{"id":2294707,"date":"2007-05-18T21:23:29","date_gmt":"2007-05-18T21:23:29","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/05\/ingen_folkehogskule_i_ar2294707\/"},"modified":"2007-05-18T21:23:29","modified_gmt":"2007-05-18T21:23:29","slug":"ingen_folkehogskule_i_ar2294707","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ingen_folkehogskule_i_ar2294707\/","title":{"rendered":"Ingen folkeh\u00f8gskule i \u00e5r"},"content":{"rendered":"<p>Det vert ikkje oppstart av folkeh\u00f8gskule i Valle i \u00e5r. Ei stund var signala gode p\u00e5 at ein kanskje kunne f\u00e5 til oppstart alt i 2007, men i sendinga onsdag 16. mai hadde \u00d8rnulf Hasla ein prat med prosjektleiar Lene Dyrkorn som kunne fortelje at alle s\u00f8kjarane hadde f\u00e5tt avslag om \u00e5 kome i gang i \u00e5r.<\/p>\n<p>Lene, som nyleg fekk ungdommens kulturpris i heimekommunen Hob\u00f8l i \u00d8stfold for sitt engasjement og resultata ho har n\u00e5dd innan trial-sporten, deppa ikkje s\u00e5 mykje om svaret p\u00e5 f\u00f8rste s\u00f8knaden var negativt. Ho fortalde at dei eigentleg ikkje hadde tekt \u00e5 s\u00f8kje om \u00e5 f\u00e5 starte f\u00f8r i 2008, og ny s\u00f8knad er alt sendt, det skjedde pr. 1. april, kunne ho fortelje.<\/p>\n<p>Utfordringa no vert \u00e5 halde engasjementet varmt. M\u00e5let er \u00e5 f\u00e5 til ein folkeh\u00f8gskule med 35 elevar fyrste \u00e5ret og s\u00e5 auke etter kvart. Skulen skal ha vekt p\u00e5 motorsport og ingen andre folkeh\u00f8gskular har eit tilsvarande opplegg. N\u00e5r ein veit kor mange som er interesserte i dette, burde det vere mogleg \u00e5 rekruttere elevar til eit slikt opplegg.<\/p>\n<p>Til Setesd\u00f8len tysdag fortalde Lene at ein m\u00e5te \u00e5 halde ideen varm p\u00e5 kunne vere \u00e5 f\u00e5 til eit tilbod med trial som valfag for 10. klasse ved Valle skule. Men ein m\u00e5 og arbeide for \u00e5 skaffe meir pengar til folkeh\u00f8gskolebudsjettet i departementet, slik at det vert r\u00e5d \u00e5 starte opp ein ny skule. Ein grunn til at det ikkje gjekk i \u00e5r, var at d\u00e5 ville det verte mindre pengar til dei som alt driv folkeh\u00f8gskular. Lene meiner difor at ein m\u00e5 finne eit system med friske pengar n\u00e5r det startar ein ny skule. Det fekk dei ikkje til denne gongen, og det er jo til sjuande og sist eit politisk sp\u00f8rsm\u00e5l. Difor heldt ho seg unna d\u00e5 \u00d8rnulf utfordra henne p\u00e5 det politiske og sende det over til ordf\u00f8rar og andre politikarar, som nok m\u00e5 ta saken opp i dei rette kanalane om prosjektet skal lukkast. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det vert ikkje oppstart av folkeh\u00f8gskule i Valle i \u00e5r. Ei stund var signala gode p\u00e5 at ein kanskje kunne f\u00e5 til oppstart alt i 2007, men i sendinga onsdag 16. mai hadde \u00d8rnulf Hasla ein prat med prosjektleiar Lene Dyrkorn som kunne fortelje at alle s\u00f8kjarane hadde f\u00e5tt avslag om \u00e5 kome i gang &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ingen_folkehogskule_i_ar2294707\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ingen folkeh\u00f8gskule i \u00e5r<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2294707","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2294707"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2294707"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2294707\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2294707"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2294707"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2294707"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}