{"id":20664587,"date":"2022-11-04T23:59:14","date_gmt":"2022-11-04T22:59:14","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20664587"},"modified":"2022-11-05T00:11:39","modified_gmt":"2022-11-04T23:11:39","slug":"gunbjorgs-gravferd","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gunbjorgs-gravferd\/","title":{"rendered":"Gunbj\u00f8rgs gravferd"},"content":{"rendered":"<p>I dag var det tid for Gunbj\u00f8rgs gravferd. Den var fr\u00e5 Sola kyrkje, og sv\u00e6rt mange m\u00f8tte fram for \u00e5 vere med. Helsa mi er ikkje slik at eg kunne vere med, men Tom Andreas Kristensen sette opp eit kamera p\u00e5 galleriet og streama alt saman, b\u00e5de preluderinga til organist Geir Munthe-Kaas, liturgi og tale ved presten Frank Skofteland, minneord ved Gunbj\u00f8rg sin son, Steinar Sola, korsang ved koret <em>Andante<\/em> og <em>Gabriels obo<\/em> ved Torunn Irene Kristensen.<\/p>\n<p>Det var ogs\u00e5 sjeldan fulltonande kyrkjelydssang n\u00e5r dei song <em>Ja engang mine \u00f8yne skal se Kongen i hans prakt f\u00f8r minneord<\/em>, skriftlesing og b\u00f8nn, og <em>Takk at du tok mine byrder<\/em> f\u00f8r talen. Etter talen song dei Bred dina vida vingar. S\u00e5 vart b\u00e5ra boren ut i regnveret og f\u00f8rt til grava.<\/p>\n<p>Margunn, Stein og Reidun var i bilen alt klokka halv ni, og turen vestover gjekk greitt, men det var tungt \u00e5 kj\u00f8re i alt regnet. P\u00e5 kyrkjegarden kunne dei ikkje vere lenge, alle var inviterte til minnesamv\u00e6r, og mange fann vegen dit. Der fekk dei snittar og kaffe, og mange nytta h\u00f8vet til \u00e5 seie noko ogs\u00e5 der. Difor kom mine folk seg ikkje p\u00e5 veg s\u00f8rover att f\u00f8r det tok til \u00e5 skumre, og dei hadde regn p\u00e5 heimturen ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Vel heime kunne dei fortelje om det dei hadde opplevd, s\u00e5 hadde vi kveldsmat saman, og n\u00e5r eg no avsluttar bloggen, har dei andre g\u00e5tt til ro etter ein lang dag. Kjenslene b\u00e5de i h\u00f8ve til det som var og det som ventar n\u00e5r Helge skal gravleggjast tysdag er mange og tunge, og midt i det heile er det mykje praktisk som skal ordnast. Takk for helsingar, omtanke og forb\u00f8nn fr\u00e5 fjern og n\u00e6r.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag var det tid for Gunbj\u00f8rgs gravferd. Den var fr\u00e5 Sola kyrkje, og sv\u00e6rt mange m\u00f8tte fram for \u00e5 vere med. Helsa mi er ikkje slik at eg kunne vere med, men Tom Andreas Kristensen sette opp eit kamera p\u00e5 galleriet og streama alt saman, b\u00e5de preluderinga til organist Geir Munthe-Kaas, liturgi og tale &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gunbjorgs-gravferd\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Gunbj\u00f8rgs gravferd<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[],"tags":[],"class_list":["post-20664587","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20664587"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20664587"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20664587\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20664590,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20664587\/revisions\/20664590"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20664587"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20664587"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20664587"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}