{"id":2223369,"date":"2007-05-06T22:59:32","date_gmt":"2007-05-06T22:59:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/05\/sundagskveld2223369\/"},"modified":"2007-05-06T22:59:32","modified_gmt":"2007-05-06T22:59:32","slug":"sundagskveld2223369","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sundagskveld2223369\/","title":{"rendered":"Sundagskveld"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 sit eg i Valle ein sein sundagskveld og skal skrive litt p\u00e5 bloggen att. Det vart til at eg reiste opp i kveld, mellom anna fordi breibandet mitt fall ut heime i Mandal. Difor kunne eg ikkje skrive p\u00e5 bloggen derifr\u00e5 i kveld, og d\u00e5 valde eg \u00e5 reise opp seint sundagskvelden.<\/p>\n<p>Det merkast at vintersesongen er over, for trafikken nedover var minimal. Veret var heller ikkje s\u00e5 aller verst, det meste av turen var det bare ein og annan regndrope. S\u00e5 kunne eg halde mitt eige tempo oppover Mandalen, p\u00e5 turen fr\u00e5 Sveindal til Hornnes m\u00f8tte eg nokre bilar, og p\u00e5 Evje er det alltid folk p\u00e5 Texaco, men n\u00e5r eg s\u00e5 sette kursen nordover fr\u00e5 Evje, vart det stillare og stillare.<\/p>\n<p>Godt var det d\u00e5 \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 Salmer til alle tider med Helge Gudmundsen. Han hadde funne salmer om skaperverket i kveld, og d\u00e5 fekk eg ein halv times musikkandakt. Det er vel i grunnen hans program som har inspirert meg til dei Salmekveld-programma eg har hatt i Valle radio i vinter, der ein halv time med salmer skaper ro ei tidleg kveldsstund.<\/p>\n<p>Helge Gudmundsen pleier \u00e5 ha Salmen\u00f8tt, eg sat og lurte p\u00e5 om eg skulle innf\u00f8re noko slikt i neste Salmekveld i Valle radio, men var litt usikker p\u00e5 om det ville h\u00f8ve. Synspunkt fr\u00e5 blogglesarer vert teke imot med takk.<\/p>\n<p>D\u00e5 Salmer til alle tider var slutt, sette eg p\u00e5 min eigen salmekveld. Eg er glad i korsang, og Adventsangerne er noko av det beste av norsk kortradisjon med Sverre Valen som dirigent. P\u00e5 wikipedia har vi hatt ein diskusjon om kva for kor som skal f\u00e5 vere med i encyklopedien v\u00e5r. Nokre vil at det bare skal vere med elitekor eller kor som har gjeve ut ei plate som er seld i meir enn 1000 eksemplarar, eg meiner at mange fleire kor kan f\u00e5 artiklar i leksikonet. Etter kvart har eg landa p\u00e5 at dei som presenterer seg i det offentlege romet og har ei levetid p\u00e5 fem \u00e5r, b\u00f8r f\u00e5 sin plass der, uavhengig av om dei har gjeve ut plate. Etter kvart har det blitt artiklar om dei fleste idrottslag i Noreg, d\u00e5 kan det vere artiklar om dei fleste kora ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Sj\u00e5 her for 37 artiklar om norske kor p\u00e5 wikipedia:<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Kategori:Norske_kor<\/p>\n<p>Adventsangerne er ikkje kome med enno, men SKRUK har f\u00e5tt ein artikkel. Det er eit kor som eg har stor sans for, og eg har brukt musikk dei har spelt inn mange gonger i Valle Radio.<\/p>\n<p>S\u00e5 kan eg runde av denne sundagskvelden, og eg fekk ein artikkel p\u00e5 bloggen i kveld og. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 sit eg i Valle ein sein sundagskveld og skal skrive litt p\u00e5 bloggen att. Det vart til at eg reiste opp i kveld, mellom anna fordi breibandet mitt fall ut heime i Mandal. Difor kunne eg ikkje skrive p\u00e5 bloggen derifr\u00e5 i kveld, og d\u00e5 valde eg \u00e5 reise opp seint sundagskvelden. Det merkast &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sundagskveld2223369\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sundagskveld<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2223369","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2223369"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2223369"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2223369\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2223369"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2223369"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2223369"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}