{"id":2311094,"date":"2007-05-21T21:09:48","date_gmt":"2007-05-21T21:09:48","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/05\/hia_vert_universitet2311094\/"},"modified":"2007-05-21T21:09:48","modified_gmt":"2007-05-21T21:09:48","slug":"hia_vert_universitet2311094","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hia_vert_universitet2311094\/","title":{"rendered":"HiA vert Universitet"},"content":{"rendered":"<p>Etter det eg skj\u00f8ner har det noe vore klart ei stund at HiA vert v\u00e5rt neste Universitet. No er alle formalitetar p\u00e5 plass, og i ein artikkel i F\u00e6drelandsvennen like f\u00f8r 17. mai, var det jubel \u00e5 spore.<\/p>\n<p>F\u00e6drelandsvennen har elles gjort seg til taler\u00f8yr for ei anna line enn den som har vore vanleg n\u00e5r det gjeld universitetsutvikling, s\u00e5 langt eg kan sj\u00e5. Avisa har vore ivrig p\u00e5 at h\u00f8gskulen m\u00e5 vere i n\u00e6r kontakt med regionen og helst vere s\u00e5 matnyttig at regionen kan nyte godt av den faglege kompetasnen dei tilsette har.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lvsagt er det vel og bra, men eit universitet er ein forskningsinstitusjon meir enn ein yrkesskule, etter mi meining, sj\u00f8lv om det er viktig med gode faglege bidrag til utdanning i regionen. Sj\u00f8lv har eg hatt mykje nytte av faget Norsk som andrespr\u00e5k, som eg tok p\u00e5 HiA for nokre \u00e5r sidan, sj\u00f8lv om faget etter mi meining nok kunne ha vore oppdatert noko. 10 \u00e5r er lang tid i v\u00e5r tid, det vert produsert mykje l\u00e6restoff p\u00e5 10 \u00e5r, og d\u00e5 m\u00e5 ein institusjon f\u00f8lgje med i den faglege utviklinga.<\/p>\n<p>Dette er for \u00f8vrig blitt viktigare ogs\u00e5 i den vanlege skulen. Onsdag kjem Malmfrid Nyborg Homme i programmet Kommunen informerer klokka 19, og d\u00e5 vil vi truleg kome inn p\u00e5 det, mellom anna i h\u00f8ve til matematikkfaget i skulen.<\/p>\n<p>Her er ei lenke til meir informasjon om dette. P\u00e5 denne sida ligg det lenker til mange oppslag om temaet. http:\/\/www.hia.no\/no\/portaler\/aktuelt\/nyhetsarkiv\/nokutkomiteen<\/p>\n<p>Som om ikkje det er nok, skal James Karlsen ta disputere for doktorgraden 29. mai med ei avhandling om dette temaet. Sj\u00e5<br \/>\nhttp:\/\/nettopp.ntnu.no\/nettopp_lesmer.php?kategori=nyheter&#038;dokid=4651458f23e1e2.82063512<\/p>\n<p>Her er eit samandrag av avhandlinga:<br \/>\nhttp:\/\/www.diva-portal.org\/ntnu\/abstract.xsql?dbid=1505<\/p>\n<p>Karlsen ser p\u00e5 korleis forventningane til akt\u00f8rar utanfor HiA og har spelt inn i arbeidet for \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass det som skulle til f\u00f8r ein kunne f\u00e5 Agder Universtet (om det no er det det skal heite, dei vil vel sl\u00e5ss om det som alt anna). Heile avhandlinga hans kan du laste ned fr\u00e5 Internett, ho er p\u00e5 engelsk. Du bare g\u00e5r til samandragssida og trykkjer p\u00e5 fulltext, s\u00e5 f\u00e5r du henne som ei pdf-fil.<\/p>\n<p>Karlsen har hytte p\u00e5 Hovden, men eg veit ikkje om han h\u00f8yrer p\u00e5 Valle radio n\u00e5r han er p\u00e5 hytta. Kanskje til vinteren att, n\u00e5r avhandlinga er forsvart og tida vert betre. For det vert betre tider lengre framme for oss alle.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter det eg skj\u00f8ner har det noe vore klart ei stund at HiA vert v\u00e5rt neste Universitet. No er alle formalitetar p\u00e5 plass, og i ein artikkel i F\u00e6drelandsvennen like f\u00f8r 17. mai, var det jubel \u00e5 spore. F\u00e6drelandsvennen har elles gjort seg til taler\u00f8yr for ei anna line enn den som har vore vanleg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hia_vert_universitet2311094\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">HiA vert Universitet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2311094","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2311094"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2311094"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2311094\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2311094"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2311094"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2311094"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}