{"id":20663476,"date":"2021-10-03T23:56:01","date_gmt":"2021-10-03T21:56:01","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20663476"},"modified":"2021-10-04T09:37:46","modified_gmt":"2021-10-04T07:37:46","slug":"mimring-3","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mimring-3\/","title":{"rendered":"Mimring"},"content":{"rendered":"<p>Etter at Valle Radio fekk Kulturprisen for 2021, fekk eg sp\u00f8rsm\u00e5l om kva tid vi starta opp med tysdagssendingar. D\u00e5 m\u00e5tte eg i tenkeboksen, men eg kom ikkje til noko resultat utan vidare. Men s\u00e5 fann Reidun nokre permar med program, og det fekk meg til\u00a0 \u00e5 mimre litt over alt vi har hatt i radioen.<\/p>\n<p>Hugsar du at vi hadde eit fast munnharpeprogram. John Melhus var med meg i studio, av og til slo han sj\u00f8lv p\u00e5 munnharpa, men vi hadde ogs\u00e5 Bj\u00f8rgulv Straume sine plater og sikkert andre ogs\u00e5.<\/p>\n<p>P\u00e5 lista over programleiarar var Hallvard Kjelleberg, Theis Salvesen, Leonhard Jansen, Britta Lise Homme og Knut Nomeland i tillegg til meg.<\/p>\n<p>P\u00e5 lista over teknikarar var J\u00f8rund Georg Jore, Kjetil Homme, Geir Olav Uppstad, \u00c5ge Nomeland, Inga Flateland\u00a0 og Torleiv Haugen, medan Jan Roger Homme, Jan Oddvar Rysstad og Knut Inge Hovet hjelpte meg.<\/p>\n<p>Til \u00e5 ha andaktar p\u00e5 onsdagskveldane hadde vi H\u00e5vard Viki, Torleif Harstad og Bj\u00f8rgulv T. Berg. Eg hadde med meg Pieter Leebeek og Niklos K. Besteland i Postludium, Norges einaste faste radioprogram med orgel- og kyrkjemusikk.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 var det mange telefonvakter: Torbj\u00f8rg Hoftuft, Jorunn Lund Harstad, Johanna Solheim er namn eg hugsar fr\u00e5 den f\u00f8rste tida. Men Gunvor Ruth Salvesen og Laila Homme var ogs\u00e5 med.<\/p>\n<p>Leif Kvinlog fekk ansvar for CD-samlinga. I den tida var det jo ikkje Spotify, all musikken var p\u00e5 CD-plater eller kassettar. \u00c5nund K. Homme hadde produsert mange kassettar med program d\u00e5 han budde p\u00e5 Sunnm\u00f8re. Vi fekk nokre av dei og kunne spele dei om vi mangla stoff av og til, det var Dansefoten eller frem fra glemselen. \u00c5nund hadde ei veldig samling av EP-plater som han brukte n\u00e5r han laga kassettane, i kjellaren p\u00e5 \u00d8vrevoll var ein lang vegg dekka av platehyller.<\/p>\n<p>Nokon av medarbeidarane fr\u00e5 den tida er g\u00e5tt bort alt, men s\u00e5 har nye kome til. Siri Johannessen er som poteta, kan brukast til alt, og i radioen er ho b\u00e5de teknikar og programansvarleg b\u00e5de tysdagar og onsdagar. Fr\u00e5 scenen sa \u00d8rnulf Hasla av vi var vel 30 medarbeidarar no, og det var vi vel d\u00e5 vi starta opp ogs\u00e5. Dugnadsgleda har halde seg, og ved starten av kvar sesong hadde vi pizza p\u00e5 Motellet. I den seinare tid har det vore samlingar p\u00e5 Bergtun eller S\u00f8lvgarden for medarbeidarane.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om eg har flytta til Mandal, gjer Internett at eg kan ha program fr\u00e5 stova her s\u00f8r, s\u00e5 eg er framleis med i det gode selskapet og takkar hjarteleg for kulturprisen til Valle Radio. Eg kjem neppe til Valle for \u00e5 ete bl\u00f8tkake, men skal vere med i tankane og kan hende tek me eit kakestykke her s\u00f8r ogs\u00e5 den dagen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/scontent.xx.fbcdn.net\/v\/t1.15752-9\/s600x600\/244336132_360982319144754_6861074866095602409_n.png?_nc_cat=111&amp;ccb=1-5&amp;_nc_sid=aee45a&amp;_nc_ohc=gLBQSmZ-mdEAX-FhuCm&amp;_nc_ad=z-m&amp;_nc_cid=0&amp;_nc_ht=scontent.xx&amp;oh=998f6396ab14c0293a1283d3b721a27a&amp;oe=617EBAA6\" alt=\"\u00c5pne bilde\" \/><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter at Valle Radio fekk Kulturprisen for 2021, fekk eg sp\u00f8rsm\u00e5l om kva tid vi starta opp med tysdagssendingar. D\u00e5 m\u00e5tte eg i tenkeboksen, men eg kom ikkje til noko resultat utan vidare. Men s\u00e5 fann Reidun nokre permar med program, og det fekk meg til\u00a0 \u00e5 mimre litt over alt vi har hatt i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mimring-3\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Mimring<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20663476","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663476"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20663476"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663476\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20663480,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663476\/revisions\/20663480"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20663476"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20663476"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20663476"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}