{"id":20663361,"date":"2021-08-19T23:50:37","date_gmt":"2021-08-19T21:50:37","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20663361"},"modified":"2021-08-20T15:47:40","modified_gmt":"2021-08-20T13:47:40","slug":"juksa-litt","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/juksa-litt\/","title":{"rendered":"Juksa litt"},"content":{"rendered":"<p>I dag m\u00e5tte eg juksa litt, som Ingrid Espelid sa d\u00e5 ho henta fram ein ferdig rett fr\u00e5 kj\u00f8leskapet eller fr\u00e5 steikeomnen. Ho kunne ikkje vente til steiketida var over.<\/p>\n<p>Problemet mitt var at eg ikkje hadde publisert bloggen eg skreiv i g\u00e5r, eg hadde bare skrive den. Det oppdaga Reidun, ho lurte p\u00e5 kva eg hadde skrive om i g\u00e5r. S\u00e5 d\u00e5 m\u00e5tte eg publisere ved middagstid i dag, om lag 12 timar forsinka. Etter at eg hadde publisert, gjekk eg inn og retta publiseringstidspunkt med 12 timar, d\u00e5 vart det rett dato.<\/p>\n<p>I dag vart eg overraska d\u00e5 telefonen ringde i ettermiddag. Det var Olav F\u00f8reland som hadde vore i Mandal saman med kona Marit F\u00f8reland og Niklos K. Besteland. No lurte dei p\u00e5 om det passa \u00e5 kome innom ein liten tur. Og sj\u00f8lvsagt passa det. Det er ikkje kvart \u00e5r Niklos er p\u00e5 bes\u00f8k hos oss, og heller ikkje Olav og Marit, men dei var her i fjor ogs\u00e5. Like hyggeleg kvar gong.<\/p>\n<p>Marit og Reidun gjekk ein tur i hagen medan vi mennene vart sitjande og snakke, Olav ville vite meir om Setesdalswiki. Og det er jo eit emne eg ikkje har s\u00e5 vanskeleg for \u00e5 snakke om, s\u00e5 praten gjekk lett. Niklos, som ikkje er nokon datafreak, fall nok litt utanfor d\u00e5. Men han tok det att d\u00e5 han fortalde om turen han hadde vore med Setesdal sogelag til Suldal og Vanvik. Det var ei oppleving han ikkje ville ha om att, for vegane var smale og bakkane bratte. P\u00e5 turen var dei bare \u00e5tte personar, dei nytta difor to personbilar.<\/p>\n<p>Ettersom dei hadde hatt fiskesuppe p\u00e5 kaf\u00e9 og kaffe hos \u00d8yvind Br\u00e5dland tidlegare, vart det bare eit glas med godt Mandals-vatn hos oss f\u00f8r dei reiste vidare.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/scontent.fosl3-1.fna.fbcdn.net\/v\/t39.30808-6\/p843x403\/240307553_10219590099374098_7299170089147285288_n.jpg?_nc_cat=100&amp;ccb=1-5&amp;_nc_sid=730e14&amp;_nc_ohc=P8oN-LlIFv8AX8sCz_V&amp;_nc_ht=scontent.fosl3-1.fna&amp;oh=009001bbff12f8acc57eae9f488721f5&amp;oe=6122EF26\" alt=\"Kan v\u00e6re et bilde av 3 personer, folk som st\u00e5r og utend\u00f8rs\" \/><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag m\u00e5tte eg juksa litt, som Ingrid Espelid sa d\u00e5 ho henta fram ein ferdig rett fr\u00e5 kj\u00f8leskapet eller fr\u00e5 steikeomnen. Ho kunne ikkje vente til steiketida var over. Problemet mitt var at eg ikkje hadde publisert bloggen eg skreiv i g\u00e5r, eg hadde bare skrive den. Det oppdaga Reidun, ho lurte p\u00e5 kva &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/juksa-litt\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Juksa litt<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20663361","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663361"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20663361"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663361\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20663364,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663361\/revisions\/20663364"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20663361"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20663361"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20663361"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}