{"id":20663744,"date":"2022-01-06T23:32:11","date_gmt":"2022-01-06T22:32:11","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20663744"},"modified":"2022-01-06T23:32:11","modified_gmt":"2022-01-06T22:32:11","slug":"meir-om-starten","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-starten\/","title":{"rendered":"Meir om starten"},"content":{"rendered":"<p><strong>Her kjem andre del av innlegget til Leonhard Jansen om starten p\u00e5 Valle Radio:<\/strong><\/p>\n<p><span style=\"font-weight: 400;\">S\u00e5 er eg litt i tvil om korleis alt bar til. Eg trur i grunnen ikkje at det vart valt noko ny nemnd, men at det var Hallvard Kjelleberg som hausten 1996 tromma saman eit lag med Theis Salvesen, Leif Kvinlog, ein som het Kjetil Soland og jobba p\u00e5 teknisk, Bj\u00f8rg \u00c5kre som \u00f8konomiansvarleg, og meg p\u00e5 kulturkontoret. S\u00e5 var au Torleiv Soltun involvert, og J\u00f8rund Georg kom ogs\u00e5 inn i biletet noks\u00e5 fort. Men det var kanskje etter at Kjetil Soland hadde flytt vekk.<\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-weight: 400;\">Det \u00e5 f\u00e5 i gang n\u00e6rradioen var truleg eitt av dei mest uformelle prosjekta eg var involvert i gjennom dei \u00e5ra eg var kulturkonsulent. Vi som var med p\u00e5 dette vart i grunnen berre kommanderte i ulike retningar av Hallvard Kjelleberg. Som hovudregel var han alt for utolmodig til \u00e5 vente p\u00e5 formelle vedtak i kulturstyret og kommunestyret. N\u00e5r eg endeleg hadde f\u00e5tt kommunal godkjenning til \u00e5 bruke pengar p\u00e5 dette, var det meste alt bestilt og langt p\u00e5 veg montert. Men det gjekk no greitt.<\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-weight: 400;\">Det vart gjort avtale om \u00e5 bruke same konsesjonen som Bykle. Difor var det i ganske mange \u00e5r Bjarne Tveiten som vart st\u00e5ande som redakt\u00f8r ogs\u00e5 for Valle radio. Sendaren var ogs\u00e5 i Bykle, og av og til n\u00e5r det var noko som skar seg, m\u00e5tte Reidar Trydal tr\u00f8 til og sl\u00e5 av og p\u00e5 brytarar. Sendinga fr\u00e5 Valle vart sendt p\u00e5 ISDN-linje til sendaren i Bykle, som s\u00e5 sendte det ut over sendarnettet.<\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-weight: 400;\">Det vart montert master fleire stader. Mest utsatt var den p\u00e5 Ljom som av og til vart heilt nedisa, og utan J\u00f8rund Georg ville det ha vore mange sendingar som ikkje hadde kome p\u00e5 lufta. Iskalde sn\u00f8skuterturar vart det fleire av.<\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-weight: 400;\">D\u00e5 sendarane p\u00e5 toppane vart sette opp var Hallvard frykteleg oppgl\u00f8dd. Han sette i gong sendaren og kommanderte meg til \u00e5 k\u00f8yre nedover dalen. S\u00e5 hadde vi telefonkontakt og han var veldig oppgl\u00f8dd d\u00e5 det viste seg at radioen kunne h\u00f8yrast langt nede i Austad sokn. Seinare fann vi jo ut at p\u00e5 heiane der bar det end\u00e5 lenger.<\/span><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Her kjem andre del av innlegget til Leonhard Jansen om starten p\u00e5 Valle Radio: S\u00e5 er eg litt i tvil om korleis alt bar til. Eg trur i grunnen ikkje at det vart valt noko ny nemnd, men at det var Hallvard Kjelleberg som hausten 1996 tromma saman eit lag med Theis Salvesen, Leif Kvinlog, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-starten\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om starten<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20663744","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663744"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20663744"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663744\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20663745,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663744\/revisions\/20663745"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20663744"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20663744"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20663744"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}