{"id":20665147,"date":"2025-03-09T22:48:06","date_gmt":"2025-03-09T22:48:06","guid":{"rendered":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/?p=20665147"},"modified":"2025-03-09T22:48:06","modified_gmt":"2025-03-09T22:48:06","slug":"hvert-nye-mirakel","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hvert-nye-mirakel\/","title":{"rendered":"Hvert nye mirakel"},"content":{"rendered":"\n<p>Overskrifta p\u00e5 bloggen i kveld er tittelen p\u00e5 ei bok eg har lese dei siste dagane. Den var lett \u00e5 lese, delt inn i 35 kapittel og ein epilog, 337 sider til saman, og kvart kapittel har sm\u00e5 underavsnitt. Boka, som er fr\u00e5 2024, har eit motto fr\u00e5 Job 9,10: <em>Ja, han gj\u00f8r storverk som ingen kan granske og under som ingen kan telle<\/em>. <\/p>\n\n\n\n<p>Eg m\u00e5tte finne ut litt meir om forfattaren, og d\u00e5 likar eg \u00e5 g\u00e5 til Wikipedia, men p\u00e5 norsk var det ingen artikkel om han. P\u00e5 dansk var det ein grei artikkel, <a href=\"https:\/\/da.wikipedia.org\/wiki\/Nicholas_Sparks\">https:\/\/da.wikipedia.org\/wiki\/Nicholas_Sparks<\/a><\/p>\n\n\n\n<p>Det synte seg at han har skrive ei rekke b\u00f8ker, og mange av dei er omsette til norsk. s\u00e5 eg la inn bestilling p\u00e5 nokre av dei p\u00e5 biblioteket her i Mandal. I biografien st\u00e5r det ogs\u00e5 at han har donert pengar til mange gode f\u00f8rem\u00e5l der han og familien bur. Han har ogs\u00e5 starta ein kristen skule.<\/p>\n\n\n\n<p>Det slo meg d\u00e5 eg las i boka at det ut gjennom heile teksten var ei rekke sitat fr\u00e5 Bibelen. S\u00f8rstatane i USA er jo kjent for \u00e5 ha eit rikt kyrkjeliv, men i denne boka er det ikkje s\u00e5 mykje om kyrkjeleg aktivitet, sj\u00f8lv om tru er ein viktig del av livet. <\/p>\n\n\n\n<p>S\u00e5 f\u00e5r ein ogs\u00e5 inspirasjon til \u00e5 sj\u00e5 etter mirakel i eige liv. At ein har n\u00e5dd h\u00f8g alder, er vel i grunnen eit nytt mirakel for kvar ny dag ein f\u00e5r. D\u00e5 h\u00f8ver det \u00e5 slutte bloggen p\u00e5 samen m\u00e5te som boka sluttar: <em>Takk, Gud, hvisket han. Takk.<\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Overskrifta p\u00e5 bloggen i kveld er tittelen p\u00e5 ei bok eg har lese dei siste dagane. Den var lett \u00e5 lese, delt inn i 35 kapittel og ein epilog, 337 sider til saman, og kvart kapittel har sm\u00e5 underavsnitt. Boka, som er fr\u00e5 2024, har eit motto fr\u00e5 Job 9,10: Ja, han gj\u00f8r storverk som &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hvert-nye-mirakel\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hvert nye mirakel<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-20665147","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20665147"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20665147"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20665147\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20665148,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20665147\/revisions\/20665148"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20665147"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20665147"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20665147"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}