{"id":20664108,"date":"2022-05-12T23:59:29","date_gmt":"2022-05-12T21:59:29","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20664108"},"modified":"2022-05-12T23:59:29","modified_gmt":"2022-05-12T21:59:29","slug":"aremalsdag","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aremalsdag\/","title":{"rendered":"\u00c5rem\u00e5lsdag"},"content":{"rendered":"<p>I dag kunne Reidun feire \u00e5rem\u00e5lsdag. Ettersom det var litt rundare enn vanleg, vart det markering med b\u00e5de kringle og Ole Bulls ostekake. S\u00e5 n\u00e5r eg i kveld skal skrive blogg, er eg litt stappmett, for n\u00e5r det regnar p\u00e5 presten, s\u00e5 dryp det p\u00e5 klokkaren, sa eit gamalt ordtak.<\/p>\n<p>Etter at vi hadde hatt lunsj kom s\u00f8ster Bj\u00f8rg, s\u00f8skenbarn Unni med mannen Harald og nabo Jean p\u00e5 bes\u00f8k og i kveldinga kom mi s\u00f8ster og hennar Ole Thorvald ogs\u00e5 innom. Dei hadde eit noko hektisk program, for dei kom fr\u00e5 bes\u00f8k hos barn p\u00e5 Austlandet og skulle vidare til Rogaland i morgon for \u00e5 feire mitt s\u00f8skenbarn Brit sin dag. Det er blitt litt mange p\u00e5 rekke og rad i mai, men det passar i grunnen, for mai er m\u00e5naden der vi g\u00e5r p\u00e5 rekke og rad, vi kallar det 17. mai-tog. Ein butikk-kjede har reklame for at vi kan kj\u00f8pe flagg for ei krone.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om veret var fint, var det for mykje vind til at vi kunne sitte ute. Men det lauvast i li, regnet vi har f\u00e5tt, har gjort naturen gr\u00f8n og fin til festdagane.<\/p>\n<p>N\u00e5r folk som ikkje m\u00f8test s\u00e5 ofte, kjem saman, blir det gjerne snakk om folk ein kjenner, har g\u00e5tt p\u00e5 skole saman med og slikt. Eg, som er utanfor slike opplevingar, klarar ikkje heilt \u00e5 f\u00f8lgje med i alle krokvegar som samtalen g\u00e5r i, men eg gjer mitt beste for \u00e5 henge med, sj\u00f8lv om mine kommentarar ikkje blir s\u00e5 mange. Det gjer for s\u00e5 vidt ikkje noko heller.<\/p>\n<p>N\u00e5r folk er kome opp i v\u00e5r alder, er nokre vener ogs\u00e5 \u00e5 finne p\u00e5 kyrkjegarden. Samtalen gjekk om r\u00e5dyra p\u00e5 Mandal kyrkjegard, dei likar jo godt \u00e5 f\u00e5 nye roser n\u00e5r det har vore gravferd. Det var end\u00e5til eit innslag om det p\u00e5 distriktsnytt i dag, og oppslag i lokalavisa Lindesnes.<\/p>\n<p>Gode minne er verd \u00e5 ta vare p\u00e5. Takk til dykk som kom innom og de som sende helsingar p\u00e5 ulik m\u00e5te. Det gjorde \u00e5rem\u00e5lsdagen rik og vel verd \u00e5 minnast. Her er eit bilde av Reidun og Jean:<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/scontent.fosl3-2.fna.fbcdn.net\/v\/t39.30808-6\/280376513_10220824043021918_2070171715923023964_n.jpg?_nc_cat=109&amp;ccb=1-6&amp;_nc_sid=730e14&amp;_nc_ohc=HgyM3O_Du2oAX-nB4FI&amp;_nc_ht=scontent.fosl3-2.fna&amp;oh=00_AT9AtHQ6Xsr48U-ISQpdnPjhQrJ7Ej5f7u4zPWQQAMXMHA&amp;oe=6282BA51\" alt=\"Kan v\u00e6re et bilde av 1 person og innend\u00f8rs\" \/><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag kunne Reidun feire \u00e5rem\u00e5lsdag. Ettersom det var litt rundare enn vanleg, vart det markering med b\u00e5de kringle og Ole Bulls ostekake. S\u00e5 n\u00e5r eg i kveld skal skrive blogg, er eg litt stappmett, for n\u00e5r det regnar p\u00e5 presten, s\u00e5 dryp det p\u00e5 klokkaren, sa eit gamalt ordtak. Etter at vi hadde hatt &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aremalsdag\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">\u00c5rem\u00e5lsdag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20664108","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20664108"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20664108"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20664108\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20664109,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20664108\/revisions\/20664109"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20664108"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20664108"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20664108"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}