{"id":20662905,"date":"2021-02-21T23:56:51","date_gmt":"2021-02-21T22:56:51","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20662905"},"modified":"2021-02-21T23:56:51","modified_gmt":"2021-02-21T22:56:51","slug":"konkurransar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/konkurransar\/","title":{"rendered":"Konkurransar"},"content":{"rendered":"<p>Etter denne veka reiser skiskyttarane fr\u00e5 Norge heim med mange medaljar fr\u00e5 konkurransane i Pokljuka, Slovenia. P\u00e5 Wikipedia har dei ein konkurranse kvar m\u00e5nad, og denne m\u00e5naden er det kyrkjer som er tema. Her treng ein ikkje reise for \u00e5 vere med, kvar og ein kan sitje ved datamaskinen sin heime og delta.<\/p>\n<p>Eg sette opp denne konkurransen og tenkte at Kirker, som det heiter p\u00e5 bokm\u00e5ls-Wikipedia, kunne vere eit enktel tema. Men det er ikkje blitt s\u00e5 mange nye artiklar, til no er det bare kome 7 nye artiklar. Men det er gjort sm\u00e5 redigeringar p\u00e5 mange artiklar, og det m\u00e5 ogs\u00e5 reknast med n\u00e5r ein vinnar skal k\u00e5rast. I konkurransen f\u00e5r deltakarane poeng etter kor mykje dei tilf\u00f8rer av tekst, s\u00e5 den som skriv mykje, kan f\u00e5 mange poeng.<\/p>\n<p>\u00c5 delta i ein slik konkurranse kan verke motiverande. Nokon ser det som blir gjort og det blir lagt til poeng. Wikipedia er globalt, s\u00e5 det er nok mange tusen kyrkjer som end\u00e5 ikkje har f\u00e5tt artiklar, for kyrkjer finn ein mange stader, ofte fleire kyrkjer i same by. N\u00e5r ein er turist, er det ofte kyrkjer som vert bes\u00f8kte. I mange land st\u00e5r dei opne og folk kan g\u00e5 inn, sj\u00e5 p\u00e5 kunsten eller ha ei stille stund, eller kanskje begge deler.<\/p>\n<p>I Setesdal hadde vi vegkyrkje i nokre \u00e5r i Hylestad kyrkje. Mange utlendingar stoppa og var takknemlege for \u00e5 kunne f\u00e5 sj\u00e5 inn i ei vanleg landsens kyrkje. Vi serverte kaffe og vaflar og ofte kunne vi f\u00e5 ein hyggeleg prat f\u00f8r turistane drog vidare. Om det f\u00f8rte til fleire artiklar om Hylestad kyrkje rundt om i verda, er nok tvilsamt.<\/p>\n<p>Etter det eg skj\u00f8ner er Hylestad kyrkje no heilt stengd, det er ikkje gudstenester der, bare gravferder. D\u00e5 kan 50 vere med. Gudstenester med 10 deltakarar kunne det nok greitt vore plass til i kyrkja, ja sikkert ogs\u00e5 med 50 om det var oppmerka plassar. Men pandemien har sett ein stopp. Den nyttar det visst ikkje \u00e5 konkurrere mot.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter denne veka reiser skiskyttarane fr\u00e5 Norge heim med mange medaljar fr\u00e5 konkurransane i Pokljuka, Slovenia. P\u00e5 Wikipedia har dei ein konkurranse kvar m\u00e5nad, og denne m\u00e5naden er det kyrkjer som er tema. Her treng ein ikkje reise for \u00e5 vere med, kvar og ein kan sitje ved datamaskinen sin heime og delta. Eg sette &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/konkurransar\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Konkurransar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20662905","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662905"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20662905"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662905\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20662906,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662905\/revisions\/20662906"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20662905"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20662905"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20662905"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}