{"id":20664585,"date":"2022-11-03T23:50:16","date_gmt":"2022-11-03T22:50:16","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20664585"},"modified":"2022-11-03T23:50:16","modified_gmt":"2022-11-03T22:50:16","slug":"ord-blir-fattige","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ord-blir-fattige\/","title":{"rendered":"Ord blir fattige"},"content":{"rendered":"<p>N\u00e5r ein kj\u00e6r son g\u00e5r bort, blir ord fattige, og slik kjende b\u00e5de eg og Reidun det d\u00e5 R\u00f8nnaug ringte i formiddag og fortalde at Helge d\u00f8ydde i formiddag. Ho sat hos han d\u00e5 det skjedde, og eg har tidlegare skrive at Reidun var p\u00e5 Lovisenberg lindring og livshjelp i helga og tok farvel med han.<\/p>\n<p>Eg tenkjer tilbake p\u00e5 gode minne fr\u00e5 barndom og oppvekst. Han vaks opp p\u00e5 Hadsel folkeh\u00f8yskole, der eg var rektor, og der var ungane v\u00e5re pr\u00f8vekaninar for barnehagelinja vi starta. Helge fekk seg vener blant elevane og som ung opplevde han nok mange gonger at det var tungt \u00e5 skiljast d\u00e5 dei reiste om v\u00e5ren.<\/p>\n<p>Vi starta linje med undervisning i data, og sj\u00f8lv om han ikkje gjekk p\u00e5 den linja, vart det IT som vart den store interessen for han, han tok utdanning i b\u00e5de IT og historie, som var den andre store interessen. D\u00e5 han skulle skaffe seg jobb, vart det fort klart at det var i Oslo slike jobbar var \u00e5 finne, og etter \u00e5 ha vore tilkallingsvikar gjennom vikarbyr\u00e5, fann DNB ut at dei heller ville ha han med p\u00e5 laget som tilsett.<\/p>\n<p>Medan han var under utdanning, hadde han sommarjobb i Valle kommune, som alle ungdommar fekk p\u00e5 den tida. Men d\u00e5 vi flytta til Mandal, vart kontakten til Valle ogs\u00e5 broten.<\/p>\n<p>Interessen for \u00e5 bruke datamaskina og interessen for historie f\u00f8rte til at han gav seg i kast med slektsgransking. Han grov seg bakover, var p\u00e5 Arkivet i Kristiansand og leita i protokollar. Etter kvart vart mange scanna og lagde ut p\u00e5 nett, og d\u00e5 kunne han granske heimefr\u00e5. Han vart med i slektforskingsgruppe i Oslo i regi av DIS-Norge og gav r\u00e5d til andre slektsforskarar. I rykk og napp vaks databasen hans. Han skaffa seg ogs\u00e5 eigen server til \u00e5 ha basen p\u00e5.<\/p>\n<p>I juni 2006 synte han meg nettleksikonet Wikipedia og meinte at det ville vere noko for meg. Eg gjorde mi f\u00f8rste redigering d\u00e5, og sanneleg var det noko for meg. Med \u00e5ra har det blitt mange tusen redigeringar der.<\/p>\n<p>Men v\u00e5ren 2009 var eg p\u00e5 Regionr\u00e5det sin konferanse p\u00e5 Hovden. Der diskuterte dei korleis folk i det lange dalf\u00f8ret Setesdal skulle vite om kvarandre og dei n\u00e6ringsaktivitetane som var i dei ulike kommunane. Eg foreslo d\u00e5 at dei kunne skrive om bedriftene sine p\u00e5 ein nettstad etter wiki-prinsipp, der dei kunne skrive sj\u00f8lv. \u00c5 f\u00e5 geh\u00f8r for det, var ikkje s\u00e5 lett, s\u00e5 Helge og eg starta Setesdalswiki for \u00e5 gjere det lettare. No n\u00e6rmar Setesdalswiki seg 100.000 artiklar, vi skriv om bedrifter, folk, stader og hendingar i Setesdal og Agder. Ettersom eg har stor intersse for kyrkje og kristenliv, s\u00e5 skriv vi om det ogs\u00e5. Heile tida har Helge drifta Setesdalswiki.<\/p>\n<p>No er ogs\u00e5 den epoken over. Setesdalswiki vil halde fram, vi har funne l\u00f8ysing p\u00e5 det. Men Helge sette spor etter seg i lokalsamfunna v\u00e5re. Ord blir fattige, men vi lyser fred over minnet hans og takkar for inspirasjon og f\u00f8red\u00f8me han gav oss i livet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/scontent.fosl3-2.fna.fbcdn.net\/v\/t1.18169-9\/18057164_10154288319100957_3692776399547269844_n.jpg?_nc_cat=111&amp;ccb=1-7&amp;_nc_sid=09cbfe&amp;_nc_ohc=GmoinF1tKIkAX8aOY1u&amp;_nc_ht=scontent.fosl3-2.fna&amp;oh=00_AfBN8AfOXswUo16V4LysdACEcxZQiain01XRbK6wlknbiw&amp;oe=638BA267\" alt=\"Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.\" \/><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r ein kj\u00e6r son g\u00e5r bort, blir ord fattige, og slik kjende b\u00e5de eg og Reidun det d\u00e5 R\u00f8nnaug ringte i formiddag og fortalde at Helge d\u00f8ydde i formiddag. Ho sat hos han d\u00e5 det skjedde, og eg har tidlegare skrive at Reidun var p\u00e5 Lovisenberg lindring og livshjelp i helga og tok farvel med &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ord-blir-fattige\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ord blir fattige<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[],"tags":[],"class_list":["post-20664585","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20664585"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20664585"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20664585\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20664586,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20664585\/revisions\/20664586"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20664585"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20664585"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20664585"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}