{"id":2229751,"date":"2007-05-07T22:56:13","date_gmt":"2007-05-07T22:56:13","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/05\/tor_aukrust2229751\/"},"modified":"2007-05-07T22:56:13","modified_gmt":"2007-05-07T22:56:13","slug":"tor_aukrust2229751","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tor_aukrust2229751\/","title":{"rendered":"Tor Aukrust"},"content":{"rendered":"<p>I dag sat eg og s\u00e5g p\u00e5 nokre teologar p\u00e5 wikipedia. D\u00e5 kom eg til \u00e5 tenkje p\u00e5 Tor Aukrust og boka **Exodus : om forkynnelsens krise** som han skreiv i 1984. Dei tankane f\u00f8rte meg nordover til Stokmarknes, der prost Thorodd Bakken kom til meg med boka og sa eg m\u00e5tte lese den. Den gamle prosten meinte det var den beste boka han hadde lese p\u00e5 mange \u00e5r, og han las ganske mykje p\u00e5 sine eldre dagar.<\/p>\n<p>Det var ingen artikkel om Aukrust p\u00e5 wikipedia, s\u00e5 eg skreiv ein. Du finn han her: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Tor_Aukrust<\/p>\n<p>Etter kvart som eg skreiv kom eg til \u00e5 tenkje p\u00e5 kva han har betydd for norsk kyrkjeliv og kristenliv. Han er ikkje s\u00e6rlge kjent lenger, han d\u00f8ydde sist sundag og skal gravleggjast i morgon. Eg er glad eg fekk skrive den artikkelen.<\/p>\n<p>Aukrust betydde mykje for at Arbeiderpartiet ikkje lenger var s\u00e5 kyrkjeskeptisk, han betydde mykje for Kjell Magne Bondevik sitt arbeid for \u00e5 utvide Kristeleg Folkeparti sitt grunnlag til \u00e5 vere noko meir enn dei faste hjartesakene. (Truleg betydde hans tankar mykje for Theis sitt engasjement ogs\u00e5, i morgon klokka 19 samlar han oss til \u00e5rsm\u00f8te i Valle radio og takkar for radioarbeidet han har vore med p\u00e5 i tida si som sokneprest i Valle. &#8211; Og vi skal takke han. du kjem vel? )<\/p>\n<p>I 1991 fekk Tor Aukrust Brobyggerprisen for sitt arbeid med \u00e5 inkludere og ikkje ekskludere. Det sitatet eg fann av han og skreiv inn i artikkelen, kan eg godt ta med her og:<\/p>\n<p>\u0094Evangeliet skal ikke oppbevares som relikvium i gullskrin i Jerusalems tempel. Evangeliet skal tvert om gjennom forkynnere slynges ut av det hellige tempel, det skal kastes ut p\u00e5 torget, ut over jorden helt til dens utkanter\u0094 (Tor Aukrust)<\/p>\n<p>Dei lenkene nederst i wikipediaartikkelen b\u00f8r du unne deg. Dei f\u00f8rer til verdifulle artiklar om ein s\u00e6rprega person som fekk mykje \u00e5 seie for kyrkjeforst\u00e5ing og kristenliv dei siste 40 \u00e5ra, fr\u00e5 den sosialetiske vekkinga kom og endra forst\u00e5inga av kristen etikk: det er ikkje lenger berre eg no, heretter heiter det vi. Biskopar som Gunnar St\u00e5lsett og Tor B. J\u00f8rgensen st\u00e5r i denne tradisjonen, men truleg st\u00e5r dei fleste kyrkjeleiarane i dag i skuld til Tor Aukrust. Det gjer ogs\u00e5 vi vanlege fotfolk, som i st\u00f8rre og st\u00f8rre grad tenkjer sosialetikk og samfunnsetikk, og ikkje bare individualetikk.<\/p>\n<p>I morgon vert han gravlagd. Om du g\u00e5r til Aftenposten, kan du sj\u00e5 annonsen http:\/\/www.aftenposten.no\/ Det er lenke til d\u00f8dsannonsar til venstre p\u00e5 hovudsida, litt nede, og s\u00e5 kan du klikke deg vidare. S\u00e5 kan du takke og be.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag sat eg og s\u00e5g p\u00e5 nokre teologar p\u00e5 wikipedia. D\u00e5 kom eg til \u00e5 tenkje p\u00e5 Tor Aukrust og boka **Exodus : om forkynnelsens krise** som han skreiv i 1984. Dei tankane f\u00f8rte meg nordover til Stokmarknes, der prost Thorodd Bakken kom til meg med boka og sa eg m\u00e5tte lese den. Den &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tor_aukrust2229751\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Tor Aukrust<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2229751","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2229751"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2229751"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2229751\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2229751"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2229751"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2229751"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}