{"id":20663079,"date":"2021-05-09T23:56:10","date_gmt":"2021-05-09T21:56:10","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20663079"},"modified":"2021-05-10T20:06:41","modified_gmt":"2021-05-10T18:06:41","slug":"veteranbilgudsteneste","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/veteranbilgudsteneste\/","title":{"rendered":"Veteranbilgudsteneste"},"content":{"rendered":"<p>I dag hadde eg ein hyggeleg prat med <strong>Torbj\u00f8rn Greipsland<\/strong>. Han er fr\u00e5 Mandal og bur i Askim, men er heime kvar sommar. D\u00e5 reiser han og nokre venner p\u00e5 Veteranbilgudsteneste, og etter forespurnad fr\u00e5 veteranbilbladet Fj\u00e6rbladet. Det blei ogs\u00e5 trykt i \u00c5seral kyrkjeblad.<\/p>\n<p><strong>Den 16. juli f\u00f8rde alle vegar til \u00c5seral<\/strong><\/p>\n<p><em>Gudstenesta i \u00c5seral kyrkje for veteran-entusiastar er i seg sj\u00f8lv i ferd med \u00e5 bli ein veteran. Sundag 16. juli var veteranbilgudsteneste nr. &#8212;. Ikkje d\u00e5rleg. Og end\u00e5 betre, nok ein\u00a0 gong fullstappa kyrkje. Vanlegvis held det \u00e5 komme til kyrkja nokre minutt f\u00f8r kl.11. Men skal ein f\u00e5 ein\u00a0 god plass \u00e5 veteranbilgudstenesta, m\u00e5 ein vere tidleg ute.<\/em><\/p>\n<p><em>Men Elling Eikerapen som kyrkjevert fann plass ogs\u00e5 til dei som ikkje var s\u00e5 tidleg ute. Men det kom likevel godt med at det var sett ut benkar utanfor kyrkja.<\/em><\/p>\n<p><em>\u00c5 arrangere ei slik gudsteneste med plass til b\u00e5de alvor og skjemt, m\u00e5 vere sv\u00e6rt s\u00e5 hyggeleg. Ikkje minst set songen og musikken eit solid preg p\u00e5 samlinga.\u00a0 Siri Mari Aasland og mannskoret\u00a0 \u00abFrelste syndere\u00bb &#8211; sj\u00f8lvsagt med dame som pianospelar &#8211;\u00a0 utfylte kvarandre godt. Koret som v\u00e5gar \u00e5 ha ordet \u00absyndere\u00bb i namnet, la ikkje skjul p\u00e5 i den friske songen, at namnet f\u00e5r fram det dei vil formidle, nemleg at Jesus tilgjev syndene, for alle.<\/em><\/p>\n<p><em>Ogs\u00e5 organist Reidar Skaaland og Espen Egeland p\u00e5 trombone sette sitt markante preg p\u00e5 gudstenesta.\u00a0 D\u00e5 postludiet lydde, var det fleire som \u00f8nska \u00e5 h\u00f8yre end\u00e5 meir oppl\u00f8ftande musikk.<\/em><\/p>\n<p><em>Men ogs\u00e5 prest og veteranbileigar Anders Mathias Larsen har eit godt tak p\u00e5 gudstenesta.<\/em><\/p>\n<p><em>N\u00e5r preiketeksta var fr\u00e5 Lukas kapittel fem om disiplane som fekk s\u00e5 mykje fisk p\u00e5 Jesu ordre, s\u00e5 hadde Larsen sj\u00f8lv fiskehistorier \u00e5 fortelje. S\u00e5 vel som andre hendingar fr\u00e5 kvardagslivet for \u00e5 illustrere bibelteksta.\u00a0 Og tekstas viktige bodskap var at disiplane skulle ikkje fange fisk lenger, men fange menneske, det vil seie forkynne frelsesbodskapen om Jesus slik det ogs\u00e5 blei gjort i \u00c5seral kyrkje denne sundagen.<\/em><\/p>\n<p><em>Men fleire enn dei her nemnde var med og gjorde veteranbilgudstenesta til ei h\u00f8gtidsstund. Ikkje minst dei som laga velsmakande kaker. Utan tvil\u00a0 var det ingen andre gudstenester her i landet denne sundagen som kunne varte opp med s\u00e5 masse kaker ute i det fri.<\/em><\/p>\n<p><em>I gamle dagar hadde gudstenesta ein viktig funksjon som formidlar av nyheiter. Det skjedde ikkje minst p\u00e5 kyrkjebakken etter gudstenesta. Ogs\u00e5 denne sundagen gjekk praten livleg for seg om skinande, fine bilar av alle fasongar og fargar. \u00c5 \u2013 om bilane kunne ha tala!<\/em><\/p>\n<p><em>Om det blei noko kj\u00f8p og sal slik det hende i gamla dagar, veit eg ikkje.\u00a0 Men ei slik m\u00f8nstring av hestekrefter, ikkje minst amerikanske fr\u00e5 pr\u00e6rien, det h\u00f8ver godt i bygda \u00c5seral der mange emigrerte, og ein god del kom att med dollar og dollarglis\u00a0 som lyste lang veg.<\/em><\/p>\n<p><em>Ei av tekstene som blei lesen i kyrkja, var om Abraham som Gud kalla til \u00e5 dra fr\u00e5 Ur i Kaldea til landet som blei heitande Israel. Han hadde nok smilt i skjegget hadde han skj\u00f8na at 16. juli 2017, n\u00e6r fire tusen \u00e5r seinare, skulle folk sitje i \u00c5seral og h\u00f8yre historia om han. Men den h\u00f8ver jo godt, for Abraham er sanneleg ein veteran. Ogs\u00e5 dei kamelane han rei p\u00e5.\u00a0 Dei kan s\u00e5 menn samanliknast med dagens veteranbilar, i kvalitet og alder, anten det er i \u00f8rkensand for kamelane eller p\u00e5 asfalt opp gjennom dalen for bilane.<\/em><\/p>\n<p><em>Eg trur Abraham sette seg langt ute p\u00e5 himmelkanten denne sundagen for \u00e5 f\u00f8lgje med, sj\u00e5 p\u00e5 folk og bilar.<\/em><\/p>\n<p>Torbj\u00f8rn Greipsland vil nok dra p\u00e5 veteranbilgudsteneste i sommar ogs\u00e5 om det blir mogleg n\u00e5r alle er vaksinerte\u00a0 og koronaen slepper taket.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag hadde eg ein hyggeleg prat med Torbj\u00f8rn Greipsland. Han er fr\u00e5 Mandal og bur i Askim, men er heime kvar sommar. D\u00e5 reiser han og nokre venner p\u00e5 Veteranbilgudsteneste, og etter forespurnad fr\u00e5 veteranbilbladet Fj\u00e6rbladet. Det blei ogs\u00e5 trykt i \u00c5seral kyrkjeblad. Den 16. juli f\u00f8rde alle vegar til \u00c5seral Gudstenesta i \u00c5seral &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/veteranbilgudsteneste\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Veteranbilgudsteneste<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20663079","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663079"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20663079"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663079\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20663083,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20663079\/revisions\/20663083"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20663079"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20663079"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20663079"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}