apgj 2, 36-41, sj\u00e5 http:\/\/bibelen.no\/chapter.aspx?parse=Apg 2,36-41#34 om pinseforkynninga til Peter, spela Tore Lj\u00f8kjel stykket Pust av himmel, f\u00f8r Theis heldt preika. Som preiketekst nytta han det som eigentleg var lesetekst denne sundagen, fr\u00e5 Jesu avskjedstale til l\u00e6resveinane; Johannes evangelium 14, 23-29, sj\u00e5 http:\/\/bibelen.no\/chapter.aspx?parse=Joh 14,23-29#21  S\u00e5 song vi NoS 223 Kj\u00e6rlighet er lysets kilde.<\/p>\n<p>Under kunngjeringane fekk s\u00e5 prost Ole Gunnar S\u00e6b\u00f8 ordet. Helsinga hans har eg f\u00e5tt og vil leggje ut p\u00e5 bloggen i eit seinare innlegg.<\/p>\n<p>Etter Forb\u00f8nn, der kyrkjelydsvara var utvida til \u00e5 syngje eit heilt vers, ikkje bare ei linje, leia av forsangarkoret, var det takkoffer til Normisjon sitt Cubaprosjekt. Ofringa gav ny rekord i Valle kyrkje, over 11.000 kroner kom inn til prosjektet. S\u00e5 var det etter at vi hadde sunge NoS 642 N\u00e5r vi deler det br\u00f8d som du oss gir, tid for nattverd, denne dagen ved intinksjon, det vil seie at kyrkjelyden kom opp til koret, fekk br\u00f8det i handa og dyppa det i vinen f\u00f8r ein s\u00e5 gjekk tilbake til plassen i kyrkja. Under nattverdm\u00e5ltidet song vi NoS 514 Reis deg, Guds menighet, og den fulltonande salmesongen med Tore Lj\u00f8kjel sin improvisasjon p\u00e5 saksofonen, gav ein ekstra d\u00e5m til altergongen.<\/p>\n<p>F\u00f8r gudstenesta var til ende, var det ogs\u00e5 d\u00e5p. Ingrid Olavsdotter B\u00f8 var namnet til d\u00e5psbarnet om eg ikkje hugsar feil. NoS 428 Eg er liten men eg vil alltid h\u00f8yra Jesus til, var d\u00e5pssalma denne sundagen. Til avslutning song vi NoS 300 No takka alle Gud f\u00f8r velsigning og sending. S\u00e5 gjekk prosesjonen ut medan Tonhild Kr\u00e5kenes og Tore Lj\u00f8kjel spela Gammel Sjugursmarsjen som postludium. Og snart var Lj\u00f8kjel atter i t\u00e5rnet og let tonar klinge ut over bygda medan kyrkjelyden tok turen til Storstoga for \u00e5 ha avkjedssuppe og talar og kaker etter tradisjonell oppskrift.<\/p>\n<p>Den vil eg kome attende til i eit seinare innlegg p\u00e5 bloggen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 var avskjedsfesten over. 1. pinsedag i \u00e5r vart heilt spesiell i Valle. Alt like etter at klokkene hadde teke til \u00e5 ringe, tok andre tonar over. Tore Lj\u00f8kjel, kjent som saksofonisten som spelar fr\u00e5 kyrkjet\u00e5rn, let tonar fr\u00e5 kjende kristne songar og salmer lyde ut over ei solskinsbada bygd. http:\/\/www.tore-ljokjel.com\/ Etter kvart fekk vi &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/avskjedsgudstenesta2345602\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Avskjedsgudstenesta<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2345602","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2345602"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2345602"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2345602\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2345602"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2345602"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2345602"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}