{"id":20663608,"date":"2021-11-12T23:58:09","date_gmt":"2021-11-12T22:58:09","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20663608"},"modified":"2021-11-12T23:58:09","modified_gmt":"2021-11-12T22:58:09","slug":"takk-for-dagen-og-livet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/takk-for-dagen-og-livet\/","title":{"rendered":"Takk for dagen og livet"},"content":{"rendered":"<p>I kveld f\u00e5r Geir Daasvatn ordet p\u00e5 bloggen. Innlegget hentar eg fr\u00e5 Facebooksida hans, der han skreiv i dag:<\/p>\n<p><em>Eg reknar meg som ganske ressurssterk, eg har eit ukueleg positivt syn p\u00e5 tilv\u00e6ret (h\u00e5par eg), eg er vant til og likar ein enkel levestil og treng ikkje s\u00e5 mykje for \u00e5 vere glad og eg har verdas beste og vakraste kj\u00e6rast for meg (eg h\u00e5par alle tykkjer nettopp deira kj\u00e6rast er den aller beste!). \u00c5 vere uf\u00f8retrygda er leit, men gir ogs\u00e5 ein slags fridom. D\u00e5 eg begynte \u00e5 tumle med desse tankane d\u00e5 eg stod opp, trengte eg ikkje \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 jobb men kunne hive meg p\u00e5 sykkelen og kose meg med ein fin morgontur langs kjente vegar i heimbygda. F\u00f8r regnet (sn\u00f8en??) som er p\u00e5 veg dukkar opp. At fribel\u00f8pet eg kan tene p\u00e5 vanleg arbeid f\u00f8r trygda blir redusert truleg blir null fr\u00e5 2022, kan eg leve med. Mitt \u00abarbeid\u00bb er \u00e5 skrive og lage b\u00f8ker. Eg betaler alle utgifter sj\u00f8lv. N\u00e5r dei er trekte fr\u00e5 i inntektene, er nettoen heilt sikkert langt ned mot null uansett. Kanskje helst i minus\u00a0<span class=\"pq6dq46d tbxw36s4 knj5qynh kvgmc6g5 ditlmg2l oygrvhab nvdbi5me sf5mxxl7 gl3lb2sf hhz5lgdu\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/static.xx.fbcdn.net\/images\/emoji.php\/v9\/ta8\/1.5\/16\/1f601.png\" alt=\"?\" width=\"16\" height=\"16\" \/><\/span>\u00a0Om straumprisen skulle bli heilt vill i \u00e5ra som kjem, er det ein siste utveg \u00e5 bytte ut det store og gamle huset heime med ein liten bustad. \u00abKlimakrisa\u00bb som nokon meiner ikkje finst ser eg p\u00e5 som heilt reell og verkeleg farleg for oss menneske, om me ikkje tar grep om utviklinga dei neste ti\u00e5ra. Men verknadane blir uansett truleg ikkje frykteleg dramatiske for oss her i Norge med det f\u00f8rste. Me har b\u00e5de \u00f8konomiske f\u00f8resetnadar og ein natur som gjer at me kan takle det som kjem rimeleg bra, vil eg tru. Det er mange, mange andre i verda som vil f\u00e5 mykje meir dramatisk endra liva sine til det verre enn oss. N\u00e5r det gjeld avfolking og nedgangstider i Bygland og Valle, er eg heller ikkje s\u00e5 veldig bekymra. Seinast for eit par dagar sidan blei Margit Dale p\u00e5 Systog Dale i Valle tildelt ein h\u00f8gthengande bedriftsutviklingspris fr\u00e5 Innovasjon Norge. Det er mange slike ressursterke og initiativrike menneske i Setesdal. Tenk bare p\u00e5 JA-mannen Knut H. Rysstad p\u00e5 Rysstad eller hotelldirekt\u00f8ren Bj\u00f8rn Erling Auestad med alt hans p\u00e5gangsmot. Det er sj\u00f8lvsagt store utfordringar framf\u00f8re b\u00e5de valld\u00f8lane og byglendingane, og oss i E &amp; H og Bykle ogs\u00e5. Men menneska er den viktigaste ressursen i eit samfunn, og me har flust av dyktige folk som kan ta tak i situasjonen og drive bygdene v\u00e5re framover saman med resten av oss innbyggarar. Eg f\u00f8ler meg viss p\u00e5 at Setesdal har ei framtid, og ei GOD framtid. Me m\u00e5 bare brette opp ermane og jobbe vidare med \u00e5 forme ho!<\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld f\u00e5r Geir Daasvatn ordet p\u00e5 bloggen. Innlegget hentar eg fr\u00e5 Facebooksida hans, der han skreiv i dag: Eg reknar meg som ganske ressurssterk, eg har eit ukueleg positivt syn p\u00e5 tilv\u00e6ret (h\u00e5par eg), eg er vant til og likar ein enkel levestil og treng ikkje s\u00e5 mykje for \u00e5 vere glad og eg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/takk-for-dagen-og-livet\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Takk for dagen og livet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[],"tags":[],"class_list":["post-20663608","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663608"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20663608"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663608\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20663609,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663608\/revisions\/20663609"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20663608"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20663608"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20663608"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}