{"id":2317414,"date":"2007-05-22T22:56:01","date_gmt":"2007-05-22T22:56:01","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/05\/orekyte_og_eustrongylides_sp2317414\/"},"modified":"2007-05-22T22:56:01","modified_gmt":"2007-05-22T22:56:01","slug":"orekyte_og_eustrongylides_sp2317414","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/orekyte_og_eustrongylides_sp2317414\/","title":{"rendered":"\u00d8rekyte og eustrongylides sp"},"content":{"rendered":"<p>P\u00e5 eit kart som er teke med i VAFA Rapport 2-2005, sj\u00e5 http:\/\/www.vafa.no\/ nede til venstre p\u00e5 sida, syner Tom Arild Homme utbreiing av \u00f8rekyte i \u00d8vre Setesdal. P\u00e5 grensa mellom Vinje og Bykle ligg S\u00e6vatn, og s\u00e5 g\u00e5r det nedover: Breidvatn, Mj\u00e5vatn, Lislevatn, Store F\u00f8rsvatn, Breivevatn, Hartevatn, Hartevasstj\u00f8nni, Bossvatn, Floslivatnet, Bykil, Trydalstj\u00f8nni, Harstadbassenget og Fl\u00e5ne. Alle desse vatna er bunde saman av Otra.<\/p>\n<p>Tom Arild fortel vidare i rapporten:<\/p>\n<p>I samband med t\u00f8mming av \u00f8rekyteruser i 2003 vart det observert eit individ av rundormen Eustrongylides kravlande i ei b\u00f8tte med \u00f8rekyte. Med bakgrunn i denne oppdagiga vart fleire av \u00f8rekytene unders\u00f8kt for parasittar. Det vart d\u00e5 funne 3 \u00f8rekyter som var infisert med Eustrongylides sp. Dette er ein rundorm som er ein s\u00e6rs vanleg parasitt i aure i Otra. Det er derimot ikkje kjent at den er ein del av parasittfaunaen til \u00f8rekyte.<\/p>\n<p>Enkle registreringar i samband med rusefisket p\u00e5 Sandnes i Valle har vist at ca 5% av \u00f8rekytene er infiserte med Eustrongylides. At \u00f8rekyte kan vere vert for denne parasitten vil i teorien ha sv\u00e6rt negative effektar for parasittsituasjonen i aurebestanden. Eustrongylides har fiskeetande fugl som hovudvert (for eksempel laksand). Parasitten er heilt avhengig av \u00e5 komme i fugl for \u00e5 verte kj\u00f8nnsmoden og legge egg. N\u00e5r mange \u00f8rekyter er infiserte i tillegg til aure, vil fleire fiskeetande fuglar f\u00e5 i seg parasittinfisert fisk. Dermed vil fleire parasittar bli kj\u00f8nnsmodne og legge egg. Dette f\u00f8re vidare til at fleire f\u00e5b\u00f8rstemarkar, som er parasitten sin f\u00f8rste mellomvert, blir infiserte. Sjansen for at fisket et ein f\u00e5b\u00f8rstemark som er infisert av parasitten, vert f\u00f8lgeleg h\u00f8gare.<\/p>\n<p>Eustrongylides er eit stort problem i nokre av terskelbassenga i Otra. Ved pr\u00f8vefiske ved Sandnes i Valle i 2002 vart det observert eustrongylides innkapsla i muskulaturen p\u00e5 27 av 83 aure (32,5%). Slike observasjonar vart og gjort etter pr\u00f8vefiske i Floslivatnet i 2002 og i Trydalstj\u00f8nna i 2004.<\/p>\n<p>Funn av eustrongylides i \u00f8rekyte kan kanskje forklare dette fenomenet. Teorien er at aure som et infisert \u00f8rekyte lett kan f\u00e5 parasitten i kj\u00f8tet. Parasitten vil krype ut av den d\u00f8de \u00f8rekyten og bore seg gjennom magesekken og vidare inn i kj\u00f8tet til auren. Der vil den stoppe opp n\u00e5r den merker at tilh\u00f8va er levelege, sluttar Tom Arild.<\/p>\n<p>Om denne teorien stemmer, veit eg ikkje. Eg veit heller ikkje om det er gjort fleire unders\u00f8kingar og registreringar av eustrongylides sp i \u00f8rekyte. Men det er viktig \u00e5 finne ut av dette med sikte p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 ein god og sunn bestand av aure i vatna i \u00d8vre Setesdal. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>P\u00e5 eit kart som er teke med i VAFA Rapport 2-2005, sj\u00e5 http:\/\/www.vafa.no\/ nede til venstre p\u00e5 sida, syner Tom Arild Homme utbreiing av \u00f8rekyte i \u00d8vre Setesdal. P\u00e5 grensa mellom Vinje og Bykle ligg S\u00e6vatn, og s\u00e5 g\u00e5r det nedover: Breidvatn, Mj\u00e5vatn, Lislevatn, Store F\u00f8rsvatn, Breivevatn, Hartevatn, Hartevasstj\u00f8nni, Bossvatn, Floslivatnet, Bykil, Trydalstj\u00f8nni, Harstadbassenget og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/orekyte_og_eustrongylides_sp2317414\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">\u00d8rekyte og eustrongylides sp<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[70],"class_list":["post-2317414","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-vatn-i-valle"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2317414"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2317414"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2317414\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2317414"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2317414"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2317414"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}