{"id":2259408,"date":"2007-05-12T22:03:12","date_gmt":"2007-05-12T22:03:12","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/05\/jesperhus2259408\/"},"modified":"2007-05-12T22:03:12","modified_gmt":"2007-05-12T22:03:12","slug":"jesperhus2259408","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jesperhus2259408\/","title":{"rendered":"Jesperhus"},"content":{"rendered":"<p>Jesperhus er ein blomepark p\u00e5 Mors i Danmark. Vi tok turen attende dit i dag etter \u00e5 ha sove godt i Skive. http:\/\/www.jesperhus.dk<\/p>\n<p>\u00c5 kome dit p\u00e5 denne tida av \u00e5ret er nok enklare enn sommarstid, for det var lett \u00e5 finne parkering og kort k\u00f8 for \u00e5 kome inn. I \u00e5r gjeld billetten som \u00e5rskort, s\u00e5 har ein f\u00f8rst kj\u00f8pt billett for ein dags visitt, kan ein kome inn seinare gratis.<\/p>\n<p>Snart kunne vi g\u00e5 og sj\u00e5 p\u00e5 blomar i alle variantar. Tulipanar og narcissar var p\u00e5 hell, men fargestr\u00e5lande likevel. Vi s\u00e5g p\u00e5 korleis dei heldt p\u00e5 \u00e5 plante ut nye blomar, sm\u00e5 planter som skal vekse seg store og flotte i l\u00f8pet av nokre veker. Blomeskulpturar hadde dei og, motivet for parken er ein sommarfugl, s\u00e5 det var blomesommarfugl-skulptur og ei rekke andre ting \u00e5 la auga kvile p\u00e5. Godt med plass for \u00e5 kvile kroppen var det og, anten ein bare ville nyte synet av folk og blomar, eller ein ville ha is og kaffe til avslapping. Eit tog likt City-Train i Kristiansand tok folk med p\u00e5 ein rundtur i parken. Det var jo greitt for \u00e5 skaffe seg oversyn.<\/p>\n<p>D\u00e5 vi kom var det turnande barn som synte seg fram for gjestene. De hoppa og spratt i rytmisk sportsgymnastikk s\u00e5 det var ein fryd \u00e5 sj\u00e5.<\/p>\n<p>Det som overraska meg mest, var nok alle dyra. Eg tenkte at her ville barnebarnet mitt, H\u00e5kon, likt \u00e5 vore, for han elskar dyr. Surikattar og lemurar, ja visst, men skilpadder og slanger og firfisler og til og med eit par levande alligatorar var der. Ein person heldt foredrag om slangen og synte han fram, heldt han i armane medan han fortalde. Eg ville ikkje ha bytt plass med han, slangar er best bak glass.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 var det fuglar av alle slag i dei tropiske husa i parken. Det var interessant \u00e5 sj\u00e5 papeg\u00f8yar og fuglar eg ikkje hadde h\u00f8yrt om f\u00f8r. Geiter var det og, eit par jenter ville inn til dei, men d\u00e5 den eine geita tok til \u00e5 ete p\u00e5 skj\u00f8rtet til jenta, slo ho geita p\u00e5 mulen i staden for \u00e5 klappe dyret, og s\u00e5 gjekk ho ut att.<\/p>\n<p>Det var ogs\u00e5 mange aktivitetar for barn der: Elektrisk bil, b\u00e5t, karusellar av ulike slag. Ein tur i parken var alts\u00e5 ikkje bare for dei vaksne, men minst like mykje for born. H.C. Andersens eventyrhage synte eventyrfigurar i blomar, der var b\u00e5de den lille havfrue og prinsessen p\u00e5 erten.<\/p>\n<p>I parken var det ei rekke vassdrag, skapte av menneske, men vatn fascinerer alle og skapar eit godt klima, s\u00e5 det var flott \u00e5 g\u00e5 og sj\u00e5 p\u00e5 rennande vatn i fleire fasongar. Inne i tropehuset l\u00e5g ein plastkrokodille og n\u00e5r nokre kom n\u00e6rt nok, dei hoppa p\u00e5 steinar i eit vatnl\u00f8p der, br\u00f8lte den og kom setjande ut av hola. Borna sto p\u00e5 steinane med skrekkblanda fryd og vatnet spruta.<\/p>\n<p>Turen gav mange idear til ein vakker hage, til korleis ein kan framheve blomar og bruke dei til \u00e5 pynte med og skape vakre uterom. Den gav ogs\u00e5 grunnlag for ein artikkel p\u00e5 wikipedia, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Jesperhus<\/p>\n<p>Har du vore p\u00e5 Jesperhus? Skriv ein kommentar til dette innlegget!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Jesperhus er ein blomepark p\u00e5 Mors i Danmark. Vi tok turen attende dit i dag etter \u00e5 ha sove godt i Skive. http:\/\/www.jesperhus.dk \u00c5 kome dit p\u00e5 denne tida av \u00e5ret er nok enklare enn sommarstid, for det var lett \u00e5 finne parkering og kort k\u00f8 for \u00e5 kome inn. I \u00e5r gjeld billetten som &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jesperhus2259408\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jesperhus<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2259408","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2259408"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2259408"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2259408\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2259408"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2259408"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2259408"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}