{"id":20662476,"date":"2020-09-19T23:52:16","date_gmt":"2020-09-19T21:52:16","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20662476"},"modified":"2020-09-19T23:52:16","modified_gmt":"2020-09-19T21:52:16","slug":"tyttebaer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tyttebaer\/","title":{"rendered":"Tytteb\u00e6r"},"content":{"rendered":"<p>Det bugnar av tytteb\u00e6r i skogen. D\u00e5 Jorunn, s\u00f8ster mi var austover sist veke, tok ho og ei venninne der borte ein tur i skogen og kom heim att med seks liter som ho heldt p\u00e5 \u00e5 lage syltet\u00f8y av d\u00e5 eg ringde til henne i kveld.<\/p>\n<p>Det var visst nokre dagar sidan sist, for vi heldt p\u00e5 ein heil time og l\u00f8yste store og sm\u00e5 problem som vi ikkje har nokon innverknad p\u00e5, men som vi har mange meiningar om. Dei skal eg ikkje seie noko om her, vi minna kvarandre om at n\u00e5r det kom opp ein ulagleg diskusjon heime, valde far \u00e5 g\u00e5 ut. Men vi var i grunnen ikkje i tvil om kva han meinte likevel.<\/p>\n<p>Eg m\u00e5tte jo fortelje om den gode eplekaka me hadde til kaffe i dag. Men vaniljekrem til fyll og iskrem att\u00e5t. Ho hadde nok litt lyst \u00e5 kome innom i morgon og f\u00e5 ein smak, men s\u00e5 skulle ho spele i Spind om kvelden, s\u00e5 det rakk dei nok ikkje.<\/p>\n<p>For Jorunn er vikarorganist rundt om. Det er med organistar som med prestar, dei g\u00e5r inn i vikarkorpset n\u00e5r dei blir pensjonistar, om dei d\u00e5 er s\u00e5 oppeg\u00e5ande at dei kan det. Og Jorunn er oppeg\u00e5ande, ingen tvil om det. Ho har meiningar om det meste.<\/p>\n<p>P\u00e5 turen austover hadde dei f\u00e5tt med seg ein konsert med Sigbj\u00f8rn H\u00f8lmebakk i Templet til Frelsesarmeen i Oslo. Ho var imponert b\u00e5de over konserten og Templet, noko eg godt kan forst\u00e5, for H\u00f8lmebakk er ein songar med b\u00e5de humor og kvalitet, forkynning og livsglede i bodskapen sin.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv har eg i dag fullf\u00f8rt lista over komponistar i Norsk salmebok 2013 p\u00e5 Wikipedia. Det vart ein del raude lenker, men eg trur nok ikkje eg kjem til \u00e5 skrive om desse komponistane.<\/p>\n<p>Setesdalswiki har f\u00e5tt kvile i dag, Eg tok fram ei bok og sette meg til \u00e5 lese. Det skal eg gjere oftare. Kan hende det blir nokre artiklar av det eg les, i alle fall blir det sikkert noko p\u00e5 bloggen om eg finn det nyttig.<\/p>\n<p>Her i huset vart det ikkje tytteb\u00e6r, men eplekake og is. Naboen har stor fest i kveld, feirar 50-\u00e5rsdag. Vi feirar kvar dag vi f\u00e5r leve, men v\u00e5r fest var nok av det mindre slaget.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/scontent.fosl3-1.fna.fbcdn.net\/v\/t1.0-9\/119937605_10217543096720311_7027992335720526985_o.jpg?_nc_cat=108&amp;_nc_sid=730e14&amp;_nc_ohc=_4cJf31uka0AX-jAUpH&amp;_nc_ht=scontent.fosl3-1.fna&amp;oh=279bac6a468171618b919aee181916ad&amp;oe=5F8A5B45\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det bugnar av tytteb\u00e6r i skogen. D\u00e5 Jorunn, s\u00f8ster mi var austover sist veke, tok ho og ei venninne der borte ein tur i skogen og kom heim att med seks liter som ho heldt p\u00e5 \u00e5 lage syltet\u00f8y av d\u00e5 eg ringde til henne i kveld. Det var visst nokre dagar sidan sist, for &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tyttebaer\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Tytteb\u00e6r<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20662476","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662476"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20662476"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662476\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20662477,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662476\/revisions\/20662477"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20662476"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20662476"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20662476"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}