{"id":20663778,"date":"2022-01-19T23:59:56","date_gmt":"2022-01-19T22:59:56","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20663778"},"modified":"2022-01-19T23:59:56","modified_gmt":"2022-01-19T22:59:56","slug":"nade","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nade\/","title":{"rendered":"N\u00e5de"},"content":{"rendered":"<p>Gud sj\u00e5 i n\u00e5de til folk som bur i gamle hus, siterte Steinar Kyrvestad i kveld i Valle Radio. Det var visst Leonard Jansen som hadde sagt det, men samanhengen kom ikkje fram. Sitatet h\u00f8vde likevel, for gamle hus som ikkje er godt isolerte f\u00e5r h\u00f8ge straumrekningar i desse dagane. P\u00e5 TV s\u00e5g vi at end\u00e5til direkt\u00f8ren i kraftselskapet stilte opp for \u00e5 svare p\u00e5 telefonar om straumrekninga og om korleis folk skulle klare \u00e5 f\u00e5 betalt den.<\/p>\n<p>N\u00e5de kunne ein vel ogs\u00e5 seie at det var at elektrikaren hadde vore i radiohuset og sett inn nytt lys i den lange trappa opp til studio. Den har vore m\u00f8rk og vanskeleg \u00e5 g\u00e5 i, men no var det end\u00e5til blitt GPS-basert lys der, slik at det tente seg etter b\u00e5de sol og m\u00e5ne og kva det skulle vere. Resultatet var flaumlys, og det er nok alle som skal g\u00e5 i trappa sv\u00e6rt glade for.<\/p>\n<p>N\u00e5de var det og at Vidar Homme ville heim til Valle att og kunne ta til som kommunedirekt\u00f8r\u00a0 1. mai. Det skulle vere ekstraordin\u00e6rt kommunestyrem\u00f8te 26. januar for \u00e5 gjennomf\u00f8re tilsetting, og tilr\u00e5dinga var einstemmig fr\u00e5 b\u00e5de administrasjonsutval og konsulentar.<\/p>\n<p>Om det er n\u00e5de \u00e5 kunne kj\u00f8re elsykkel, det veit eg ikkje. Men i l\u00f8pet av v\u00e5ren blir sykkelveg ferdig fr\u00e5 Helle til Rysstad, anten ein tr\u00f8r eller har hjelpemotor. Steinar Kyrvestad hadde pr\u00f8vd det ein gong og funne det enkelt og godt, s\u00e5 kanskje blir det elsykkel i staden for bil av og til framover.<\/p>\n<p>F\u00f8r Steinar kom i studio, hadde Torfinn andakt. Etter han var det Lokal time. Der hadde \u00d8rnulf vore p\u00e5 bes\u00f8k hos To i tr\u00e5d og hos brennevinsprodusentane i Brokke.<\/p>\n<p>Opi sending med Jorunn og K\u00e5re fekk eg ikkje med meg s\u00e5 myke av, for etter at eg sj\u00f8lv hadde vore med og l\u00f8yst rebus og sunge og slik f\u00e5tt to lappar i bollen, fekk eg telefon og den vart litt lang. Men eg fekk med meg slutten og h\u00f8yrde at eg vann Flaxlodd for den improviserte sangen min.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Gud sj\u00e5 i n\u00e5de til folk som bur i gamle hus, siterte Steinar Kyrvestad i kveld i Valle Radio. Det var visst Leonard Jansen som hadde sagt det, men samanhengen kom ikkje fram. Sitatet h\u00f8vde likevel, for gamle hus som ikkje er godt isolerte f\u00e5r h\u00f8ge straumrekningar i desse dagane. P\u00e5 TV s\u00e5g vi at &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nade\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">N\u00e5de<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20663778","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663778"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20663778"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663778\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20663779,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663778\/revisions\/20663779"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20663778"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20663778"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20663778"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}