{"id":2167852,"date":"2007-04-26T22:41:18","date_gmt":"2007-04-26T22:41:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/04\/gjestfri_for_nye_tankar2167852\/"},"modified":"2007-04-26T22:41:18","modified_gmt":"2007-04-26T22:41:18","slug":"gjestfri_for_nye_tankar2167852","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gjestfri_for_nye_tankar2167852\/","title":{"rendered":"Gjestfri for nye tankar"},"content":{"rendered":"<p>I kveld var det \u00e5rsm\u00f8te i Valle Fiskeadministrasjon. Eg var invitert til \u00e5 kome og gjekk dit gjerne, samarbeidet mellom VAFA og meg i Valle radio har vore interessant og gjeve mange program og ein del innlegg p\u00e5 bloggen.<\/p>\n<p>Kvelden gjekk etter vanleg l\u00e5m med alle vanlege \u00e5rsm\u00f8tesaker handsama og vedtekne. Til slutt denne kvelden var det framsyning av lysbilete med kommentarar fr\u00e5 Hugo Homme, Tom Arild Homme og Olav Holen. Bileta til Olav Holen fekk meg til \u00e5 tenkje at det hadde vore flott \u00e5 kunne hatt dei p\u00e5 Valle radio i dei programma eg hadde med han for nokre \u00e5r sidan, det hadde gitt eit betre grunnlag for samtalane og truleg ogs\u00e5 betre program om lyttarane kunne sett bileta.<\/p>\n<p>Dei faglege bileta til Tom Arild var interessante. Dei framm\u00f8tte fekk sj\u00e5 fiskebiologen i arbeid med ulike problemstillingar, og naturgleda var s\u00e5 visst ikkje borte. Det var ogs\u00e5 interessant \u00e5 h\u00f8yre han fortelje, og Hugo sine bilete var grunnlag for refleksjon om rekreasjon og den type verdi av natur og landskap.<\/p>\n<p>Det undrar ein observat\u00f8r at Valle Fiskeadministrasjon s\u00e5 samr\u00f8ystes gav uttrykk for at dei ikkje var n\u00f8gde med Valle kommune sitt engasjement p\u00e5 sektoren dei er opptekne av. Ein av deltakarane siterte mottoet for kommunen, slik det kom til uttrykk i ein omtale i F\u00e6drelandsvennen for ei tid tilbake: **Eg skal vere gjestfri for nye tankar**, og meinte at om det var noko kommunen ikkje var, s\u00e5 var det gjestfri for nye tankar i h\u00f8ve til bruk av landskap og utmark i kommunen. Her har kommunen etter mi meining ein stor jobb framfor seg for \u00e5 byggje bru til ein organisasjon som gjer eit stort arbeid for natur og friluftslivsressursane i kommunen.<\/p>\n<p>Eg fekk h\u00f8ve til \u00e5 halde eit innlegg p\u00e5 m\u00f8tet, og der takka eg for samarbeidet eg har f\u00e5tt ha med leiar og dagleg leiar, som stiller opp n\u00e5r eg har ting eg undrar meg over. Samstundes minna eg om at etablering av Vannregion S\u00f8r-Vest, der Otra blir det f\u00f8rste prosjektet som skal kartleggjast, nok vil f\u00e5 verknad for arbeidet ogs\u00e5 i VAFA etter kvart. Eg fortalde ogs\u00e5 om den planlagde programserien Vatn i Valle og vona \u00e5 f\u00e5 hjelp av dei som var p\u00e5 m\u00f8tet til \u00e5 finne stoff som kunne brukast i serien.<\/p>\n<p>Meir stoff om VAFA finn du her: http:\/\/www.vafa.no\/<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld var det \u00e5rsm\u00f8te i Valle Fiskeadministrasjon. Eg var invitert til \u00e5 kome og gjekk dit gjerne, samarbeidet mellom VAFA og meg i Valle radio har vore interessant og gjeve mange program og ein del innlegg p\u00e5 bloggen. Kvelden gjekk etter vanleg l\u00e5m med alle vanlege \u00e5rsm\u00f8tesaker handsama og vedtekne. Til slutt denne kvelden &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gjestfri_for_nye_tankar2167852\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Gjestfri for nye tankar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[70],"class_list":["post-2167852","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-vatn-i-valle"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2167852"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2167852"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2167852\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2167852"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2167852"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2167852"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}